Forfatter arkiv

Bærekraftig mjølkeproduksjon

Av Åse

Vi fekk mykje interessant informasjon på møtet i Oslo 19.mars der forskarane i prosjektet «Er intensiveringen i norsk mjølkeproduksjon bærekraftig ?» la fram resultata, med påfylgjande politisk debatt. Eg vil oppfordre alle som ikkje var så heldige å vera i Oslo til å finne kaffekoppen, gå inn på www.fk.no og høyre paneldebatten i «live»-opptak og sjå gjennom plansjene som vart vist på fagmøtet. Her kjem likevel litt av det eg sit att med etter møtet.

I prosjektet tok forskarane utgangspunkt i Landbruks- og matmeldinga (St.mld. 9), med fylgjande ordlyd: Den landbaserte matproduksjonen økes i takt med befolkningsveksten   (+20 % mot 2030). Folketalet i Norge er venta å bli 5,9 mill. i 2030. Forskarane studerte behovet for spesialisert kjøttproduksjon (antal ammekyr), behovet for grovfôr og korn i Norge, arealbehov og utslepp av klimagassar i nokre ulike scenario:Scenario Bærekraftig mjølk

1500 mill. liter mjølk betyr redusert forbruk per innbyggjar ifht. til nå, medan 1770 mill.liter tilsvarar fortsatt 300 liter/innbyggjar. Vi et 18,6 kg storfekjøtt kvar oss nå, og med konstant forbruk treng vi 110.000 tonn i 2030. Nå produserer vi berre rundt 78.000 tonn, medan forbruket er ca. 95.000 tonn. Det pessimistiske scenariet D vart ikkje presentert.

Avdråtten hjå norske mjølkekyr er 7600 kg/årsku nå, og aukar med 2 % per år. Vidareføring i same takt betyr at kyrne vil vi vera på rundt 10.700 kg mjølk i middel i 2030. I så fall må talet på mjølkekyr ned med cirka 1/3 (- 72.000 kyr) fram mot 2030. Oppsummert blir iflg. forskarane konsekvensane slik:   Auka forbruk av kraftfôr, auka behov for import av protein (soya), mindre arealbehov til grovfôrdyrking. Altså lågare reell sjølvforsyning. Vidare vil det gje vesentleg mindre kjøtt frå mjølkeproduksjonen, og auka behov for ammekyr eller auka kjøttimport – båe delar gjev negativ miljøeffekt. Klimagass-utsleppa er ca. 50 % høgare per kg kjøtt i spesialisert enn i kombinert kjøttproduksjon. Kyr på beite, Tr.lag

B-alternativa vil gje meir moderate utslag enn scenario A med 2 % avdråttsauke. Scenario C – med krav om 60 % grovfôr i rasjonen og 85 % norsk råvare i kraftfôret – vil gje ein sannsynleg avdrått på 6500 kg / årsku. Slik drift vil gje god balanse mellom mjølk og storfekjøtt, og nåverande antal ammekyr vil vera høgt nok. Dersom ein legg sjølvforsyningsgraden til grunn for begrepet «bærekraftig» er dette beste alternativ. Men det skal mykje politisk styring og vilje til for at scenario C skal bli realitet..

Slik eg tolka forskarane hadde dei fylgjande klare meldingar til politkarar og faglag:

  • Korn-areala er flaskehalsen i ALLE scenario
  • Stor mangel på protein-råvarer uansett, og klimaet set stramme grenser for dyrking av proteinvekster i Norge. «Foods of Norway»-prosjektet for å skaffe alternative proteinkjelder frå skog og hav kan bidra etterkvart.
  • Mjølkeytelse og utnytting av grovfôr-ressursane heng nøye saman, og påvirkar sjølvforsyninga sterkt. Vi har ingen matjord å miste.
  • Klimabelastninga aukar dersom ein mindre del av storfekjøttet kjem frå kombinert mjølk/kjøtt og meir frå spesialisert kjøttproduksjon.

Ut frå paneldebatten å dømme var politikarane svært enige om fortsatt kanaliserings-politikk / behov for å styrke korn-økonomien. Og at jordvern er viktig. Høyr sjølv på opptaket.

Dette vart langt. Enda har eg att nokre gullkorn som kom i foredraga, men det får heller vente til eit anna innlegg på bloggen. Og det meste står i plansjene døkk finn på fk.no.

 

mars 26, 2015 at 9:29 am 1 kommentar

Er intensiveringen i mjølkeproduksjonen bærekraftig?

Av Åse

NRF

Dette er temaet på eit stort fagmøte med politisk paneldebatt i Oslo 19.mars, som Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap på NMBU, NILF, TINE, Geno, NFK og Nortura inviterer til. Interessa for temaet både hjå rådgjevarar, bønder, forskarar og politikarar er tydelegvis stor. Møtet har plass til 200 deltakarar og dette er fullteikna, med venteliste i tillegg. Eg er av dei heldige som skal dit.

I fagmøtet vil forskarane i prosjektet «Strategier i mjølk- og kjøttproduksjonen på storfe» legge fram resultat av studiane om konsekvenser av fortsatt auke i mjølkeytelsen hjå kyrne. I invitasjonen til fagmøtet er dette oppsummert slik:

  1. Økt forbruk av kraftfôr, og følgelig økt arealbehov til korndyrking
  2. Sterk økning i importbehov av proteinkraftfôr (soya) og mindre behov for areal til grovfôrdyrking med totaleffekt: Betydelig økt avhengighet av jordbruksarealer på andre kontinenter for nasjonal matproduksjon
  3. Redusert evne til å øke mjølkeproduksjonen i takt med befolkningsøkningen på en bærekraftig måte
  4. Vesentlig mindre kjøtt fra mjølkekupopulasjonen, og betydelig økt importbehov av storfekjøtt hvis ikke antall ammekyr øker raskt
  5. Negative miljøeffekter

Ut frå programmet å døme blir det fokus både på fôrressursar, klimagassar og andre miljøeffekter, økonomiske konsekvensar og sjølvsagt vegen vidare for norsk mjølkeproduksjon.

Som TINE-rådgjevar er hovudfokus å bidra til optimalisering av drifta med tanke på best mogleg økonomi for den enkelte bonde. Politikarane har ansvaret for å utforme virkemiddelbruken slik at bondens rammevilkår stimulerer til å drive garden på ein bærekraftig måte ut frå samfunnsøkonomisk og miljømessig vurdering. Ser dei alle samanhengane ? Auka avdrått og reduseret kutal gjer at vi er nede på rundt 75 % norskprodusert storfekjøtt nå. Dette samsvarar dårleg med Landbruks- og matmeldinga, som bl.a. slår fast at matproduksjon skal aukast i takt med befolkningsveksten. Harald Volden har berekna at 84 % av mjølka vår blir produert på norsk fôr (grovfôret pluss 63 % norskproduserte råvarer i kraftfôret). Er dette for lågt ?

KK-data intensiv mjølkeprod

Utbygging av fjøs dreier seg nå mest om robotfjøs, og dei fleste ynskjer naturleg nok å utnytte kapaisteten til roboten. Dermed vil ein stadig større del av norske kyr vera i buskapar med 60-70 kyr. Sidan det også er relativt enkelt å skaffe seg meire kvote, vil mange mjølkebønder finne det lønsamt å satse på høg avdrått. Og vi greier tydelegvis å fôre så godt at avdråtten aukar fort, jfr. figuren med tal frå Kukontrollen dei siste 10 åra. Dermed treng Norge færre mjølkekyr enn før sjølv om vi har ei stabil totalmengde på rundt 1500 mill. liter per år. Og dermed blir det færre kalvar til kjøttproduksjon.

Kva er eigentleg det idêelle avdråttsnivået i Norge ? Dette fagmøtet blir forhåpentlegvis lærerikt både for politikarane og alle andre som har fått plass.

mars 15, 2015 at 8:36 am 8 kommentarer

Sommar-tankar

Av Åse

Eg sit på kontoret og ser ut på Vågå-bygda.  Fyrsteslåtten er ferdig her i «nedre etasje», men det er for tidleg enda på dei høgstliggjande gardane (ligg på ca. 800 m.o.h) og sjølvsagt for fjellslåtten.  Innhaustingsforholda har så langt vore gode – ingen problem med regn i år ! Ulempen er at det nå er knusktørt. Langtidsvarselet tilseier dessverre at det vil fortsetja slik lenge enda.  Her i Ottadalen er riktignok ordtaket at «skaffar Vårherre sol,skal oss sjølve skaffe væta». Mange har heldigvis vatning, men det hjelper berre så lenge ikkje vasskjeldene er uttørka.

