Mjølk – godt både for kalvar og folk .

august 25, 2013 at 7:44 pm 7 kommentarer

BildeAv Åse

I ein eller annan debatt for nokre år sidan sa ein politikar at «melk er for kalver».  Ho meinte at folk godt kunne greie seg utan mjølk.  Det siste er er eg ikkje enig i, men kumjølka er sjølvsagt sunn for kalvane også.  I førre blogg-sak skreiv eg om den fyrste viktige råmjølka. Kva så med mjølkefôringa vidare ? 

Dei fyrste 10 måla frå kua skal uansett ikkje på gardstanken.  Innhaldet er fortsatt «råmjølk», sjølv om den blir meir lik «vanleg» mjølk etter kvart.  Råmjølka er næringsrik og viktig å ta  vare på, og fyrst og fremst bruke til dei yngste kalvane.  Ved å syrne mjølka kan vi fôre av den i fleire dagar = god start for spekalvane.  Bruk søt mjølk dei tre fyrste dagane, deretter gradvis overgang til syrna mjølk.  Dei fleste kalvane tek overgangen fra søt til sur mjølk fint, og dei fordøyer den sure betre og blir meir robuste mot diarê.  Kalvane bør helst få mange mindre porsjonar mjølk pr. døgn, men utan automatfôring kan dei greie seg med 2 tildelingar av 2 – 2,5 liter per gong, avhengig av kor stor kalven er.  Det er iallfall ikkje verdt å vera «snill» og gje dei store mengder om gongen – da blir det overfylling i løpen og sjuke kalvar.   

Så må vi velja om kalvane skal få «tankmjølk» heile mjølkefôringsperioda, eller om dei skal over på mjølkeerstatning etter kvart (ikkje aktuelt i økologisk drift).  Ein god kollega i Nortura seier at kvar kalv SKAL ha minst 100 liter råmjølk + tankmjølk.  Mange kyr gjev om lag denne mengda i løpet av dei 10 fyrste måla,  så kvotefyllinga blir lite påvirka av eit slikt «krav».    Med  5-6 liter per dag i middel i 8 veker går det med 280 – 340 liter mjølk.  Mjølke-erstatningane er mindre energirike enn heilmjølka, så det trengs litt større dagleg mengde for å kunne forvente lik tilvekst.  Kanskje greier også kalvane å ta att noko ved å eta meir kraftfôr ?   Det er også mange ulike mjølkeerstatningar å velja mellom, så det er viktig å fylgje «oppskrifta» på sekken for å få riktig styrke på blandinga.

Evt. mjølkeerstatning bør også  vera syrna, og hugs gradvis overgang.  Nokre bønder fortel om dårleg erfaring ved bruk av mjølkeerstatning, medan mange seier at det  går heilt fint berre ein er nøye med syrninga, blandingsforholdet mellom pulver og vatn og ikkje går over før kalvane er rundt tre veker gamle.

Det er mange meiningar om riktig kalvefôring, og eg håpar mange vil dele erfaringar her på bloggen.  Noko av det viktigaste er uansett å gje kalvane eit godt miljø, sjå godt på dei under kvart fjøsstell og setja inn tiltak med ein gong viss det er slappe kalvar.

 

Advertisements

Entry filed under: Ukategorisert.

Tørkar graset raskare med stengelknekkar? Ammoniakkhalm – billig eller dyrt å kjøpe ?

7 kommentarer Add your own

  • 1. Marit B  |  august 27, 2013, kl. 7:54 am

    Eg har ofte undra meg over at folk har så fine kalvar sjølv om dei kanskje ikkje «følgjer boka» i alt. Då er det nok det siste poenget du tek opp, Åse som avgjer. Kalvestell er omsorgsarbeid!
    Brukar du tid nok på kalvane og følgjer dei opp, ser det ut til at dei vert fine nærmast same kva metode du brukar for fôringa. Det betyr mindre om det er heilmjølk heile perioden eller mjølkeerstatning ei stund, søt eller sur drikke, smokk eller bøtte. Godt miljø heilt frå fødselen av, nok god råmjølk i tide og omsorg heile vegen har vorte viktigaste stikkorda mine for godt kalvstell.

    Svar
  • 2. Ole Kristian Sæterbø  |  august 28, 2013, kl. 11:04 am

    Kunne ikke vært mer enig enn med Marit B.
    Jeg mener det aller viktigste er å holde kalvene friske og uten løs mage, fasit på det finns ikke. Også er det sånnn som i annet omsrgsarbeid, en må se enkeltindividet, kanskje må en kalv få melk mye lengre enn de andre, kanskje den lille svake der må få være i enkeltbinge lengre.
    Bruk tid på kalvene, ikke slurv eller andre snarveier, de fortjener det beste stakkars små…

    På hvilket grunnlag sier kollegaen din i Nortura at alle kalver skal ha 100 l melk?

    Svar
  • 3. Åse  |  august 28, 2013, kl. 11:56 am

    Hei. Eg trur resonnementet var omlag slik: Kalven bør få heilmjølk fram til ca. 3 vekers alder, og viss han reknar 5 l/dag blir det 100 liter i alt. Mjølkeerstatning er svakare og vil derfor kreve større volum per dag enn med heilmjølk, og det er ikkje ei god løysing p.g.a. risiko for overfylling i løpen. Proteinet i heilmjølka har dessutan høgare biologisk verdi enn det som er brukt i mjølkekerstatningane. Dvs. kalven får ikkje same nytte av same antal gram protein frå erstatningsmjølka.
    Enkelte firma som selger mjølkeerstatning hevdar at det er greitt å bruke desse frå kalven er 4-5 dagar gamal, og kollegaen min i Nortura er ikkje einig i det. Derfor prata han om eit «minstekrav» på 100 liter heilmjølk.

    Svar
  • 4. Knut  |  september 13, 2013, kl. 5:06 am

    Hei! Det stemmer nok at en ofte får 100 liter heilmjølk i råmelksperioden, men du er da avhengig av å syrne denne for å få kabalen til å gå opp. På gokalven kurset til Tine ble det sagt at kalven skulle ha heilmelk i minimum 10 dager, deretter kunne en gå over på pulver om en ikke ville bruke heilmjølk. Når det gjelder melkeerstatning, kan en ikke blande sterkere blanding for å få nok energi/protein, i stedet for å auke mengden liter?

    Svar
  • 5. Lars Terje Nyhus  |  september 20, 2013, kl. 1:57 pm

    Jeg har holdt en god del Gokalven-kurs, og jeg kan ikke huske noe om mjølkeerstatninger fra 10 dager, og heller ikke kan jeg finne at det står noe i det oppdaterte materiellet no. Åses kollega i Nortura såg på maks tilvekst. Fôring med helmjølk ga mest tilvekst i de forsøka han la til grunn. Riktignok er disse forsøka noen år gamle. Da var det også mer soyaprotein i mjølkeerstatningene. Noe som små kalver hadde problemer med å fordøye. Nå er det myseprotein og hydrolysert hveteprotein som i hovedsak blir brukt i alle mjølkeerstatninger. Jeg har pr idag ikke funnet sammenlignende forsøk der de nye moderne mjølkerstatningene er sammenlignet med helmjølk. I de «gamle» forsøka så handlet det ikke om at de kalvene som fikk mjølkeerstatninger døde. De vokste imidlertid mindre enn de som fikk helmjølk. Hvordan måler vi hva som er best for kalven?

    I praksis så ser jeg mange som har problemer med å ha gode rutiner på helmjølksfôring. Dårlig helmjølk, halvsur, blåsur, bedervet osv er dårligere mjølkefôr enn mjølkerstatninger. Derfor ser vi nok hos mange at de får bedre kalver med mjølkeerstatninger. Det tror jeg skyldes at det blir enklere for mange å ha fersk god mjølk til kalvene. Så selv om vi anbefaler bruk av helmjølk i minst 3 uker så kan nok mange få finere kalver med mjølkerstatning enn med helmjølk.

    Det hadde vært meget interessant å kjørt et sammenlignende forsøk der man hadde sammenlignet helmjølk og de moderne mjølkeerstatningene, da fra ca 7 dagers alder. Men selgerne av mjølkeerstatninger vil ikke betale for et slikt forsøk, og forsøk med dyr er dyre.

    Den vanligste feilen folk som mislykkes med mjølkeerstatninger gjør er å tynne ut for mye. Dvs for lavt energiinnhold. Følger man anvisningene på sekkene så ender man med ei mjølk som har 12-15% Ts. Helmjølk har 12,5-13,0 % tørrstoff. Hvis kalvene ikke har tilgang på vatn skal man være veldig forsiktig med å blande sterkere enn det som gir den sterkeste blandinga i oppskrifta. En meget vanlig feil som gjøres hos de som bruker helmjølk er å varme mjølke ved å slå oppi 1 liter varmt vatn oppi 2-3 liter mjølk. da blir mjølka for tynn og man får ikke den koaguleringa i løpen man er avhengig av. Dette ender ofte med diarè og stusselige kalver, selv om de faktisk har fått både 5,6 og 7 liter mjølk pr dag.

    Mjølk og vatn skal gies hver for seg.

    Svar
  • 6. Claus Moe  |  september 29, 2013, kl. 8:34 pm

    Hei! Eg har i alle år syrna mjølk og gitt kalvane mine. Eg har nytta «Tine skumma kultur» for å starte syrninga i byrjinga av kvar kalvingssesong. Det same har eg gjort i år, men resultatet vart ei veldig stiv, slimaktig mjølk. Sjølv om pH og smak er bra er det veldig utriveleg å fore med. Er det ny bakteriekultur frå Tine? Eg fekk same resultat då eg nytta Tine lettrømme som startar. Kva er best å nytte som startkultur for å få god kalvemjølk?

    Svar
    • 7. Bjørn E Baadshaug  |  oktober 12, 2013, kl. 7:09 pm

      Reingjør dunker og utstyr og prøv igjen.
      Skumma kultur funker like bra som alltid her.
      Temperatur og kvalitet på mjølka påvirker også i perioder.
      Vi setter bare i gang på nytt hvis vi får utrivelig kultur.
      Trur du må leite etter årsaken heime…..

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: