Ammoniakkhalm – billig eller dyrt å kjøpe ?

september 2, 2013 at 8:06 am 7 kommentarer

Av Åse

BildeI og omkring korn-områda får vi ofte spørsmål om det lønner seg å kjøpe ammoiakkbehandla halm framfor grasrundballar.  Fôrverdien er (som regel) vesentleg høgare i surfôr enn i halmen.  Her prøver eg meg på ei samanlikning – kva kostar energien i fôret ? 

I eksemplet reknar eg med at pressing, pakking i pølser og ammoniakkbehandlinga kostar 200 kr pr halmball, og at dei veg 220 kg og har 86 % tørrstoff.  Tørrstoff-innhaldet vil variere litt i halm også, men ikkje på langt nær så mykje som i grasballar.  Seljaren vil vel gjerne også ha litt betaling for sjølve halmen – eg legg på 30 kr pr ball for dette.  Iflg. NorFor fôrmiddeltabell er det 3,72 MJ (0,53 FEm) pr kg tørrstoff i halmen.  Det gamle FEm-systemet rekna høgare verdi. 

Til samanlikning brukar eg grasrundballar – utan analyse ! – og seljaren forlanger 350 kr pr ball for dei.  Kva med fraktkostnaden ?  Eg tippar at prisen blir den same pr ball; det går vel ca. 40 ballar på eit vogntog utan at lasset blir for tungt. I eksemplet reknar eg 120 kr / ball i frakt.  Dess dyrare frakt, dess dårlegare kjem halmen ut i samanlikninga.

Av tabellen går det fram kor mykje energi målt i FEm det sannsynlegvis vil vera i halmballen og i grasballar med ulik tørrstoff-prosent. Til dette har eg brukt TINE’s «Prissystem grovfôr», og har rekna at rundballane er 1,20 m breie og 1,20 m i diameter. Vi har formlar som fortel kor mykje fôr vi kan forvente i ballane avhengig av tørrstoff-prosenten.  Vidare reknar eg med at det er 6 MJ (0,85 FEm) pr kg tørrstoff i grasballane.

 

NH3-halm

Grasrundball, 350 kr / stk

Tørrstoff-%

86

20

25

30

35

FEm/ball

100

127

151

173

194

Kr/FEm

3,50

3,70

3,11

2,72

2,42

 Med desse vilkåra vil NH3-halmen bli billegare pr FEm berre samanlikna med dei aller våtaste rundballane.  Halmen inneheld berre ca. 88 gram råprotein pr kg tørrstoff, medan det vanlegvis er rundt 120 – 180 gram i grasballar.  Vi kan altså risikere å måtte gje ekstra tilskott av proteinkraftfôr ved bruk av mykje halm, og det er dyrt.

Det ser stort sett ut til å vera billegast og best å kjøpe grasballar.  Men viss det ikkje er å få kjøpt i nærområdet kan halm absolutt vera eit alternativ.  I enkelte fôrings-situasjonar er halmen også svært nyttig for å balansere fôrrasjonen og sikre vommiljøet.  Ved grovfôr-mangel er det aktuelt å auke kraftfôrmengda til dyra mykje.  Det kan føre til strukturmangel i rasjonen, og da er halm svært effektivt å rette opp dette med.  Dersom vi har grassurfôr med høgt protein-innhald og slit med høge ureaverdier i mjølka, vil litt halm i rasjonen rette på dette.  Og til sinkyr og drektige kviger vil bruk av noko halm gjera at dei får «trening» i å ta opp store grovfôrvolum utan å bli for feite.  Vi får uansett håpe at kornbøndene bergar nok halm til å dekke etterspørselen i vinter. I delar av landet er det dårlege avlingar i år.

Så kan det hende at eg bommar fælt på prisnivå, særleg på halmen som eg har lite erfaring med.  Kva er eigentleg vanleg marknadspris nå ? 

Advertisements

Entry filed under: Ukategorisert.

Mjølk – godt både for kalvar og folk . Mineralbolus

7 kommentarer Add your own

  • 1. Øystein Havrevoll  |  september 3, 2013, kl. 1:08 pm

    Hei!

    Synest det er god artikkel om pris på NH3-behandla halm jamført med grassurfôr. Energiverdien er sett litt lågt i forhold til Fôrtabellen til IHA/Mattilsynet. Men denne verdien du brukar er truleg meir rett i praksis.
    Kg TS i i rundballen er avgjerande for pris per KJ/FEm. Informasjon om vekt og TS-analyse av halm-rundballen er dermed avgjerande for fôrmengden.
    Med lang transport vil eg tru at halmen i dei fleste tilfelle blir dyrare enn rundballar med 30-35 % TS.
    På heimesida til Nortura (www.medlem.nortura.no) har eg skrive ein artikkel om ammonikakbehandla halm kan erstatta surfôr.

    Øystein Havrevoll
    Nortura

    Svar
  • 2. hkama1  |  september 4, 2013, kl. 7:27 pm

    Hei.
    Nå har eg akkurat lese artikklen om bruk av ammoniakkhalm, og det var matnyttig, praktisk lesestoff for alle som vurderer å supplere med behandla halm til dyra i vinter.
    Eg rekna 86 % tørrstoff i ammoniakkhalmen i pris-samanlikninga. Men vi reknar vel med at det til nød er forsvarleg å behandle halm heilt ned i 70 % tørrstoff, viss det ikkje er mykje grønt i halmen. Og da blir det faktisk rundt 20 % mindre energi i halmballen. I så fall blir det temmeleg dyrt fôr.

    Svar
  • 3. Rogaland  |  september 10, 2013, kl. 4:20 pm

    Ser du oppererer med en pris på kr. 350 for grassurforballe. I mitt område er prisen nå 800 pr. balle.

    Svar
    • 4. Åse  |  september 10, 2013, kl. 4:51 pm

      Ja prisen går nok fort opp når det er låge avlingar i eit område. 800 kr er vel ikkje vanleg pris i normale år håpar eg. Er det 800 kr.ut frå seljar, altså før fraktkostnaden ? Vi har sett eksempel på rundballar med analyse og vekt som faktisk inneheld 350 FEm. Da blir det 2,29 kr/FEm, og fortsatt akseptabelt. Men det er fælt å måtte ut med så mykje viss det er ein «vanleg» ball på 150-170 FEm. Ammoniakkhalm må vera verdt å vurdere da, særleg visst det finst i rimeleg nærheit.

      Svar
  • 5. Åsmund K. M. Jørgensen  |  oktober 10, 2013, kl. 6:05 am

    Hei på deg!
    Vi kjøper en del halm og gras rundballer hvert år og har derfor litt oversikt. I område her ytterst i Sognefjorden er det ofte vanskelig å få fatt i ekstra gras. Derfor må vi ofte kjøpe fra andre deler av landet, og da vil det ofte ligge på kr. 650,00 pr. grasrundballe. Til gjengjeld betaler vi kr. 1,85 pr kg ammoniakk behandlet halm levert på gården. Hvis vi tar utgangspunkt i 150 forenheter pr. grasrunballe, så vil vel det være litt rimeligere med halm. Altså kr. 4,10 kontra kr. 4,33. Når dette er sagt, så vil jeg absolutt anbefale å heller vurdere å bruke mere fiberrikt kraftfor i steden for å kjøpe så mye grovfor. Prisen for fiberrikt kraftfor vil ligge på ca. kr. 3,42 (01.10.2013)

    Svar
  • 6. Knut  |  oktober 11, 2013, kl. 8:53 am

    Som du skriver Åse, vi tenke på hva halmen skal brukes til. Å måle prisen per FEm blir etter min mening feil. Halm har sin plass i fôrrasjonen som struktur og vomfyll, ikke som energikilde. Hvis man regner pris per FEm vil halm så og si bestandig komme dårligst ut, til tross for at halm ofte kan være et bedre fôrmiddel enn gras til sinkyr.

    Når det gjelder pris på halm, er den billigste løsningen store firkantballer med tørr halm. Vekt 500-550 kg. Noen oppererer med 150 kr per ball for disse ferdig opplastet på bil. Et vogntog kan fort få med seg 13-14 tonn og hvis regner 10000 i transport på 60 mil får vi en pris på 1,30kr/kgTS. Å produsere sinkufôr til den prisen på egen gård skal godt gjøres etter min mening.

    Svar
  • 7. Åse  |  oktober 12, 2013, kl. 12:14 pm

    Hei igjen !
    Ja eg er enig med deg Åsmund at bruk av ekstra kraftfôr ofte er den beste og billegaste løysinga når det er grovfôrmangel. Da er det sikker kvalitet på det ein kjøper, og også bra med mineraler og vitaminer. I nokre fjøs er det færre eteplassar enn kyr, og da er det ikkje heilt enkelt å få det til slik at alle får ein burkbar grunnrasjon med grovfôr, og det kan vera behov for å kjøpe grovfôr sjøl om kraftfôret er billegare. Og som Knut er inne på – i mange tilfelle har fôring med halm ein verdi ut over det å skaffe energi, gjennom å skaffe nok struktur og opptak av store fôrvolum i sintida. Med den prisen Knut får kjøpt store firkant-halmballar for er det truleg ei god løysing å bevisst kjøpe halm til sinkyr og drektige kviger, og heller bruke mest mogleg av eigne jorder til å skaffe grassurfôr med bra energiverdi til mjølkekyrne.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: