Frysepunkt og fôring

september 27, 2013 at 8:55 am 4 kommentarer

Av Åse

Av og til opplever vi at bønder får eit sterkt avvikande frysepunkt i forhold til normalnivået for buskapen. Nyleg vart eg kontakta av ein som hadde fått -0,510 i frysepunkt, mot normalt -0,526 – – 0,531. I tillegg var laktose nede på 4,51 % , medan han vanlegvis har 4,7-4,8 % på det. Både fett-% og protein-% var normale. Kyrne gjekk på beite av 2 og 3 års eng av kløver/timotei etter 2.slåtten, og vart fôra inne på kveld/natt med litt for seint hausta 1. slått. Bonden var sikker på at det ikkje dreia seg om teknisk feil og vassinnblanding i mjølka. Analyse-resultata fortel eigentleg det same. Med vatn i mjølka skulle også fett- og protein-% vorte redusert.

Eg sendte bonden ein e-post med fem punkt om moglege fôringsmessige årsakar til for høgt frysepunkt i mjølka, og han beit seg merke i eitt av dei, om drikkevatn: Dersom kyrne har lite tilgang til vatn ute på beitet, og dermed drikk veldig mykje når dei kjem inn og blir mjølka rett etterpå, vil det gje høgt frysepunkt.

Bonden hadde vatn ute på alle dei andre beita sine enn dette, og han hadde lagt merke til at kyrne drakk mykje når dei kom inn for mjølking. Da eg prata med han var beitet oppbrukt og kyrne flytta til anna areal, og han hadde bestilt ekstraprøve. Vi vart enige om at viss denne var OK på frysepunkt, så kunne vi gå ut frå at årsaken virkeleg var det store vass-inntaket like før mjølking. Prøvesvaret viste -0,562 i frysepunkt og 4,69 % laktose, så det stemte godt. Neste sommar blir det nok ordna med vatn ute på dette beite-arealet på garden.

Er det andre som har erfart liknande ? Eller andre erfaringar med vellykka tiltak når høgt frysepunkt ikkje kunne tilskrivast teknisk feil som gav vassinnblanding ?

 

Advertisements

Entry filed under: Ukategorisert. Tags: , , , .

Mineralbolus Tørkehastigheit 3.slått med og uten bruk av stengelknekkar

4 kommentarer Add your own

  • 1. Arne Bjørke  |  oktober 2, 2013, kl. 8:59 am

    Hei Åse.
    En liten tilleggsopplysning. Kua gikk ut og inn mellom beite og fjøs, så ho hadde mulighet til å drikke visst ho ville. Jordet kua beita på ligg helt inntil fjøset men i det fine høstværet gikk ikke kua inn att for å drikke.Konklusjonen min er derfor att vanntilførsel må være på jordet der kua beiter.
    Hilsen Arne

    Svar
  • 2. Åse  |  oktober 2, 2013, kl. 12:21 pm

    Hei. Fint at du skreiv dette – dvs. at kyrne faktsik set så pris på finvêret i forhold til jobbe ne med å gå inn å drikke at dei lot det vera.

    Svar
  • 3. liv kristin  |  oktober 23, 2013, kl. 1:27 pm

    Hei, eg har og vore borti det. Kyr som ikkje har tilgang til vatn på beite, drikk mykje rett før mjølking, noko som kan resultera i avvikande fryspunkt. Kan du ellers nevna dei andre 4 punkta du hadde på lista di, over mulige årsaker til avvikande frysepunkt?
    Helsing Liv Kristin

    Svar
  • 4. Åse  |  oktober 23, 2013, kl. 7:06 pm

    Ja, eg fann heldigvis att e-posten. Dei andre punkta var:

    1. Lågt innhald av fiber / høg kraftfôr-andel.
    2. Underfôring med energi og protein .
    3. Ubalanse i mineral-tilførsel.
    4. Mjølk frå kyr som snart skal sinast el. har låg dagsavdrått kan ha høgt frysepkt.

    Vurderinga mi var omlag slik:
    Pkt. 1 Beitet har sannsynlegvis lite fiber, men attåtfôringa inne bør kompensere. FFS på 0,3 tilseier eigentleg ikkje noko problem med vommiljø

    Pkt.2. Neppe, ut frå fin FFS, urea og protein%

    Pkt.3. Dreier seg særleg om kva kyrne får i seg av Kalium og Natrium. Lite Na sannsynlegvis negativt, altså kan gje for høgt frysepunkt. Gje evt. saltstein. Ekstra mykje K-opptak vil også truleg kunne virke til høgt frysepkt. Obs ved beiting på jorder med høge K-verdiar i jordprøver, og ved fôring med drank.

    Pkt. 4 lite aktuelt sidan kyrne i middel var rundt 4-5 mnd. etter kalving i dette tilfellet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: