Forfatter arkiv

Syrning av mjølk med kulturmjølk/skumma kultur – vanskelegare enn før ?

Av Kari

kalv2Det er mange mjølkeprodusentar som har nytta/nyttar kulturmjølk til å syrne mjølk til kalvedrikke. Dette vert vanlegvis godt kalvefôr. Det vanlege har vore at ein med jamne mellomrom startar med ny kultur ved å kjøpe ny kulturmjølk på butikken. I år har vi som er rådgjevarar på Nordvestlandet fått tilbakemeldingar frå bønder om at konsistensen på det ferdige produktet er merkeleg. Nokon samanliknar den med tapetlim ! Etter å ha snakka med meieriet på Byrkjelo har vi fått vite at dei har skifta ut bakteriekulturen dei brukar til syrning av kulturmjølk og skumma kulturmjølk. Dette pga negative tilbakemeldingar frå forbrukarane på konsistensen på kulturmjølka sist sommar. Denne bakteriekulturen skal òg vere brukt i Bergen. Vi sjekkar no ut kor mange andre bakteriekulturar som vert brukt andre stader.

Vi går ut frå at korleis det ferdige resultatet ser ut òg heng saman med at ein har rett temperatur på mjølka og i rommet når ein startar syrninga, at ein brukar reine kar( gjerne av stål) og at ein nyttar rett mengde surmjølk i forhold til kor mykje mjølk ein skal syrne.

Vi vil svært gjerne ha erfaringar frå praksis når det gjeld dette ! Kva erfaringar har de rundt om i landet?

mars 4, 2014 at 4:55 pm 14 kommentarer

Fôring og helse

Av Kari Margrete

Som fôringsrådgjevar får eg ofte spørsmål om å lage ein plan for fôringa slik at ytinga aukar. Det eg etterkvart har lagt merke til, er at det då er viktig å sjekke ut korleis helsestatus er i buskapen først. Skal ein opp i høg avdrått, er dette vanskelegare å få til, og det er større risiko for at kua vert sjuk av andre ting, om ho i utgangspunktet feilar noko.

Vi har sett eksempel på kyr som får kroniske infeksjonar i juret med Streptococcus Dysgalactiae der ein får eit brått fall i yting. Om ein då prøver å gjere endringar i fôringa for å få opp att ytinga hjelper det lite når feil fôring ikkje er grunnen ! Speneprøver må til, og med denne bakterien kan ei behandling i laktasjonen vere nok til at ytinga aukar att.

Skal ein gå fleire saman og ha mange dyr i ei samdrift bør speneprøver av kyrne ved avsining og slakting/behandling av problemdyr gjerast på kvar enkelt fjøs i god tid FØR innflytting.

Å ha oversikt over kva slag bakteriar som fører til akutte og kroniske mastittar i buskapen og å jobbe systematisk for å ha god jurhelse er viktig for å lukkast med å fôre dyra til høg yting. Fjøsloggen på medlem.tine.no. er nyttig. Treng de meir hjelp, søk råd hjå veterinær og helserådgjevar.

Ein anna gjengangar er problemer med klauvene/beina. Dyr som har vondt reiser seg ikkje opp -og legg seg ikkje ned- meir enn naudsynt. Dette fører, i tillegg til plagene kua har, ofte til dårlegare opptak av fôr. Om det er lausdrift, går dei ikkje til fôrbrettet, kraftfôrautomaten eller eventuelt roboten ofte nok. Eg har fleire gongar sett dyr med liten målt aktivitet som eg går og sjekkar og som viser seg ha beinproblem.

Sjå etter om dyra har hasesår eller andre sår. Har dei det er sårbehandling viktig. Sår er reservoar for mastittbakteriar som Staphylococcus aureus og Streptococcus dysgalactiae.

Det å ta seg tid til å skjere klauver ofte nok, og å bruke tid på å observere og å sjå om nokon går /står dårleg –og gjere noko med det -er etter mitt syn god økonomi !

juni 26, 2012 at 2:04 pm 2 kommentarer

Leverbyllar

Av Kari

Eg er nøkkelrådgjevar for ein buskap som har fått merknader på levra til ein stor del av oksane som er slakta, til tider mellom tredjedelen og halvparten av oksane. Det hender at dei får merknader på levra til vaksne kyr òg. Dette er ein stor lausdriftsfjøs der oksane går i bingar. Dei får relativt mykje kraftfôr, opp i 5,5 kg Favør 80 pr dag, litt rundballesurfôr og etterkvart innkjøpt ammoniakkbehandla halm då det er lite grovfôr på garden. I samband med at vi skulle  finne ut av grunnen til merknadane, kom vi inn på temaet leverbyllar.

 Sur vom vert òg kalla subklinisk vomacidose eller SARA ( sub acute ruminal acidosis ). Sur vom kjem av ubalanse i fôringa. Har ein mykje lettfordøyelege karbohydrat ( t.d. kraftfôr ) i fôrrasjonen i høve til strukturfôr, dett ph i vomma og ein får dårlegare fordøying av fiberdelen i grovfôret. Fôropptaket og fôreffektiviteten går ned.

I oktober 2010 hadde Ingunn eit innlegg her på bloggen som handla om sur vom. Der er det lenkjer til meir stoff om temaet.

 Har ein vomacidose fleire gongar og over lengre tid, kan ein få skade på vomslimhinna.  Dette kan føre til ein betennelsestilstand der bakteriar, endotoksin og andre bakterielle produkt kan passere til blodet og vidare via portåra til levra. Der vert det skadar og byllar. Når det gjeld ungdyr, er det ikkje alltid ein ser symptom på at dei har leverbyllane. I alvorlege tilfeller ser ein nedsett fôropptak og dårlegare fôreffektivitet.

I Danmark har ein buskapar der fôrseddelen hovudsakleg inneheld fôrmiddel med mykje karbohydrat og der er problemet med leverbyllar større enn i Norge.

I buskapen eg arbeider med har vi vurdert å gå over til eit kraftfôr med mindre vomnedbrytbar stivelse og i tillegg sjå på samansettinga av heile fôrrasjonen.

 Kva erfaringar har de produsentar med dette ? Har de merknader som gjeld levra på slakteoppgjeret ?

mai 24, 2011 at 6:20 pm Legg igjen en kommentar

Korleis har kvigene hatt det på beite ?

Av Kari

Om ein har eit mål om å ha store og fine kviger ved kalving, er det ofte god nok tilvekst i beiteperiodane til kvigene som er nøkkelen. Særleg er 1.beitesommar viktig. Kviga har då ei evne til å vekse mykje, og det er det viktig å få utnytta. Stoppar ho heilt opp i denne perioden, er det vanskeleg å ta igjen det tapte seinare.

Topp Team Fôring har laga ei ny kvigebrosjyre, som er omtala her på bloggen, der målet for kvigeoppdrettet er ei kvige som veg 560 kg når ho kalvar 24 mndr gammal. Det er viktig at kviga ikkje er for feit. Vekt og alder ved kalving må sjølvsagt tilpassast den enkelte gard. Ein må sette seg eigne mål der grovfôrgrunnlag, ytingsnivå, plass i fjøsen, konsentrert kalving eller ei, og kva tilvekst det er mogleg å oppnå på beite er nokre av faktorane ein må ta omsyn til.

Ei haustfødd kvige som skal på beite 1. gong  bør ut frå denne tabellen vekse 600 g pr dag. Dette er ein lågare tilvekst enn ein vil kunne oppnå med fôring inne i same perioden. Med dårleg kvalitet på innmarksbeite eller dårlege utmarksbeiter, kan sjølv denne tilveksten vere vanskeleg å oppnå. Ein må då velge å la kviga bli eldre når ho kalvar eller la ho kalve ved ei lågare vekt. Ei stor kvige ved kalving har eit høgare fôropptak etter kalving og klarer seg betre i konkurransen med eldre dyr der ein har lausdrift. Ho slepp å vekse så mykje i 1.laktasjon samtidig som ho skal mjølke. Kvigene har ei viss evne til kompensasjonsvekt når dei kjem i hus/ på betre beite og får god fôring. I tabellen er tilveksten over 900 g første månadane etter innsett. Då kan dei ta igjen ein del av det tapte om tilveksten ikkje har vore altfor låg – eller lik 0, som ein òg ser eksempel på. For å finne ut kva tilvekst dyr har på beite, kjem ein ikkje utanom å ta brystmål før og etter beiteslepp. Ein bør sjå på haldet på same tid. Ser ein at resultatet er svært dårleg, bør ein vurdere å endre på beiteopplegget. La dei yngste kvigene ha dei beste beita, og la dei ikkje gå altfor lenge på dårlege utmarksbeiter. I enkelte tilfeller burde ikkje kvigekalvane på utmarksbeite i det heile ut frå den stoggen dei får i tilvekst.

Andre beitesommar er kravet til tilvekst 500 g/dag, noko som er lettare å oppnå på beite enn 600 g første beitesommar. Her kan utfordringa vere å få dyra tidsnok heim frå dårlege utmarksbeiter, eventuelt starte tilleggsfôring, og ikkje minst få dei i hus og starte oppfôring før kalving i tide.

Snyltarbehandling før beiteslepp er viktig. Pass på at dyra har tilgong på rikeleg, reint vatn.

Dyra bør ha tilgong på mineral, men det er ikkje alltid like lett å få til på utmarksbeite. Då kan mineralbolusar vere eit alternativ.

Kva erfaringar har lesarane av bloggen ? Har kvigene god tilvekst på beite ? Kor mykje tilvekst har de erfart at dei kan ta igjen inne etter ein periode på dårleg beite ? Vert kviger med ujamn tilvekst  feitare ?

september 16, 2010 at 9:55 am 1 kommentar


Arkiv