Ellers er  inntrykket at avlingane på fyrsteslåtten er svært gode på Vestlandet i år, og også minst middels i resten av landet.  For Troms og Finnmark og fjellregionen er det for tidleg å seia noko om det enda.

Dei fleste bøndene som ringer til meg nå om dagen spør om kvoteordninga for mjølk. Jordbruksoppgjøret som vart behandla i Stortinget 17. juni førte med seg nokre endringar i kvotereglane. Ingen informasjon er hittil lagt ut på heimesida til SLF, så det er vanskeleg å få greie på regelverket.  Alle som skal gjera endringar som f.eks. å leige eller kjøpe meir kvote må hugse på at frista i år er to månader tidlegare enn før for kubønder, dvs. 1. august. Nokre har «gamle» 5-års kontrakter på kvoteleige som går ut frå 1/1-15.  I så fall er det viktig å sørge for fornya avtale dersom leiga skal kunne fortsetja uavbrote.   Kvoter er kanskje eit «upassande» tema på ein fôringsblogg.  Men med riktig fôring blir det mykje mjølk, og da er det viktig at nødvendig kvote er sikra – så sant det er mogleg å skaffe til fornuftig pris 🙂

Kyr på beite, Tr.lagMed sommaren og beitesesong kjem det alltid også nokre spørsmål om unormale frysepunkt i mjølka. Erfaring viser at det er svært viktig med god vasstilgang på beite. Utan det vil kyrne drikke veldig mykje når dei kjem inn for mjølking. Og viss mjølkinga da blir gjort stutt tid etter drikkinga, er sjansa stor for at frysepunktet blir høgt.

Med dette vil eg ynskje alle lesarar av bloggen ein fortsatt fin sommar – med passe mykje regn og sol !

 

juni 25, 2014 at 8:44 am Legg igjen en kommentar

AAT-boost til nykalvere

Av Jon Kristian Sommerseth

På Dansk Kvegkongress i slutten av februar var det et foredrag om AAT-boost til nykalvere, der de presenterte noen resultater fra kontrollerte forsøk ved Aarhus Universitet – Foulum og Kvægbrugets Forsøgscenter (KFC) (Larsen, M., Kristensen, N.B. & Weisbjerg, M.R., 2014). I dette blogginnlegget vil jeg kort oppsummere resultatene fra forsøket på Foulum, da resultatene fra KFC ikke er ferdigbehandlet enda. Nederst finner du også en lenke til presentasjonene fra dette forsøket, i tillegg til en presentasjon fra en utprøving i fire AMS-besetninger.

Kyrnes produksjon rett etter kalving begrenses tilsynelatende av proteinforsyningen, da danskene observerte store ytelsesmessige responser ved økt proteintildeling. Dette kan tyde på at høyere proteinforsyning de første ukene etter kalving setter kyrne bedre i stand til å utnytte sitt genetiske potensial for melkeproduksjon. Det er verdt å merke seg at kyrne ikke hadde høyere fôropptak ved AAT-behandlingene, og det kreves derfor videre undersøkelser for å finne ut av hvor kyrne henter energien til den ekstra produksjonen fra.Bilde

I tillegg til økt utnytting av ekstra AAT til melk var det også tegn til en forbedret evne til å opprettholde normale kroppsfunksjoner, samt bedre immunforsvar og produksjon av plasmaproteinet albumin som er viktig for å transportere ulike stoffer i blodet. Generell helsetilstand og velferd blir i stor grad avgjort de første ukene etter kalving, der ca 90 % av sykdomstilfellene inntreffer. Negativ energibalanse som følge av mobilisering av kroppsreserver blir ofte nevnt som primær risikofaktor for dette, men danskene mener at resultatene tyder på at betydningen av negativ proteinbalanse har vært undervurdert.

 

I forsøket på Foulum fikk fire 2. kalvskyr tilført ekstra AAT ved innpumping av kasein til løpen via en vomfistel. De fikk halv dose på kalvingsdagen, full dose på dag 2-3 og deretter nedtrapping mot dag 29. Fire andre kyr (kontrollgruppe) fikk kaseinet erstattet med vann. Alle kyr fikk samme fôrrasjon både i sinperioden og etter kalving. Melkekurasjonen var basert på maisensilasje, kløvergrasensilasje og sodahvete.

 

Som tidligere nevnt påvirket ikke den ekstra AAT-forsyningen tørrstoffopptaket etter kalving, men likevel steg melkeytelsen kraftigere umiddelbart etter kalving ved AAT-behandlingen enn ved kontrollbehandlingen. Forskjellen i ytelse var oppe i ca 7 kg melk pr dag etter 3-4 dager, og dette holdt seg i store trekk fram til forsøket ble avsluttet 29 dager etter kalving da AAT-forsyningen var lik mellom de to gruppene (Figur 1). Proteinytelsen var markant større dag 4 etter kalving ved ekstra AAT-tilførsel, men etter 29 dager var forskjellen utlignet (Figur 1). Proteinytelsen på dag 4 etter kalving tilsvarer en utnyttelse på ca 60 % av ekstra tilført AAT, som er meget høyt sammenlignet med 20 % utnyttelse som er vanlig senere i laktasjonen.

 Bilde

Mer fra dette forsøket, og resultater fra utprøving i AMS-besetninger kan du lese om her.

april 8, 2014 at 7:47 am 2 kommentarer

Kalven treng meir enn mjølk

Av Åse

I to tidlegare blogg-innlegg har vi skrivi om betydning av råmjølka, og om mjølkefôringa vidare. Kalven skal utvikle seg til å bli ein drøvtyggar.  På ein nyfødt kalv utgjer vomma rundt 7 % av samla magevolum, og i ein vakse drøvdyggar knapt 70 %.

Utviklinga av drøvtyggarfunksjonen blir stimulert av at kalven et kraftfôr og høy.  Derfor skal dei ha tilgang på dette alt frå ei vekes alder.  Det er viktig at tilvenjinga til å eta kraftfôr skjer tidleg.  Mjølkefôringa kan avsluttast når kalvane tek opp ca. 1 kilo kraftfôr per dag.  Både tankmjølk og mjølkeerstatning er mykje dyrare fôrmiddel enn kraftfôr.  I tabellen  er eksempel på prisar.

Tabell kalv_Åse

Tankmjølka er berre eit billig fôrmiddel  når den ellers vil blitt levert som overproduksjonsmjølk. Forutsatt 5,00 kr/liter i utgangspunktet her også og 3,20 kr/liter i fråtrekk  for leveranse over kvote, blir verdien av overproduksjonsmjølk levert til meieri berre 7,92 kr/FEm.

Kraftfôret stimulerer vomutviklinga, slik bilde-serien nedanfor viser.  Ved tidleg avslutning av mjølkefôringa, bør ein bruke spesielt kalvekraftfôr.  Dette har betre proteinkvalitet, betre smakelegheit og tilpassa pelletsstruktur for dei yngste kalvane.  Dermed vil dei fortare lære seg å eta kraftfôr.  Samtidig er det viktig at dei har god tilgang på vatn; det vil styrke interessa for å eta kraftfôr.  Overdriv ikkje mjølkemengdene.  Da vil kalven bli mett av mjølka og bry seg mindre om andre fôrmiddel.   Mange erfarer at gruppe-oppstalling stimulerer kraftfôropptaket, og sjølvsagt at kraftfôret er ferskt og reint.  Gje derfor lite om gongen, eller bruk kraftfôrflaske.

Utvikling vom kalv

Kalvane skal også ha grovfôr frå dei er ei veke gamle; det må vera godt surfôr eller høy.  Seint slått grovfôr er ikkje egna til småkalvane !

Korleis kontrollere at kalvane dine får ein god start ?

Mykje er lett å bedømme ut frå trivselen dei viser.  Kalvar som er matte i hårlaget og har lang pels under buken tilseier dårleg start.  Ved diarê, luftvegsinfeksjonar og leddbetennelse taper dei seg fort. Brystmåling av kalvane vil gje ein god peikepinn på oppdrettet.  Målingar utplukka frå Kukontrollen i åra 2009-2013 viste at oksekalvane i middel var 105 cm ved 3 månaders alder, og 130 cm ½ år gamle. Kukalvane var hhv. 3  og 5 cm mindre i brystmål på same alder.  Sjå brystmål-kurvene i  Buskap-artikkel i nr. 7/2013 «Å lykkes med kalvefôringa».

For nokre dagar sidan var eg på gardsbesøk i samband med driftsplanlegging.  Der var kalvane veldig pene, og slaktedata på oksar dei to siste åra viser 605 g slaktetilvekst/dag i middel (rein NRF).   Her fekk kalvane suge mora i ca. 2 veker, så det forsvinn noko potensiell tankmjølk.  Men det viser at god start er viktig ! Korleis gjer andre med liknande tilvekst på oksane det ?  Håpar mange vil dele kunnskap og erfaringar her på bloggen ! Norsk middel er ca. 520 g slaktetilvekst/dag.

januar 23, 2014 at 11:06 am 10 kommentarer

Vitsen med å ta grovfôranalyser

Av Åse
Grovfôranalyse-uttak
Ein kollega viste meg nokre grovfôranalyser på ein gard. Alle fire er frå det same jordet; ei analyse av kvar slått både i 2012 og i 2013. Garden ligg på rundt 750 meter over havet, og bonden tek altså to slåttar. Her er analysene;
Den fyrste er av 2.slåtten i 2013, hausta 12. september.
Den andre er av 2.slåtten i 2013, hausta 15. september.
Den tredje er av 1.slåtten i 2013, hausta 10. juli.
Den fjerde er av 1.slåtten i 2012, hausta 13. juli.
Fôranalyser M.O.Brennsletten

Kven ville ha tippa at det kunne bli så stor skilnad mellom 1.slåtten dei to åra ? Riktignok var det ein veldig kald forsommar i 2013 i høve til året før, men likevel…. Det hadde ikkje vore til mykje nytte å tippe at årets 1.slått ville vera omtrent som fjorårets 1.slått akkurat. For moro skuld har eg berekna kraftfôrbehov (brukt same type) for ei 600 kilos eldre ku som mjølkar 35 kg EKM og er 7 veker etter kalving med dei fire surfôrkvalitetane. Det vart slik:Kraftfôrbehov M.O.Brennsletten
Utan analyser trur eg dei fleste set opp kraftfôrlista ut frå ein nokonlunde middels tippa kvalitet. Til ein viss grad er det nok mogleg å bedømme næringsinnhaldet ut frå bladmasse kontra stive stenglar, men eg trur verken bonde eller rådgjevar ville greidd å «»tippe» så ulikt grovfôr på dei to slåttane i 2012. Utan fôranalysene som grunnlag ville det fort enda opp med låg avdrått og ketose hjå nybære kyr ved bruk av fyrsteslått-ballar, medan kyrne ville fått unødig mykje kraftfôr i kombinasjon med andreslåtten.
2012-prøvene ville heller ikkje vore nokor god rettesnor for å setja opp fôrplanane når 2013-ballane skal brukast. Med omtrent same haustedatoar var fyrsteslåtten dette året vesentleg betre, og andreslåtten litt andre vegen. Dette stemmer godt med vêret dei to åra.
Av og til har eg notert kva eg trur både om energi- og protein-innhald og kanskje gjæringskvalitet når eg tek ut grovfôrprøver. Men dette har ikkje vist seg å vera noko særleg å stole på… Eurofins i Moss (eitt av grovfôrlaboratoria) meldte nyleg om dagsrekord i antal prøver per dag, så det ser ut til at stadig fleire vil tilpasse kraftfôret – både mengde og type – så riktig som mogleg. Det lønner seg.

november 1, 2013 at 8:42 pm Legg igjen en kommentar

Frysepunkt og fôring

Av Åse

Av og til opplever vi at bønder får eit sterkt avvikande frysepunkt i forhold til normalnivået for buskapen. Nyleg vart eg kontakta av ein som hadde fått -0,510 i frysepunkt, mot normalt -0,526 – – 0,531. I tillegg var laktose nede på 4,51 % , medan han vanlegvis har 4,7-4,8 % på det. Både fett-% og protein-% var normale. Kyrne gjekk på beite av 2 og 3 års eng av kløver/timotei etter 2.slåtten, og vart fôra inne på kveld/natt med litt for seint hausta 1. slått. Bonden var sikker på at det ikkje dreia seg om teknisk feil og vassinnblanding i mjølka. Analyse-resultata fortel eigentleg det same. Med vatn i mjølka skulle også fett- og protein-% vorte redusert.

Eg sendte bonden ein e-post med fem punkt om moglege fôringsmessige årsakar til for høgt frysepunkt i mjølka, og han beit seg merke i eitt av dei, om drikkevatn: Dersom kyrne har lite tilgang til vatn ute på beitet, og dermed drikk veldig mykje når dei kjem inn og blir mjølka rett etterpå, vil det gje høgt frysepunkt.

Bonden hadde vatn ute på alle dei andre beita sine enn dette, og han hadde lagt merke til at kyrne drakk mykje når dei kom inn for mjølking. Da eg prata med han var beitet oppbrukt og kyrne flytta til anna areal, og han hadde bestilt ekstraprøve. Vi vart enige om at viss denne var OK på frysepunkt, så kunne vi gå ut frå at årsaken virkeleg var det store vass-inntaket like før mjølking. Prøvesvaret viste -0,562 i frysepunkt og 4,69 % laktose, så det stemte godt. Neste sommar blir det nok ordna med vatn ute på dette beite-arealet på garden.

Er det andre som har erfart liknande ? Eller andre erfaringar med vellykka tiltak når høgt frysepunkt ikkje kunne tilskrivast teknisk feil som gav vassinnblanding ?

 

september 27, 2013 at 8:55 am 4 kommentarer

Ammoniakkhalm – billig eller dyrt å kjøpe ?

Av Åse

BildeI og omkring korn-områda får vi ofte spørsmål om det lønner seg å kjøpe ammoiakkbehandla halm framfor grasrundballar.  Fôrverdien er (som regel) vesentleg høgare i surfôr enn i halmen.  Her prøver eg meg på ei samanlikning – kva kostar energien i fôret ? 

I eksemplet reknar eg med at pressing, pakking i pølser og ammoniakkbehandlinga kostar 200 kr pr halmball, og at dei veg 220 kg og har 86 % tørrstoff.  Tørrstoff-innhaldet vil variere litt i halm også, men ikkje på langt nær så mykje som i grasballar.  Seljaren vil vel gjerne også ha litt betaling for sjølve halmen – eg legg på 30 kr pr ball for dette.  Iflg. NorFor fôrmiddeltabell er det 3,72 MJ (0,53 FEm) pr kg tørrstoff i halmen.  Det gamle FEm-systemet rekna høgare verdi. 

Til samanlikning brukar eg grasrundballar – utan analyse ! – og seljaren forlanger 350 kr pr ball for dei.  Kva med fraktkostnaden ?  Eg tippar at prisen blir den same pr ball; det går vel ca. 40 ballar på eit vogntog utan at lasset blir for tungt. I eksemplet reknar eg 120 kr / ball i frakt.  Dess dyrare frakt, dess dårlegare kjem halmen ut i samanlikninga.

Av tabellen går det fram kor mykje energi målt i FEm det sannsynlegvis vil vera i halmballen og i grasballar med ulik tørrstoff-prosent. Til dette har eg brukt TINE’s «Prissystem grovfôr», og har rekna at rundballane er 1,20 m breie og 1,20 m i diameter. Vi har formlar som fortel kor mykje fôr vi kan forvente i ballane avhengig av tørrstoff-prosenten.  Vidare reknar eg med at det er 6 MJ (0,85 FEm) pr kg tørrstoff i grasballane.

 

NH3-halm

Grasrundball, 350 kr / stk

Tørrstoff-%

86

20

25

30

35

FEm/ball

100

127

151

173

194

Kr/FEm

3,50

3,70

3,11

2,72

2,42

 Med desse vilkåra vil NH3-halmen bli billegare pr FEm berre samanlikna med dei aller våtaste rundballane.  Halmen inneheld berre ca. 88 gram råprotein pr kg tørrstoff, medan det vanlegvis er rundt 120 – 180 gram i grasballar.  Vi kan altså risikere å måtte gje ekstra tilskott av proteinkraftfôr ved bruk av mykje halm, og det er dyrt.

Det ser stort sett ut til å vera billegast og best å kjøpe grasballar.  Men viss det ikkje er å få kjøpt i nærområdet kan halm absolutt vera eit alternativ.  I enkelte fôrings-situasjonar er halmen også svært nyttig for å balansere fôrrasjonen og sikre vommiljøet.  Ved grovfôr-mangel er det aktuelt å auke kraftfôrmengda til dyra mykje.  Det kan føre til strukturmangel i rasjonen, og da er halm svært effektivt å rette opp dette med.  Dersom vi har grassurfôr med høgt protein-innhald og slit med høge ureaverdier i mjølka, vil litt halm i rasjonen rette på dette.  Og til sinkyr og drektige kviger vil bruk av noko halm gjera at dei får «trening» i å ta opp store grovfôrvolum utan å bli for feite.  Vi får uansett håpe at kornbøndene bergar nok halm til å dekke etterspørselen i vinter. I delar av landet er det dårlege avlingar i år.

Så kan det hende at eg bommar fælt på prisnivå, særleg på halmen som eg har lite erfaring med.  Kva er eigentleg vanleg marknadspris nå ? 

september 2, 2013 at 8:06 am 7 kommentarer

Mjølk – godt både for kalvar og folk .

BildeAv Åse

I ein eller annan debatt for nokre år sidan sa ein politikar at «melk er for kalver».  Ho meinte at folk godt kunne greie seg utan mjølk.  Det siste er er eg ikkje enig i, men kumjølka er sjølvsagt sunn for kalvane også.  I førre blogg-sak skreiv eg om den fyrste viktige råmjølka. Kva så med mjølkefôringa vidare ? 

Dei fyrste 10 måla frå kua skal uansett ikkje på gardstanken.  Innhaldet er fortsatt «råmjølk», sjølv om den blir meir lik «vanleg» mjølk etter kvart.  Råmjølka er næringsrik og viktig å ta  vare på, og fyrst og fremst bruke til dei yngste kalvane.  Ved å syrne mjølka kan vi fôre av den i fleire dagar = god start for spekalvane.  Bruk søt mjølk dei tre fyrste dagane, deretter gradvis overgang til syrna mjølk.  Dei fleste kalvane tek overgangen fra søt til sur mjølk fint, og dei fordøyer den sure betre og blir meir robuste mot diarê.  Kalvane bør helst få mange mindre porsjonar mjølk pr. døgn, men utan automatfôring kan dei greie seg med 2 tildelingar av 2 – 2,5 liter per gong, avhengig av kor stor kalven er.  Det er iallfall ikkje verdt å vera «snill» og gje dei store mengder om gongen – da blir det overfylling i løpen og sjuke kalvar.   

Så må vi velja om kalvane skal få «tankmjølk» heile mjølkefôringsperioda, eller om dei skal over på mjølkeerstatning etter kvart (ikkje aktuelt i økologisk drift).  Ein god kollega i Nortura seier at kvar kalv SKAL ha minst 100 liter råmjølk + tankmjølk.  Mange kyr gjev om lag denne mengda i løpet av dei 10 fyrste måla,  så kvotefyllinga blir lite påvirka av eit slikt «krav».    Med  5-6 liter per dag i middel i 8 veker går det med 280 – 340 liter mjølk.  Mjølke-erstatningane er mindre energirike enn heilmjølka, så det trengs litt større dagleg mengde for å kunne forvente lik tilvekst.  Kanskje greier også kalvane å ta att noko ved å eta meir kraftfôr ?   Det er også mange ulike mjølkeerstatningar å velja mellom, så det er viktig å fylgje «oppskrifta» på sekken for å få riktig styrke på blandinga.

Evt. mjølkeerstatning bør også  vera syrna, og hugs gradvis overgang.  Nokre bønder fortel om dårleg erfaring ved bruk av mjølkeerstatning, medan mange seier at det  går heilt fint berre ein er nøye med syrninga, blandingsforholdet mellom pulver og vatn og ikkje går over før kalvane er rundt tre veker gamle.

Det er mange meiningar om riktig kalvefôring, og eg håpar mange vil dele erfaringar her på bloggen.  Noko av det viktigaste er uansett å gje kalvane eit godt miljø, sjå godt på dei under kvart fjøsstell og setja inn tiltak med ein gong viss det er slappe kalvar.

 

august 25, 2013 at 7:44 pm 7 kommentarer

Kalvefôring – råmjølka er avgjerande for god start.

Av Åse

Ein av blogg-lesarane våre etterlyste stoff om kalvefôring på bloggen, og det er nok eit forsømt tema her.  Så da vil eg prøve å rette litt på det. …   Kor fine kalvar vi får til er avhengig både av miljøet, smittepresset, fôringa og immunforsvaret deira.  Det siste er sterkt avhengig av råmjølka kalvane får.

Den nyfødte kalven har det best saman med mora dei fyrste timane slik at ho får sleike han rein og tørr. Ikkje alle kalvar greier å finne fram til spenene og skaffe seg råmjølk ved eigen hjelp.  Derfor må vi fylgje med og evt. mjølke kua og gje kalven av flaske – helst 2 liter innan 2 timar etter fødsel.  I tillegg er det lurt å dyppe navlestrengen i ei jod-oppløysing for å hindre bakterie-infeksjon via navlen.  Det kan vera nok til å hindre leddbetennelse.

Råmjølka inneheld immunstoff som beskytter kalven mot sjukdom.  Råmjølka har dessutan om lag dobbelt så mykje energi, fem gonger så mykje protein og tre gonger så mykje mineraler som vanleg mjølk.  Altså eit skikkeleg «startkick» for den nyfødte kalven.  Det er derfor viktig å ta vare på  evt. overskotsmjølk av slik super-vare , jfr. tabell 1.    Bilde

Generelt har kyr i 3. laktasjon og eldre betre råmjølk enn yngre kyr.  Kort  tørrperiode (under 4 veker) gjev dårlegare råmjølk, og det same skjer dersom kua har stått mindre enn tre månader i det aktuelle fjøset før kalving.  Kyr som har mjølke-lekkasje eller blir sjuke i forbindelse med kalvinga har nedsatt råmjølkskvalitet.  Derfor bør kvaliteten sjekkast med såkalla colostrometer, og innhaldet bør vera minst 50 gram immunglobulin pr liter mjølk.  Det er viktig å ha lager av god råmjølk i frysaren til kalvar unna kyr som viser seg å ha for lite eller for dårleg råmjølk.

BildeEr det nokon av lesarane som måler råmjølka systematisk og kan seia noko om kor stor del av kyrne i ein vanleg buskap som har «dårlegare» mjølk enn den anbefalte grensa ?   Og kor stort er eigentleg problemet med at enkelte kyr ikkje har nok råmjølk (2 liter) på den fyrste utmjølkinga ?

 Oppsummering om råmjølk:

  • 2 liter god råmjølk innan 2 timar etter fødsel
  • Gje 2 liter 3-4 gonger det fyrste døgnet, helst frå fyrste og evt. andre utmjølking
  • Ha alltid råmjølk på lager i frysaren.  Opptining ved maks 55 oC og ikkje i mikrobølgeovn for å unngå å øydelegge immunglobulinet.
  • Kjøl ned overskotts-råmjølk med ein gong, og tilset syrningsmiddel. Sjå «oppskrift» nedanfor.
  • Reine bøtter / syrningsdunkar.

 

Syrning av mjølk

  • Vanleg heilmjølk:

GrasAat Lacto / Ensil 1 / Fôrsil:   0,4 % tilsetjing (4 dl. til 100 liter mjølk)

GrasAat Pluss / Ensil Pluss:  0,6 % tilsetjing (6 dl. til 100 liter mjølk).

  • Råmjølk:

Denne har høgare bufferkapasitet og krev sterkare dosering. Bruk 1 -2 dl. meir pr. 100 liter mjølk.

 NB ! Sjekk pH i ferdig syrna mjølk. For høg pH gjer at mjølka er mindre lagringsstabil. For låg pH gjev redusert smakelegheit.  Dei yngste kalvane reagerer mest. Tilrådd pH er 4,7 (+/- 0,2).  Bruk pH-stix.

 

august 9, 2013 at 1:20 pm 18 kommentarer

Older Posts


Arkiv