Posts tagged ‘avdrått’

Er intensiveringen i mjølkeproduksjonen bærekraftig?

Av Åse

NRF

Dette er temaet på eit stort fagmøte med politisk paneldebatt i Oslo 19.mars, som Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap på NMBU, NILF, TINE, Geno, NFK og Nortura inviterer til. Interessa for temaet både hjå rådgjevarar, bønder, forskarar og politikarar er tydelegvis stor. Møtet har plass til 200 deltakarar og dette er fullteikna, med venteliste i tillegg. Eg er av dei heldige som skal dit.

I fagmøtet vil forskarane i prosjektet «Strategier i mjølk- og kjøttproduksjonen på storfe» legge fram resultat av studiane om konsekvenser av fortsatt auke i mjølkeytelsen hjå kyrne. I invitasjonen til fagmøtet er dette oppsummert slik:

  1. Økt forbruk av kraftfôr, og følgelig økt arealbehov til korndyrking
  2. Sterk økning i importbehov av proteinkraftfôr (soya) og mindre behov for areal til grovfôrdyrking med totaleffekt: Betydelig økt avhengighet av jordbruksarealer på andre kontinenter for nasjonal matproduksjon
  3. Redusert evne til å øke mjølkeproduksjonen i takt med befolkningsøkningen på en bærekraftig måte
  4. Vesentlig mindre kjøtt fra mjølkekupopulasjonen, og betydelig økt importbehov av storfekjøtt hvis ikke antall ammekyr øker raskt
  5. Negative miljøeffekter

Ut frå programmet å døme blir det fokus både på fôrressursar, klimagassar og andre miljøeffekter, økonomiske konsekvensar og sjølvsagt vegen vidare for norsk mjølkeproduksjon.

Som TINE-rådgjevar er hovudfokus å bidra til optimalisering av drifta med tanke på best mogleg økonomi for den enkelte bonde. Politikarane har ansvaret for å utforme virkemiddelbruken slik at bondens rammevilkår stimulerer til å drive garden på ein bærekraftig måte ut frå samfunnsøkonomisk og miljømessig vurdering. Ser dei alle samanhengane ? Auka avdrått og reduseret kutal gjer at vi er nede på rundt 75 % norskprodusert storfekjøtt nå. Dette samsvarar dårleg med Landbruks- og matmeldinga, som bl.a. slår fast at matproduksjon skal aukast i takt med befolkningsveksten. Harald Volden har berekna at 84 % av mjølka vår blir produert på norsk fôr (grovfôret pluss 63 % norskproduserte råvarer i kraftfôret). Er dette for lågt ?

KK-data intensiv mjølkeprod

Utbygging av fjøs dreier seg nå mest om robotfjøs, og dei fleste ynskjer naturleg nok å utnytte kapaisteten til roboten. Dermed vil ein stadig større del av norske kyr vera i buskapar med 60-70 kyr. Sidan det også er relativt enkelt å skaffe seg meire kvote, vil mange mjølkebønder finne det lønsamt å satse på høg avdrått. Og vi greier tydelegvis å fôre så godt at avdråtten aukar fort, jfr. figuren med tal frå Kukontrollen dei siste 10 åra. Dermed treng Norge færre mjølkekyr enn før sjølv om vi har ei stabil totalmengde på rundt 1500 mill. liter per år. Og dermed blir det færre kalvar til kjøttproduksjon.

Kva er eigentleg det idêelle avdråttsnivået i Norge ? Dette fagmøtet blir forhåpentlegvis lærerikt både for politikarane og alle andre som har fått plass.

Advertisements

mars 15, 2015 at 8:36 am 4 kommentarer

Høg avdrått og høgt grovfôropptak heng saman

Av Åse

Eg har drivi mykje med  TINE Effektivitetsanalyse i det siste. Da får vi blant anna rekna ut grovfôropptaket pr. ku og dag på ein svært god måte.  Programmet reknar ut sannsynleg totalt fôrbehov for alle kyrne, og trekker frå kraftfôret ut frå faktisk innkjøp, status-korreksjon og fordeling mellom kyr og ungdyr. Så blir sum grovfôr til kyrne delt med antal fôrdagar.  Sikrare måte å etterrekne grovfôropptaket på finst neppe. Men det er stor variasjon i tala, og på landsbasis har det auka frå 7,9 FEm / ku / dag i år 2000, til 8,4 FEm i middel i 2010.

Eg vart nysgjerrig på kva som evt. skiljer mjølkebruk med høgt grovfôropptak på kyrne frå dei med lågt grovôropptak. Tabellen viser nokre resultat basert på EK-tal frå heile landet ; riktignok i 2008.  Men eg tippar mønsteret er det same nå.

Grovfôr-opptak, FEm / ku / dag Kg EKM / årsku Liter levert / årsku Brutto grovfôrpris, kr/ FEm Kraftfôrkostnad, kr/liter levert mjølk Mjølk – fôr, kr. / liter
< = 7,0 6831 6190 2,87 1,31 2,31
7,1 < = 7,5 6963 6213 2,75 1,18 2,40
7,6 < = 8,0 7094 6296 2,55 1,12 2,46
8,1 < = 8,5 7088 6249 2,44 1,07 2,54
8,6 < = 9,0 7293 6404 2,33 1,01 2,62
9,1 < = 9,5 7466 6531 2,37 0,97 2,68
9,6 < = 10,0 7757 6748 2,25 0,93 2,73
> = 10,1 7858 6704 2,08 0,87 2,86

Dess høgare grovfôropptak, dess høgare avdrått er det altså jevnt over i buskapane.  Og dei som får i kyrne mest grovfôr produserer også det billegaste grovfôret og har naturleg nok lågare kraftfôrkostnad pr. liter mjølk.  Dermed oppnår dei høgare ”Mjølk – fôr”. EK-tala tyda ikkje på at grovfôropptaket er annleis i småe enn i store buskapar.

 Så er spørsmålet om kva som er årsak og kva som er verknad her ?  Har dei med lågt grovfôropptak så lite grovfôr å ta av at dei like godt kan bruke meir kraftfôr heller enn å kjøpe inn ekstra grovfôr ?  Eller hadde det vore betre om kyrne åt meir grovfôr likevel, for da ville kanskje kvar ku mjølka meire ?  Og færre kyr for å fylle kvota ville spart mykje grovfôr….

Eller dreier ikkje dette seg om graden av tildelt appetittfôring, men om kvaliteten på grovfôret kanskje ? Utviklingsstadium i graset ved hausting og gjærings-kvaliteten i surfôret spelar opplagt også ei rolle på grovfôropptaket. Nå i desse slåttetider legg vi derfor i stor grad grunnlaget for kor mykje grovfôr kyrne vil eta i komande innefôringssesong.

juni 23, 2011 at 6:25 am Legg igjen en kommentar

Høg avdrått og feittprosent

Av Ingunn

I forrige innlegg lurte eg på om sur vom (SARA) er eit problem i Norge. I den forbindelse kom det opp dette med feittprosenten i mjølka, og at den ofte er låg når innhaldet av lettfordøyelege karbohydrat i fôrrasjonen er høgt. Eg har plukka ut ein del tal frå besetningar med høg avdrått i kukontrollen for å sjå korleis feittprosenten og ein del andre tal for desse besetningane ser ut. Besetningar med høg avdrått er plukka ut fordi desse må ha eit høgt fôrnivå på kyrne, og fordi det set større krav til energiinnhald i fôrrasjonen. Besetningar med over 9000 kg mjølk per årskyr i 2009 vart satt som grense og då fekk eg ut 230 besetningar. Tabellen under viser gjennomsnittstal for desse besetningane. I gjennomsnitt låg besetningane på knapt 9500 kg/årsku i avdrått, men dei leverte ca. 10% mindre mjølk enn dei har kvote for. Feittprosenten er over 4 og kan derfor ikkje relaterast til noko problem med for mykje lettfordøyelege karbohydrat i rasjonen. Når eg så tel opp antal besetningar med feittprosent under 3,8 så får eg fram 43, eller 19% av dei 230 besetningane, altså ein høg andel! Her kan vi kanskje sjå eit potensiale for å nøste i noko! Motsatt så er det 64 av besetningane som har feittprosent høgare enn 4,2 (og har også bra protein%). Eg skulle gjerne visst kor mange av dei 230 produsentane som brukar TINE Optifôr til å balansere fôrrasjonane? TINE Optifôr er eit godt hjelpemiddel for å oppnå høg avdrått og samtidig ha kontroll på vomma gjennom variablar som ”vombelastning” og ”tyggetidsindeksen”. Desse dataene tyder også på at mange produsentar er dyktige med å få til både høg avdrått og god feitt- og proteinprosent. Lurer på kva desse produsentane legg vekt på i fôringa, t.d. grovfôrkvalitet og om dei vel kraftfôrblandingar med låg vombelastning (t.d. mais, durra)?

Mjølk pr årsku 9486
Leverings% 89,7
Antal årskyr 27,7
Feitt% 4,05
Protein% 3,38
Laktose% 4,68

oktober 27, 2010 at 7:46 pm 20 kommentarer

Tør døkk stole på høgt grovfôropptak ?

Av Åse

Nå har eg lyst til å skrive litt om fôrplanlegging når grovfôrkvaliteten er god. Da blir tilrådde kraftfôrmengder i TINE OptiFôr såpass låge at nokre bønder kvir seg for å gje så lite….

Eg har samanlikna fôrrasjonar for to surfôrprøver på ein gard:

* uNDF er gram ufordøyeleg NDF / kg NDF (NDF er fiber). Gjæringskvaliteten var litt betre i den energirike prøva enn i den seint hausta.

Eg rekna fôrplan for ei vaksen NRF-ku, 600 kg levandevekt, i laktasjonsveke 10, og med ulike dagsavdråttar. Resultata vart slik:

For kua på 32 kg EKM vart berekna surfôropptak 15,6 kg TS av «energirikt surfôr», og 12,0 kg TS av «seint hausta surfôr».

Tør døkk bruke så lite kraftfôr som tabellen viser for det energirike grovfôret ? Går det bra, eller minkar mjølka for fort da ?

Eg var så heldig å få delta på ein fôringsdag for rådgjevarar i Danmark nyleg. Åshild Taksdal Randby hadde to innlegg om resultat i forskningsprosjektet «Mer og bedre grovfôr» ved UMB, eitt på mjølkekyr og eitt på oksar. Nokre av desse resultata vart også presentert på sluttseminaret til prosjektet, og den presentasjonen finn de her. Det eg har kalla «energirikt surfôr» i tabellen min, er ørlite dårlegare enn «Svært tidlig høsta surfôr» i UMB-forsøket.

Stutt fortalt viste UMB-forsøket at kyrne som fekk det nevnte surfôret og 0, 4 el. 8 kg kraftfôr attåt, åt 15-18 kg TS surfôr. OptiFôr’s utrekningar gjev altså omlag det same. Forsøkskyrne som ikkje fekk kraftfôr, mjølka 20-24 kg på berre grovfôr. Kyrne som fekk 12 kg kraftfôr mjølka mindre enn dei som fekk 8 kg!

Med godt gjennomført appetittfôring med energirikt grovfôr skal det vera mogleg å produsere mykje mjølk på lite kraftfôr. Det må vera noko å satse på for alle som har rikeleg fôrgrunnlag.

I eit dansk forsøk som også vart gjennomgått på fôringsdagen i Danmark, prøvde dei 4 ulike kvalitetar av gras/kløver-surfôr. Det vart brukt 1/3 maissurfôr og 2/3 gras/kløver-surfôr, og fôrrasjonar der grovfôret utgjorde 50 % eller 80 % av tørrstoffet. Forsøket viste berre litt høgare ytelse på lågaste grovfôrandel (+0,5 kg EKM). Men samansetjinga av mjølka var nokså forskjellig; 80 % grovfôr i rasjonen gav klart høgare fett-% og lågare protein-% enn berre 50 % grovfôr i rasjonen. Tidleg slått (NEL20 6,5-6,6 MJ/ kg TS) gav 1,7-2,0 kg EKM høgare dagsytelse enn sein slått (NEL20 6,0-6,1 MJ/ kg TS).

Det skulle vore artig å høyrt litt her på bloggen om kva erfaringar døkk har med kraftfôrlister oppsatt i OptiFôr. Får døkk den forventa avdråtten – enten døkk har eit «energirikt surfôr» som i eksemplet mitt, eller når døkk har noko som liknar meir på «seint hausta surfôr» ?

september 21, 2010 at 1:33 pm 8 kommentarer

Erfaringer med bruk av Tine Optifôr Ku

Av Ingvild

Mange forhold rundt bruk av fôrplanleggingsprogrammet er tatt opp andre steder i bloggen, og jeg har lyst til å ta opp noen av de praktiske erfaringer/forhold jeg har møtt på hos produsenter som bruker programmet.

I forhold til generelle fôrplaner gir Optifôr mulighet til å skreddersy en fôrplan til enkeltbesetninger og til enkeltdyr. For å utnytte denne muligheten bør forutsetningene i fôrplanen stemmer godt med virkeligheten. 

Hvor høyt er egentlig grovfôropptaket i min buskap?
Hvilken appetittfôringsprosent i Optifôr Ku tilsvarer grovfôropptaket i min buskap? To besetninger er ikke like, og i tillegg til forhold ved fôr og dyr som Optifôr tar hensyn til, spiller mange ”management” -faktorer inn på hvor mye grovfôr kyrne har tilgang på og i virkeligheten tar opp. En grov tommelfingerregel er at 100 % appetittfôring betyr 5-10 % rester på fôrbrettet. Kyrne skal altså ha mulighet til å vrake fôr, men rest-mengden kan være vanskelig å anslå på øyemål. Mange synes tvert om det virker som om kyrne eter mer grovfôr hvis de må ete tomt av og til, men er det virkelig sånn? En fôrkontroll over en eller flere dager vil gi et reelt svar på hvor mye grovfôr som faktisk tas opp i løpet av et døgn. Det vil være et godt utgangspunkt for å legge inn riktig appetittfôringsprosent i Optifôr. Forutsetter kjent tørrstoffinnhold i grovfôret.

Hvor store er egentlig kyrne mine? 
Standardvektene i Optifôr Ku er en beregning basert på gjennomsnittlig slaktevekt i Kukontrollen. Hvis det finnes slaktedata på minst 20 dyr innen et laktasjonsnummer i egen buskap vil dette være grunnlaget for hvilken vekt programmet foreslår der. Dette gir en indikasjon på hvor store dyr du har, men representerer ikke nødvendigvis de kyrne som står i fjøset og som det skal lages fôrplan for. Du har derfor mulighet til å endre både de generelle vektene og vekt på enkeltkyr. Husk å justere ned vekten på spesielt store kyr i programmet. Vurder også hvor mye av brystmålet som skyldes avvik fra holdpoeng 3, som jo er utgangspunktet for beregningene i Optifôr Ku.

Hvor mye melk har kua på prøvetakingsdagen?
Brunst, sykdom og andre forhold kan gjøre at enkelte kyr får store svingninger i melkemengde mellom veiinger uten at det er dette vi ønsker å fôre etter. Det kan være nødvendig å gå inn og justere melkemengden i slike tilfeller. En gårdbruker jeg snakket nylig med tente på ideen med strategifôring, men ønsker fortsatt å lage individuell fôrplan hver måned. Nå har hun lagret generelle fôrplaner etter laktasjonsuke for noen aktuelle avdråttsnivåer. Hun vil ha et sideblikk på disse planene når hun lager individuell fôrplan etter ny veiing. Sånn får hun et inntrykk av hvordan enkeltkyrne ligger an i forhold til forventa utvikling fram mot avsining. Melkemengde på de tre siste kontrollene sees også i skjermbilde ”dyr” og gjør det lett å oppdage avvikende melkemengder som kan skyldes spesielle forhold på veiedatoen.

Avstand ingen hindring for oppfølging
Kukontroll – medlem og rådgiver kan være pålogget medlemssiden til produsenten samtidig, og rådgiver kan også opprette ”nettmøte” mellom seg og produsent der begge ser samme skjermbilde. Dette gjør det enkelt for rådgiver og produsent å samarbeide om å lage gode kraftfôrlister.

mai 11, 2010 at 8:01 am Legg igjen en kommentar


Arkiv