Blogg-statistikk

Av Åse

Ved årsskiftet dumpa det inn ein e-post frå wordpress.com til meg, med statistikk om bruken av Topp Team Fôring-bloggen i 2011.  Her står det at vi hadde 40.000 «treff» dette året, dvs. 110 lesarar pr. dag i gjennomsnitt.  Lesarane kjem sjølvsagt i hovudsak frå Norge.  Statistikken viste likevel at det har vore innom folk frå det meste av verda, til og med frå Afrika.  Men det er vel ikkje så lett å forstå det vi skriv om for folk utanom Norden…

Vidare stod det at vi la ut 51 nye innlegg gjennom året i 2011, og at vi til saman har hatt 111 innlegg sidan vi starta bloggen i oktober / november i 2009.

Den travlaste dagen på bloggen i heile 2011 var 2. desember, med 264 visningar.  Og det temaet som var mest sett denne dagen var «Svensk film som skryter av NorFor».

Det innlegget som har fanga desidert mest interesse i blogg-«historia» vår så langt, var eitt som hadde tittelen «Hvilken fullfôrblander skal jeg velge» utlagt i november 2010.  Da var vi oppe i 842 visningar på ein dag på det meste.  Dette er utan tvil også det innlegget som har utløyst flest kommentarar, heile 93 stk.  I middel ligg vi på 4 kommentarar pr. innlegg, og skulle gjerne ynskt oss fleire !  Bloggen er meint både som ein informasjonskanal  og som ein arena for erfaringsutveksling og diskusjon.  Vi oppfordrar lesarane til å delta aktivt i det nye året.

2 kommentarer Add your own

  • 1. Hans Ola Tinglum  |  juli 15, 2013, kl. 9:38 am

    Mye bra, men finner ikke noe om foring av kalven som er grunnlaget for alt det andre.

    Svar
  • 2. Åse  |  juli 15, 2013, kl. 8:07 pm

    Hei.
    Det har eg ikkje tenkt over, men ser at du har rett. Med søkeordet Kalv fekk eg opp berre tre innlegg som såg relevante ut. Så takk for idêen; vi skal koma tilbake med meir om kalvefôring framover. Ein god start på kalvane er avhengig både av miljøet vi tilbyr dei og fôringa. Det er alltid mange meiningar om riktig kalvestell på fagmøter så det er eit tema som engasjerer.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggers like this: