Forfatter arkiv

Ammoniakkhalm – billig eller dyrt å kjøpe ?

Av Åse

BildeI og omkring korn-områda får vi ofte spørsmål om det lønner seg å kjøpe ammoiakkbehandla halm framfor grasrundballar.  Fôrverdien er (som regel) vesentleg høgare i surfôr enn i halmen.  Her prøver eg meg på ei samanlikning – kva kostar energien i fôret ? 

I eksemplet reknar eg med at pressing, pakking i pølser og ammoniakkbehandlinga kostar 200 kr pr halmball, og at dei veg 220 kg og har 86 % tørrstoff.  Tørrstoff-innhaldet vil variere litt i halm også, men ikkje på langt nær så mykje som i grasballar.  Seljaren vil vel gjerne også ha litt betaling for sjølve halmen – eg legg på 30 kr pr ball for dette.  Iflg. NorFor fôrmiddeltabell er det 3,72 MJ (0,53 FEm) pr kg tørrstoff i halmen.  Det gamle FEm-systemet rekna høgare verdi. 

Til samanlikning brukar eg grasrundballar – utan analyse ! – og seljaren forlanger 350 kr pr ball for dei.  Kva med fraktkostnaden ?  Eg tippar at prisen blir den same pr ball; det går vel ca. 40 ballar på eit vogntog utan at lasset blir for tungt. I eksemplet reknar eg 120 kr / ball i frakt.  Dess dyrare frakt, dess dårlegare kjem halmen ut i samanlikninga.

Av tabellen går det fram kor mykje energi målt i FEm det sannsynlegvis vil vera i halmballen og i grasballar med ulik tørrstoff-prosent. Til dette har eg brukt TINE’s «Prissystem grovfôr», og har rekna at rundballane er 1,20 m breie og 1,20 m i diameter. Vi har formlar som fortel kor mykje fôr vi kan forvente i ballane avhengig av tørrstoff-prosenten.  Vidare reknar eg med at det er 6 MJ (0,85 FEm) pr kg tørrstoff i grasballane.

 

NH3-halm

Grasrundball, 350 kr / stk

Tørrstoff-%

86

20

25

30

35

FEm/ball

100

127

151

173

194

Kr/FEm

3,50

3,70

3,11

2,72

2,42

 Med desse vilkåra vil NH3-halmen bli billegare pr FEm berre samanlikna med dei aller våtaste rundballane.  Halmen inneheld berre ca. 88 gram råprotein pr kg tørrstoff, medan det vanlegvis er rundt 120 – 180 gram i grasballar.  Vi kan altså risikere å måtte gje ekstra tilskott av proteinkraftfôr ved bruk av mykje halm, og det er dyrt.

Det ser stort sett ut til å vera billegast og best å kjøpe grasballar.  Men viss det ikkje er å få kjøpt i nærområdet kan halm absolutt vera eit alternativ.  I enkelte fôrings-situasjonar er halmen også svært nyttig for å balansere fôrrasjonen og sikre vommiljøet.  Ved grovfôr-mangel er det aktuelt å auke kraftfôrmengda til dyra mykje.  Det kan føre til strukturmangel i rasjonen, og da er halm svært effektivt å rette opp dette med.  Dersom vi har grassurfôr med høgt protein-innhald og slit med høge ureaverdier i mjølka, vil litt halm i rasjonen rette på dette.  Og til sinkyr og drektige kviger vil bruk av noko halm gjera at dei får «trening» i å ta opp store grovfôrvolum utan å bli for feite.  Vi får uansett håpe at kornbøndene bergar nok halm til å dekke etterspørselen i vinter. I delar av landet er det dårlege avlingar i år.

Så kan det hende at eg bommar fælt på prisnivå, særleg på halmen som eg har lite erfaring med.  Kva er eigentleg vanleg marknadspris nå ? 

Reklamer

september 2, 2013 at 8:06 am 7 kommentarer

Mjølk – godt både for kalvar og folk .

BildeAv Åse

I ein eller annan debatt for nokre år sidan sa ein politikar at «melk er for kalver».  Ho meinte at folk godt kunne greie seg utan mjølk.  Det siste er er eg ikkje enig i, men kumjølka er sjølvsagt sunn for kalvane også.  I førre blogg-sak skreiv eg om den fyrste viktige råmjølka. Kva så med mjølkefôringa vidare ? 

Dei fyrste 10 måla frå kua skal uansett ikkje på gardstanken.  Innhaldet er fortsatt «råmjølk», sjølv om den blir meir lik «vanleg» mjølk etter kvart.  Råmjølka er næringsrik og viktig å ta  vare på, og fyrst og fremst bruke til dei yngste kalvane.  Ved å syrne mjølka kan vi fôre av den i fleire dagar = god start for spekalvane.  Bruk søt mjølk dei tre fyrste dagane, deretter gradvis overgang til syrna mjølk.  Dei fleste kalvane tek overgangen fra søt til sur mjølk fint, og dei fordøyer den sure betre og blir meir robuste mot diarê.  Kalvane bør helst få mange mindre porsjonar mjølk pr. døgn, men utan automatfôring kan dei greie seg med 2 tildelingar av 2 – 2,5 liter per gong, avhengig av kor stor kalven er.  Det er iallfall ikkje verdt å vera «snill» og gje dei store mengder om gongen – da blir det overfylling i løpen og sjuke kalvar.   

Så må vi velja om kalvane skal få «tankmjølk» heile mjølkefôringsperioda, eller om dei skal over på mjølkeerstatning etter kvart (ikkje aktuelt i økologisk drift).  Ein god kollega i Nortura seier at kvar kalv SKAL ha minst 100 liter råmjølk + tankmjølk.  Mange kyr gjev om lag denne mengda i løpet av dei 10 fyrste måla,  så kvotefyllinga blir lite påvirka av eit slikt «krav».    Med  5-6 liter per dag i middel i 8 veker går det med 280 – 340 liter mjølk.  Mjølke-erstatningane er mindre energirike enn heilmjølka, så det trengs litt større dagleg mengde for å kunne forvente lik tilvekst.  Kanskje greier også kalvane å ta att noko ved å eta meir kraftfôr ?   Det er også mange ulike mjølkeerstatningar å velja mellom, så det er viktig å fylgje «oppskrifta» på sekken for å få riktig styrke på blandinga.

Evt. mjølkeerstatning bør også  vera syrna, og hugs gradvis overgang.  Nokre bønder fortel om dårleg erfaring ved bruk av mjølkeerstatning, medan mange seier at det  går heilt fint berre ein er nøye med syrninga, blandingsforholdet mellom pulver og vatn og ikkje går over før kalvane er rundt tre veker gamle.

Det er mange meiningar om riktig kalvefôring, og eg håpar mange vil dele erfaringar her på bloggen.  Noko av det viktigaste er uansett å gje kalvane eit godt miljø, sjå godt på dei under kvart fjøsstell og setja inn tiltak med ein gong viss det er slappe kalvar.

 

august 25, 2013 at 7:44 pm 7 kommentarer

Kalvefôring – råmjølka er avgjerande for god start.

Av Åse

Ein av blogg-lesarane våre etterlyste stoff om kalvefôring på bloggen, og det er nok eit forsømt tema her.  Så da vil eg prøve å rette litt på det. …   Kor fine kalvar vi får til er avhengig både av miljøet, smittepresset, fôringa og immunforsvaret deira.  Det siste er sterkt avhengig av råmjølka kalvane får.

Den nyfødte kalven har det best saman med mora dei fyrste timane slik at ho får sleike han rein og tørr. Ikkje alle kalvar greier å finne fram til spenene og skaffe seg råmjølk ved eigen hjelp.  Derfor må vi fylgje med og evt. mjølke kua og gje kalven av flaske – helst 2 liter innan 2 timar etter fødsel.  I tillegg er det lurt å dyppe navlestrengen i ei jod-oppløysing for å hindre bakterie-infeksjon via navlen.  Det kan vera nok til å hindre leddbetennelse.

Råmjølka inneheld immunstoff som beskytter kalven mot sjukdom.  Råmjølka har dessutan om lag dobbelt så mykje energi, fem gonger så mykje protein og tre gonger så mykje mineraler som vanleg mjølk.  Altså eit skikkeleg «startkick» for den nyfødte kalven.  Det er derfor viktig å ta vare på  evt. overskotsmjølk av slik super-vare , jfr. tabell 1.    Bilde

Generelt har kyr i 3. laktasjon og eldre betre råmjølk enn yngre kyr.  Kort  tørrperiode (under 4 veker) gjev dårlegare råmjølk, og det same skjer dersom kua har stått mindre enn tre månader i det aktuelle fjøset før kalving.  Kyr som har mjølke-lekkasje eller blir sjuke i forbindelse med kalvinga har nedsatt råmjølkskvalitet.  Derfor bør kvaliteten sjekkast med såkalla colostrometer, og innhaldet bør vera minst 50 gram immunglobulin pr liter mjølk.  Det er viktig å ha lager av god råmjølk i frysaren til kalvar unna kyr som viser seg å ha for lite eller for dårleg råmjølk.

BildeEr det nokon av lesarane som måler råmjølka systematisk og kan seia noko om kor stor del av kyrne i ein vanleg buskap som har «dårlegare» mjølk enn den anbefalte grensa ?   Og kor stort er eigentleg problemet med at enkelte kyr ikkje har nok råmjølk (2 liter) på den fyrste utmjølkinga ?

 Oppsummering om råmjølk:

  • 2 liter god råmjølk innan 2 timar etter fødsel
  • Gje 2 liter 3-4 gonger det fyrste døgnet, helst frå fyrste og evt. andre utmjølking
  • Ha alltid råmjølk på lager i frysaren.  Opptining ved maks 55 oC og ikkje i mikrobølgeovn for å unngå å øydelegge immunglobulinet.
  • Kjøl ned overskotts-råmjølk med ein gong, og tilset syrningsmiddel. Sjå «oppskrift» nedanfor.
  • Reine bøtter / syrningsdunkar.

 

Syrning av mjølk

  • Vanleg heilmjølk:

GrasAat Lacto / Ensil 1 / Fôrsil:   0,4 % tilsetjing (4 dl. til 100 liter mjølk)

GrasAat Pluss / Ensil Pluss:  0,6 % tilsetjing (6 dl. til 100 liter mjølk).

  • Råmjølk:

Denne har høgare bufferkapasitet og krev sterkare dosering. Bruk 1 -2 dl. meir pr. 100 liter mjølk.

 NB ! Sjekk pH i ferdig syrna mjølk. For høg pH gjer at mjølka er mindre lagringsstabil. For låg pH gjev redusert smakelegheit.  Dei yngste kalvane reagerer mest. Tilrådd pH er 4,7 (+/- 0,2).  Bruk pH-stix.

 

august 9, 2013 at 1:20 pm 18 kommentarer

Auka pris for gode okseslakt – vil du få full uttelling ?

Av Åse
Det ligg an til ca. 10.000 tonn for lite norsk storfekjøtt i år. Det vart gjort enkelte grep i jordbruksoppgjøret for å få opp produksjonen. Eitt tiltak er å etablere eit kvalitetstilskott for alt storfeslakt med kvalitet O og betre, med unntak av kategorien ku. Det er lagt til grunn at 55 prosent av samla slaktekvantum på storfe vil fylle krava. Da vil avsatte midler til dette kvalitets-tilskottet rekke til ein sats på om lag 3,70 kroner per kg. Tilskottet skal utbetalast via slakteria til produsent for slakt levert frå og med januar 2014. I praksis bør dei fleste i kategorien Ung okse oppfylle kravet til kvalitetstilskott, medan ein nokså beskjeden andel av Ung ku vil gjera det.
Oksar som har att velså ½ år til slakting er altså potensielle kandidatar for kvalitets-tilskottet. Målet bør vera å greie minst 90 – 95 % av Ung okse-slakta i så god klasse (O el. bedre) at dei får tilskottet. På ein 300 kg ‘s okse utgjer det 1.110 kr. ekstra.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA I eit utplukk av 20 tilfeldige buskapar som alle leverte minst 15 okseslakt i 2012, fann eg fylgjande resultat på ung okse i middel: Tabell okseslakt

Det er logisk at «store» buskapar oppnår noko betre resultat enn i mindre buskapar fordi det er lettare å få til jevngamle dyr i kvar binge når det er mange å ta av. Variasjonen i talmaterialet var likevel påfallande stor. Nokre buskapar hadde låge tilvekst-tal; heilt ned mot 400 g slaktevekt /dag. Dei same buskapane hadde låge slaktevekter. Med andre ord tek oksane opp fjøsplass lenge, men veks sakte og har låge slaktevekter trass i «normal» alder. I denne gruppa fanst det buskapar der berre 50 % av oksane havna i O el. bedre. I 4 av dei 20 buskapane oppnådde kvar einaste okse O el. bedre. Slaktevektene hjå desse varierte frå 281 til 313 kg, og slaktetilveksten frå 490 til 580 g/dag.
Vinteren 2013/14 vil bli utfordrande for mange når det gjeld grovfôrtilgang. Korleis få til gode okseslakt med lite grovfôr ? Dette blir ekstra viktig nå når slakteprisen i enda større grad er avhengig av kvaliteten på slakta ! Vi veit om buskapar som oppnår over 600 g/dag på lite grovfôr og istaden mykje og fiberrikt kraftfôr. Det kan vera ei løysing der tilgang og frakt-kostnader gjer det dyrare å kjøpe grovfôr enn kraftfôr.
Vi vil gjerne høyre om både gode og dårlege erfaringar her på bloggen om planer for okse-framfôringa i forhold til både fôrsituasjon og styrka økonomi for gode slakt ! Det kan koma mange til nytte.

juni 21, 2013 at 5:15 pm 2 kommentarer

For lite storfekjøtt også

Av Åse

Eg har akkurat lese i Bondebladet om aukande import – både av ost, yoghurt og ikkje minst storfekjøtt.  Det står dårleg til i forhold til målet i landbruks- og matmeldinga om at norsk matproduksjon skal auke i takt med folketalet.

For storfekjøtt vart importen nærare 18.000 tonn i 2012 og utgjorde rundt 19 % av forbruket, og det  er mange slakteskrottar!  Årsaken er innlysande; i løpet av dei 11-12 siste åra har talet på mjølkekyr minka med cirka 50.000, medan antal ammekyr har auka med berre 19.000 i same perioda.  Vi produserer fortsatt grovt rekna rundt 1500 mill. liter mjølk i året. Men den sterke struktur-rasjonaliseringa på mjølk gjer at mange fleire nå vil utnytte avdråttsevna til kyrne.  Tilskotta pr. ku dekker ikkje meirkostnaden til ekstra fôr, fjøsplass og arbeid i buskapar over 16 kyr.  Og sidan stadig fleire kyr er i store buskapar får vi stadig færre mjølkekyr å produsere kalvar på. Altså mindre kjøtt.

Kan mjølkeprodusentane likevel bidra til å tette ein del av gapet mellom behov og norsk produksjon av storfekjøtt, og kva er i så fall tiltaka for å få det til ?  Politikken er ikkje så lett å påvirke, men enkelte faktorar styrer vi sjølve i driftsoplegget. Statistikken viser at 16 % av alle «ung okse» er under 250 kg slaktevekt.  Mykje skuldast sikkert plassmangel, særleg når den fyrste snøen kjem kvar haust…  Gjennom fôringa kan vi påvirke framfôringstida mykje, så med god planlegging kan oksane bli vesentleg tyngre enn 250 kg og slaktemodne på 14-15 månader om vi berre fôrar dei deretter. OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kvigeslakt utgjer 8 % av alle storfeslakt.  Mykje av dette er vel kviger som ikkje blir drektige innan rimeleg tid, og i så fall er det lite å gjera med det. Kvigefôringa – kanskje særleg dårleg haustbeite ? – påvirkar nok desse resultata. SpermVital vil kanskje gje oss litt «drahjelp» på dette etter kvart.

Vi ser at det er stor skilnad mellom buskapar på antal kalvingar pr. årsku; midlet er rundt 1,15.  Talet blir høgt viss vi inseminerer «alle» aktuelle kyr og kviger, og utrangerer tilsvarande hardt. Høg utrangering for å lage mange kalvar er positivt med tanke på kjøttforsyninga; medan høg utrangering som fylgje av jurhelseproblem er dyrt.

Iflg. Kukontrollen er 3,8 % av kalvane daudfødte eller krepert; dvs. ca. 9000 kalvar på mjølkebruka.  Dette er kjempelågt i forhold til andre land.  Kanskje kan det likevel bli enda betre, og kalvefôringa og miljøet kalvane får påvirkar uansett tilveksten og dermed kanskje slaktevektene i neste omgang.

Vi skal sjølvsagt vera glade for avdråttsauken så lenge den er og har vore nødvendig for å få dekke behovet for mjølk (og mjølkefett !).  Konsekvensen er at stadig meir av norsk kjøttbehov må dekkast gjennom fleire ammekyr eller import av kjøtt.  Det er kanskje tid for ein djupare diskusjon om korleis norske fôrressursar best skal utnyttast, der målet er å dekke behovet både for mjølk og storfekjøtt.  Kombinasjon mjølk/kjøtt på same rase gjev iflg. forskninga høgast samla energiutnytting og minst utslepp av klimagassar.

Dette vart mange spørsmål og relativt lite fôring,  men sikkert problemstillingar som mange har gjort seg tankar om.  Nå er det fritt fram på bloggen !

 

januar 9, 2013 at 9:57 pm Legg igjen en kommentar

Julehelsing

Av Åse

Så kom julekvelden litt for fort på kjerringa (meg) i år også….. Her kjem iallfall ei forsinka julehelsing til alle som fylgjer Topp Team Fôring-bloggen.  Nå har eg akkurat kome att frå ein flott skitur.  Minus 10-12 grader, mykje snø i trea, bleik desembersol, flotte skiløyper og ei bikkje som også syntest det var godt å lea seg litt – stort betre kan det ikkje bli !  Ellers er eg budeie i heile jule- og nyttårs-høgtida og gler meg over friske og fornøgde dyr, og at kyrne gjer alt dei kan for å fylle 2012/13-kvota.

I dag har eg ikkje tenkt å skrive noko om fôringsfaget; men berre konstatere at tala frå Kukontrollen i heile haust tilseier at det går jevnt bra  – kyrne har vel aldri mjølka meir, fett-prosenten er mykje betre enn på same tid i fjor og ureaverdiane i mjølka har gått pent ned; dvs. vi sløser mindre med proteinet enn før ser det ut til.  Fleire har teke grovfôranalyser i haust enn før, og auka fokus på fôringa bidreg til gode resultat. Da eg var på matbutikken i dag såg det heldigvis ut til å vera nok både TINE-smør, fløyte og rømme å ta av.

Her ved foten av Jotunheimen har vi hatt ein grei vinter så langt utan sprengkulda som vi fekk smake dei to førre førjuls-vintrane. Før jul gjekk det nokre tankar til yrkes-søstre og -brødre i Rogaland da snøkaoset der herja som verst.  Det er iallfall godt at vi TINE-bønder i  fellesskap dekker tapt mjølkeoppgjør for dei som må tømme ut mjølka når tankbilen ikkje kjem fram.

Med eit bilde frå dagens skitur ynskjer eg lesarane fortsatt God Jul !

Skitur 27.12.12 Sandranden 2

desember 27, 2012 at 1:21 pm Legg igjen en kommentar

Godt gjort !

Av Åse

Vi fylgjer spent med på resultata i Kukontrollen på landsbasis månad for månad.  Og det ser bra ut !  Kyrne mjølkar meir enn i 2011, og gjev samtidig høgare fett-%. Kraftfôrmengda pr. ku pr. dag har auka litt.  Det er naturleg når det er plussa på 7 % på grunnkvotene (3 % på enkeltbruk med  400.000 liter og samdrifter med 750.000 liter kvote).   Meir kraftfôr senkar eigentleg fett-innhaldet i mjølka, men sannsynlegvis et kyrne også meir grovfôr etter at vi kom over på 2012-avlinga. Både høgt grovfôropptak  i seg sjølv og mykje sukker i surfôret påvirkar vomgjæringa slik at det blir meir byggestoff til mjølkefett.   Grovfôranalyser av 2012-avling viser i gjennomsnitt meir energi, meir sukker og lågare fylleverdi enn i 2011-avlinga. Sjå tabell 1.  Riktig kraftfôrvalg  har sikkert også betydning for dei gode fett-%-resultata. 

Grovfôrkvalitet nov.12

Sjølv om fett-% i middel for alle buskapar er bra i haust, slit enkelte med «tynn» mjølk.  Ingunn Schei  i TINE Rådgjeving har plukka ut resultata på tankanalysene i sep.+okt.+halve nov. og lista ut alle med under 4,0 % gjennomsnitt i perioda.  Dermed kan nøkkelrådgjevarane fort sjå korleis det står til med «sine» buskapar. Tiltak for å auke fettprosenten er mest aktuelt for dei  som ligg godt ân i kvotelfylling, i tilfelle avdråtten skulle gå litt ned samtidig.

På landsbasis var middel fett-% 4,18, og ca. 10 % av buskapane låg under 3,9 % fett.  Om lag kvar fjerde buskap var under 4,0 % denne perioda.   Det såg ikkje ut til å vera nokon samanheng mellom størrelsen på mjølkekvote og fett-% i mjølka. Regionane Vest og Nord hadde lågare fett-% enn resten av landet. Det kan skuldast meir bruk av kraftfôr og for Vest sin del avspeglar det kanskje også at det er mykje tidleg haustkalving i regionen.

Ein auke på 0,5 tidelar fettprosent (f.eks. frå 4,15 til 4,20%) på 1500 mill. liter mjølk vil gje 750 tonn meire mjølkefett, som kan bli 915 tonn smør.  Altså meir enn importen som er venta å bli rundt 735 tonn smør i 2012. 

Dette viser kor viktig den auken i fett-% som vi har fått nå i haust er; og vi får tru at fortsettelsen blir minst like bra.  Vi håpar at mange vil dele egne erfaringar om tiltak som har gjeve feitare mjølk her på bloggen! Kraftfôrindustrien har kome med spesialblandingar og «råvarer» som kan virke positivt. Men kanskje er det fyrst og fremst betre og meir grovfôr som har gjeve resultat ?

desember 1, 2012 at 11:26 am Legg igjen en kommentar

Eldre innlegg Nyere innlegg


Arkiv