Kalven treng meir enn mjølk

januar 23, 2014 at 11:06 am 10 kommentarer

Av Åse

I to tidlegare blogg-innlegg har vi skrivi om betydning av råmjølka, og om mjølkefôringa vidare. Kalven skal utvikle seg til å bli ein drøvtyggar.  På ein nyfødt kalv utgjer vomma rundt 7 % av samla magevolum, og i ein vakse drøvdyggar knapt 70 %.

Utviklinga av drøvtyggarfunksjonen blir stimulert av at kalven et kraftfôr og høy.  Derfor skal dei ha tilgang på dette alt frå ei vekes alder.  Det er viktig at tilvenjinga til å eta kraftfôr skjer tidleg.  Mjølkefôringa kan avsluttast når kalvane tek opp ca. 1 kilo kraftfôr per dag.  Både tankmjølk og mjølkeerstatning er mykje dyrare fôrmiddel enn kraftfôr.  I tabellen  er eksempel på prisar.

Tabell kalv_Åse

Tankmjølka er berre eit billig fôrmiddel  når den ellers vil blitt levert som overproduksjonsmjølk. Forutsatt 5,00 kr/liter i utgangspunktet her også og 3,20 kr/liter i fråtrekk  for leveranse over kvote, blir verdien av overproduksjonsmjølk levert til meieri berre 7,92 kr/FEm.

Kraftfôret stimulerer vomutviklinga, slik bilde-serien nedanfor viser.  Ved tidleg avslutning av mjølkefôringa, bør ein bruke spesielt kalvekraftfôr.  Dette har betre proteinkvalitet, betre smakelegheit og tilpassa pelletsstruktur for dei yngste kalvane.  Dermed vil dei fortare lære seg å eta kraftfôr.  Samtidig er det viktig at dei har god tilgang på vatn; det vil styrke interessa for å eta kraftfôr.  Overdriv ikkje mjølkemengdene.  Da vil kalven bli mett av mjølka og bry seg mindre om andre fôrmiddel.   Mange erfarer at gruppe-oppstalling stimulerer kraftfôropptaket, og sjølvsagt at kraftfôret er ferskt og reint.  Gje derfor lite om gongen, eller bruk kraftfôrflaske.

Utvikling vom kalv

Kalvane skal også ha grovfôr frå dei er ei veke gamle; det må vera godt surfôr eller høy.  Seint slått grovfôr er ikkje egna til småkalvane !

Korleis kontrollere at kalvane dine får ein god start ?

Mykje er lett å bedømme ut frå trivselen dei viser.  Kalvar som er matte i hårlaget og har lang pels under buken tilseier dårleg start.  Ved diarê, luftvegsinfeksjonar og leddbetennelse taper dei seg fort. Brystmåling av kalvane vil gje ein god peikepinn på oppdrettet.  Målingar utplukka frå Kukontrollen i åra 2009-2013 viste at oksekalvane i middel var 105 cm ved 3 månaders alder, og 130 cm ½ år gamle. Kukalvane var hhv. 3  og 5 cm mindre i brystmål på same alder.  Sjå brystmål-kurvene i  Buskap-artikkel i nr. 7/2013 «Å lykkes med kalvefôringa».

For nokre dagar sidan var eg på gardsbesøk i samband med driftsplanlegging.  Der var kalvane veldig pene, og slaktedata på oksar dei to siste åra viser 605 g slaktetilvekst/dag i middel (rein NRF).   Her fekk kalvane suge mora i ca. 2 veker, så det forsvinn noko potensiell tankmjølk.  Men det viser at god start er viktig ! Korleis gjer andre med liknande tilvekst på oksane det ?  Håpar mange vil dele kunnskap og erfaringar her på bloggen ! Norsk middel er ca. 520 g slaktetilvekst/dag.

Advertisements

Entry filed under: Kvigeoppdrett og kjøttproduksjon. Tags: , , , , , .

Fokus på fôreffektivitet i Nederland Syrning av mjølk med kulturmjølk/skumma kultur – vanskelegare enn før ?

10 kommentarer Add your own

  • 1. Hedvig  |  januar 23, 2014, kl. 10:06 pm

    Hei! Jeg har blogga litt om våre kalver/kviger på gardsbloggen vår. Hadde vært fint med litt tilbakemelding. Trur kvigene våre veks for fort? http://sirkuslien.blogspot.no/2014/01/tanker-rundt-tilvekst-pa-ungdyr-201314.html

    Svar
    • 2. Åse  |  februar 4, 2014, kl. 8:41 pm

      Hei.
      Her har det skjedd noko merkeleg …. Eg skreiv ein kommentar 24.jan, men den har forsvunne. Tilfeldigvis hadde eg skrivi den i eit word-dokument og lagra, så nå limer eg inn på nytt:

      Hei, har vore inne og sett på bloggen døkk har. Så artig at døkk tek opp slike tema der ! Det blir iallfall bra med mjølk ser eg.
      Da vi laga TINE Produksjonskontroll tilsvara slaktevekter på 1.kalvskyr i Norge at dei måtte vera ca. 515 kg ved slakting. Vi rekna med at dei vanlegvis er lettare ved kalving enn når dei blir slakta etter nokre månader, og har rekna med 494 kg som norsk normal vekt ved kalving. Dette meinte vi var for småe kviger, i alle fall i lausdrift og dersom bonden ynskjer høg avdrått. Så satte vi igang med ei undersøking i nokre store norske buskapar med høg avdrått – der 1.kalvskyrne mjølka veldig bra. Her tok bønder / rådgjevarar brystmål av kukalvar og kviger i 2 år. Middel i desse buskapane var 581 kg ved kalving 26 mnd. gamle, sjå Buskap nr.8/2009. http://viewer.zmags.com/publication/d4e38cef#/d4e38cef/6.
      Vi «landa» da på ei tilråding om 560 kg ved kalving. Undersøkinga tilseier at det ikkje nødvendigvis er feil med større kviger, og det vil alltid vera individuell variasjon. Men viss dei store kvigene er feite, er det ikkje bra. Hold på 3,5 er det vi seier er idêelt. Litt høgare holdpoeng er ikkje så «farleg» viss kvigene vil få energirikt grovfôr etter kalving. Derimot viss feite kviger og kyr får energifattig grovfôr etter kalving, vil dei mobilisere for mykje kroppsvev og kan fort bli sjuke.
      Nyare tal ang. brystmålingar i Kukontrollen tilseier at vekstkurvene våre er for «trege» i starten, så det er supert at døkk ligg over kurva på 6-8 mnd. gamle kalvar ! Vi arbeider med å justere standardkurvene nå.

      Svar
      • 3. Hedvig  |  februar 5, 2014, kl. 12:12 pm

        Tusen takk, Åse! Dette er det mest hjelpsomme noen har fortalt meg angående dette temaet! Supert!

  • 4. H  |  februar 1, 2014, kl. 6:29 pm

    @ Hedvig (leste bloggen din)
    Jeg har også svært god tilvekst på kalvene første 3 månedene, jeg anntar at det skylles mye kalvmelk (fra automat), samt appetitt på kraftfôr. Dette til tross for koksidioseutbrydd av og til (forbyggende behanling er ikke 100 % effektiv hos meg). Min filosofi er at du ikke kan ha for god tilvekst på kalvene den første tiden, hvis du ser bort fra fôrkostnaden.

    Mine tanker om at du vurderer å inseminere tildligere enn før: Jeg prøvde å inseminere tidligere, resultatet ble vesentlig dårlige ytelse på disse prøvedyrene sammenlinget med resten av førstekalvene, en dyrkjøpt erfaring. Derfor vil jeg tro at du også får en lavere ytelse hvis du gjør dette. Dess større dyret er dess bedre blir ytelse, gitt riktig hold. Du skriver at førstekalverne dine melker i snitt 8000 kg, det skylles helt sikkert at du har så store dyr som du har. Et eksempet på at godt kvigeoppdrett er svært lønnsomt.

    PS, kunne ikke åpne bildene i denne atrikkelen (uten å logge inn???)

    Svar
    • 5. Åse  |  februar 4, 2014, kl. 8:59 pm

      Hei, For nokre år sidan tok Ingunn Schei (TINE) ut data frå Kukontrollen og såg bl.a. på avdrått i 1. og 2. laktasjon hjå kviger med ulik innkalvingsalder. I 1.laktasjon mjølka dei yngste minst, men i 2.laktasjon var skilnaden utjevna. I kommentar-feltet får eg ikkje lima inn bilder / tabellar, så eg får heller legge inn link til artikkelen (nr. 4/2009). http://viewer.zmags.com/publication/f44390bd#/f44390bd/42
      For meg var resultatet litt overraskande. Kan hende er resultata forskjellig om det er lausdrift eller båsfjøs ?

      Eg skal prøve å finne ut kvifor ikkje bilda blir synlege utan pålogging.

      Svar
  • 6. Hedvig  |  februar 4, 2014, kl. 7:55 pm

    Jeg ser heller ikke bildene, forresten.
    Takk for tilbakemelding H! Vi har også kosidiose og behandler med Baycox. De fleste kalvene våre har blodig avføring tre dager etter fødsel, og vi gir dem baycox tre uker etter fødsel. Dette pleier å fungere veldig bra. Men i år hadde vi for første gang en kalv der utbruddet av koksidiose antagelig ikke hadde slått til før medisinering, og kalven fekk et kraftig diareutbrudd ved fire måneders alder. Det gikk heldigvis bra, men godt mulig det får konsekvenser for seinere ytelse. Vi mista faktisk ei kyr til sprukkent magesår i høst. Antagelig var dette et sår hu kan ha hatt siden hu var kalv. Hu var ikke behandla for kosidiose som kalv. Topp Team foring kan godt skrive litt om kosidiose! Det gir virkelig elendig tilvekst og svært sjuke kalver!

    Svar
    • 7. Åse  |  februar 4, 2014, kl. 9:03 pm

      Hei. Vi i Topp Team Fôring har nok ikkje særleg kompetanse på koksidiose, men eg kan prøve å utfordre nokon av veterinærane våre på dette også og sjå om vi kan få inn litt informasjon om det på fôringsbloggen.

      Svar
  • 8. Håkon Stadsvold  |  februar 24, 2014, kl. 7:06 pm

    Når det gjelder koksidiose bør dere utfordre helsetjenesten for storfe til å hjelpe til. Regner med dere har tatt avføringsprøver slik at det er klart det er koksidise. Ellers er nok god hygiene og ikke for store grupper noe en bør tenke på. Tenk forebygging! Synes det står mye fornuftig her je.
    http://www.koccidios.se/no/Kalver/ReduserRisikoen.html

    Svar
  • 9. Helmer Belbo  |  oktober 15, 2014, kl. 7:04 pm

    Hei, jeg tenkte å lage forplan for kalver og ungdyr i «Tine Optifor Ungdyr», men finner hverken søtkmelk eller surmelk eller kalvekraftfor (Natura drøv start) i Norfor-databasen. Er det slik fordi det ikke har noe for seg å bruke dette verktøyet for kalveforingsplanlegging?

    Svar
    • 10. Åse  |  oktober 16, 2014, kl. 7:22 am

      Ja, det stemmer. NorFor er fyrst og fremst tilpassa dyr som er utvikla drøvtyggarar. Så TINE OptiFôr Ungdyr startar ikkje før kalven er 100 kilo. Likevel ligg heilmjølk i Fôrtabellen (008-0014), og vi reknar same fôrverdi enten den er sur el. søt (så lenge det ikkje er skumma mjølk). Natura Drøv Start vart eg overraska over. Den ligg inne på FKA Østlandet, men dei har gløymt det f.eks. i FKA Midt-Norge. Slike «småe» blandingar blir nok laga på êin fabrikk for heile landet, så du kan bruke 147-0066 viss du skâl bruke dette kraftfôret til kavlar over 100 kilo.
      TINE Rådgivning arbeider med ei ny kalvefôringsbrosjyre , basert på det nyaste av kunnskap. Den skal ut før jul. Du kan kontakte hovudansvarleg hege.overrein@tine.no. I brosjyra kjem det gode eksempelfôrplaner.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: