Posts tagged ‘oksar’

Betre tilvekst dess meire tankmjølk kalvane får ?

Av Åse

Både på fôringskurs i kjøttproduksjon og på gruppemøter med EK-gjennomgang blir det ofte diskusjon om kalvane veks betre dess meire tankmjølk dei får.  Kalvane skal utan tvil ha ”skikkeleg” mjølk i starten, og ein god kollega i Nortura seier alltid at småkalvane skal ha minst 100 liter tankmjølk. Med fem-seks liter om dagen blir dette nok til knapt tre veker.  Mjølka må gjerne vera syrna, iallfall frå kalven er ei veke gamal.  Men etter tre veker bør vi kunne gå gradvis over til mjølkeerstatning, dersom tankmjølka trengs for å fylle kvota.  Unntaket er økologisk drift som har forbod mot mjølkeerstatning.

 Det er ikkje så lett å finne svar på spørsmålet i overskrifta ut frå opplysningar i kukontrollen eller i TINE Effektivitetsanalyse.  Men sidan eg er nysgjerrig på det meste innan fôring og økonomi, prøvde eg meg ein gong på ei samanstilling av tal frå EK (heile landet 2008).  EK har informasjon om bruk av tankmjølk totalt til kalvane, antal kalvar i buskapen og alle resultat i oksekjøtt-produksjonen. Eg plotta slaktetilveksten mot liter tankmjølk pr. kalv, og fekk denne figuren: 

Det ser ikkje ut til at mest tankmjølk pr. kalv gjev klart best tilvekst på oksane. ”Kjøtt – fôr” (kr pr. kg slakt) kunne sjå ut til å vera lågast hjå dei som brukte aller minst og aller mest tankmjølk, og desse hadde brukt mest kraftfôr pr. kg slakt. 

 Helst skulle eg ha sett på sum mjølk pr. kalv (tankmjølk + mjølkeerstatning), men heller ikkje EK-statistikken gjev gode data om det. Eg reknar med at dei som brukar  minst tankmjølk skøyter på med ”pulvermjølk” slik at kalvane får 5-6 liter fram til minst 6 – 8 vekers alder.  Eller til dei et ca. 1 kg kraftfôr pr. dag.

 Og kvifor er det ikkje opplagt at mest mogleg mjølk er best ?  Kalvane blir kanskje så mette av all mjølka at interessa for å eta kraftfôr blir redusert. Det er fyrst og fremst kraftfôropptaket som gjer at dei utviklar seg til gode drøvtyggarar.  Når mjølka blir utkutta har kalvar som har lært å eta mykje kraftfôr ein klar fordel fordi dei både likar og fordøyer kraftfôret godt.

Eg forventar ingen stor aktivitet på bloggen nå midtsommars, men artig viss nokon av lesarane hiver seg på og fortel om eigne erfaringar !

juli 7, 2011 at 9:16 pm 2 kommentarer

PMR til kyrne = TMR til oksane ?

Av Åse

PMR = partiell mixed ration = ”fullfôr” med bruk av tilleggskraftfôr attåt. 

TMR = total mixed ration = fullfôr som einaste fôr til dyra.

Dei som har investert i ein fullfôrmiksar vil som regel bruke fullfôr både til kyrne og ungdyra.  Og viss buskapen ikkje er veldig stor skal helst same blandinga brukast både til kyrne og til oksane.

Eg har satt opp nokre kuPMR-miksar som også skal brukast til oksane, men er alltid usikker på korleis dei vil fungere i praksis. Og spørsmåla nedanfor skulle eg gjerne hatt synspunkt på frå bønder med praktisk erfaring på dette !

  • Kor sterk bør ku-miksen vera for å passe til oksane også ?
  • Er det nødvendig å gje tilleggskraftfôr til dei yngste oksane ?
  • Kva tilvekst oppnår døkk med fullfôr til oksane i høve til ved tradisjonell separat tildeling av dei same fôrmidla ?
  • Blir klassifisering og fett-trekk betre, uendra eller verre ?

Her kjem eit eksempel for å illustrere problemstillinga:

Ut frå vilkåra i det aktuelle kufjøset og ynskja avdrått velger eg å lage ein PMR til 23 kg EKM. PMR’n ser slik ut:

Blandeoppskrifta er tilpassa 4 rundballar â 700 kg pr. miks.

Bonden ynskjer at oksane skal bli 300 kg slaktevekt på maks 16 månader, dvs. ein slaktetilvekst på 575 g/dag i middel. Oksens vekstkurve er forventa å sjå slik ut (iflg TINE Produksjonskontroll):

Så set eg opp fôrplan til den ynskja oksen på to måtar:

  1. Med alle fôrmidla tildelt enkeltvis.
  2. Med PMR’n + tilgang på meir Elite 90 og mineralblanding om nødvendig. 

I båe tilfella rekna tilnærma appetittfôring av surfôr eller miks (ca.96 %).

Tabell 1: Berekna fôrforbruk og kostnad frå oksen er 100 kg levandevekt og fram til slakting ved 587 kg levandevekt (300 kg slaktevekt).

* Salt og mineralnæring går som kraftfôr her.

Oksane skal altså i teorien greie seg med mindre kraftfôr med separat tildeling av alle fôrmidla enn når vi brukar fullfôr, som i eksemplet har kraftfôr-andel på 24,9 % av tørrstoffet. Ved bruk av fullfôr gjev ikkje miksen nok energi til unge oksar, og OptiFôr Ungdyr reknar at det er behov for tilleggskraftfôr fram til ca. 12 månaders alder.  Dei siste månadane er derimot kraftfôrandelen høgare enn oksen treng.

I eksemplet er det forutsatt at bonden faktisk gjev tilleggskraftfôr slik OptiFôr bereknar behovet fram til oksane er rundt 12 månader gamal, og rasjonen blir da 240 kr dyrare pr. okse ved bruk av miks enn med separate fôrmiddel. Av praktiske grunnar vil vi sjølvsagt gjerne avslutte tilleggskraftfôret lenge før, og håpe at oksane kompenserer godt nok med å vera ekstra ”glupske” på miksen. La oss tenkje at oksane får 1,5 kg tilleggskraftfôr på fôrbrettet til dei er ½ år gamle, men da er det slutt… Vil dei greie å bli 300 kg slaktevekt på 16 månader da også?  I så fall aukar ikkje fôrkostnaden ved bruk av fullfôr slik reknestykket i tabell 1 viser likevel… 

Sannsynlegvis er det fullfôrmiksar på over 200 mjølkebuskapar i Tine nå. Nokre brukar den berre til å blande ulike grovfôrkvalitetar, og tilset ikkje kraftfôr.  Blant resten tippar eg at dei aller fleste brukar mjølkeku-miksen til oksane også.  I så fall sit mange bønder med mykje praktisk erfaring om korleis dette best skal gjerast. Håpar mange vil dele  erfaringane sine via bloggen – sjå dei fire spørsmåla mine i starten !

mars 15, 2011 at 7:37 pm 2 kommentarer

Brystmålsdata frå kukontrollen 2007-2009

Av Ingunn

Informasjon om dyra sine levandevekter er viktig for å finne behovet for næringsstoff til vedlikehold og vekst. Ein praktisk og relativt enkel måte å finne kroppsvektene på er bruk av brystmål. Då kan ein lese av på målebåndet forventa kroppsvekt eller ein kan bruke formel til å berekne kroppsvekta. Med brystmåling kan ein følgje vektutviklinga til ei ku gjennom laktasjonen eller korleis eit dyr veks i oppdrettsperioden. Med basis i data frå brystmålingane kan vi også få informasjon om vekstutvikling frå nyfødd kalv til kalveferdig kvige eller slaktemoden okse, eller korleis vektene til kyr endrar seg gjennom laktasjonen. Denne informasjonen kan då brukast i rådgjevinga.

Eg har plukka ut data på registrerte brystmål i kukontrollen frå 2007 til 2009, og vil her vise nokre statistikkar over disse dataene. I alt vart det gjort 128 868 brystmålingar på desse tre åra, og 125 971 av dei er på NRF. Antal brystmål registrert på NRF-dyr er vist i figuren under. Det er skuffande å sjå at det totale antal brystmålingar har gått ned frå 2007 til 2009, og det er målingar på mjølkekyr som er redusert. I 2009 var det 32 874 brystmål på mjølkekyr (32 181 på NRF). Desse tala betyr at det blir tatt brystmål av omtrent 15 % av alle kyr. Det er først og fremst 1.laktasjonskyr som blir brystmålt, og dei utgjer ca. 70 % av alle målingane innan mjølkekyr. På ungdyr derimot har antal brystmålingar hatt ein gledelig auke frå 630 i 2007 til 6538 i 2009. Denne auken kjem nok som følgje av innføring av TINE OptiFôr Ungdyr og TINE Produksjonskontroll kjøtt, der brystmål ligg til grunn for å kontrollere om dyra har hatt ein forventa vekst. Det er spesielt kvigekalvar som er registrert (4828 i 2009), men også antal brystmålte oksekalvar har auka og var på 1402 i 2009.

Ungdyr

Figuren under viser kor gamle ungdyra er når det er blitt tatt brystmål, og alderen på dyra er då inndelt i 100 dagars-intervall. For kviger så ser vi at det er jamn bruk av brystmål fram til kvigene er 400-500 dagar, og så går frekvensen ned. På oksar er det mange målingar dei første 100 dagane og så går antal brystmål hurtig nedover etter det.

I figurane under er alle brystmål registrert på okser og kviger frå 2007 til 2009 plotta som funksjon av alder. Som forventa så viser plotta at utvikling i brystmål er litt forskjellig på okser og kviger. Oksane har ei tilnærma lineær kurve fram til ca. 500 dagar før den bøyer litt av, medan kvigene har ei meir krumma linje. Ellers ser vi at det er ein del feilregistreringar ved at det er enkelte plott som ligg langt frå ”kurvene” og gir unormale verdiar.

   Kviger                                                         Oksar

april 14, 2010 at 7:51 am 5 kommentarer


Arkiv