Forfatter arkiv

Vèr nøye med våronn og slått – unngå sporar i mjølka!

Av Ingunn

Ny våronn står for dør og det er dermed tid for å legge grunnlaget for eit godt grovfôr til neste sesong. Det gjeld ikkje berre nærings- og gjæringskvaliteten i surfôret, men også den hygieniske kvaliteten. Det har auka med sporar i mjølka i vinter, og det gir store utfordringar for industrien og kostar TINE mykje pengar. Det er mykje ein kan gjere for å unngå å få sporar inn i mjølka, då spesielt relatert til hygiene i fjøs og jurvask. Opphavet til sporane er imidlertid oftast surfôret så kvifor ikkje «ta problemet ved rota»? Legg difor ekstra arbeid i å unngå å få sporane inn i surfôret.

Kva seier årets fôrprøver om den hygieniske kvaliteten?

I grovfôrbasen vår (FAS) så kan vi sjå kva som er tatt av hygieniske analyser av fôret i haust og vinter. I alt 158 «hygienepakkar» er analysert og det inneber at ein får opplysningar om innhald av smørsyresporar, bacillussporar, enterobakteriar og koliforme bakteriar, gjærsopp og muggsopp. I tillegg er det ca. 70 prøver til analyse av smørsyresporar som enkeltanalyse. Tabellen under viser at av dei analyserte prøvene så er det mykje smørsyresporar, bacillussporar og gjærsopp. I 2011 hadde vi eit prosjekt med undersøking av hygienisk kvalitet i surfôret. Då var også smørsyresporar og gjærsopp også hovedutfordringa når det gjaldt den hygieniske kvaliteten, medan det var lite problem med bacillussporar. Bacillussporane ser dermed ut til å ha auka i omfang i forhold til i 2011. Bacillussporane finst naturleg i jord og husdyrgjødsel, så det gjeld same opplegg som for smøresyresporane for å unngå å få disse inn i siloen.

Figur 1. Fordeling av prøver (%) etter kvalitetskriterier.

Hyg_kval2014_15
Våronn og slått

Ståande gras som veks på jordet er nesten fritt for smørsyrebakteriar og sporar, med unntak av heilt nedst på stengelen. Forureining av stengelen med jord, dødt plantematerial og husdyrgjødsel under slåtten vil auke sporeinnhaldet dersom det kjem inn i siloen. Det er ein sjølv og korleis ein haustar som i veldig stor grad bestemmer kor stor slik forureining blir. God tromling tidleg vår og unngå køyring på vår mark som gir store traktorspor sparer ein for mykje bry seinare. Husdyrgjødsla bør køyrast ut før planter og bladverk har fått utvikla seg. God vatning/nedbør etter spreiing av husdyrgjødsel vil hjelpe.

Fortørking og raking

Har ein problem med sporar i mjølka så bør ein unngå for mykje handtering av graset på bakken under fôrtørking. Breispreiing av graset som inneber mykje raking aukar faren for å få med jordpartiklar. Under bra vèrforhold greier ein godt 30-35 % tørrstoff sjølv om stengelen ligg i ro.

God gjæringskvalitet

Smørsyresporane blir lite påverka av tørrstoffinnhaldet i graset, men for at dei ikkje skal utvikle seg som bakteriar så er det viktig å redusere vekstbetingelsane dei trivast under. Aukar ein tørrstoffet til 35-40% vil ein ikkje få smørsyregjæring i siloen. Rask pH-senking til under 4,2 vil også hemme smørsyrebakteriane. Bruk av ensileringsmiddel med riktig dosering for å få ei effektiv ensilering er viktig. Kofasil-produkta er einaste middel som har direkte hemmande effekt på smørsyresporane, og det kan brukast i rundballar og i open plansilo med god lufttilgang (viktig å vere obs på giftige gassar). Så er sjølvsagt god kutting av graset, rask ilegging i silo, god pakking og tildekking viktige moment.

Her er ei liste over aktuelle tiltak under våronn og slått:

  • Tromle vekk ujamnheiter i bakken
  • Unngå køyring på for våt mark slik at traktoren lagar spor
  • Unngå spreiing av husdyrgjødsel etter at blada utvikla seg
  • La stubbehøgda ved slåtten vere 10-12 cm, ikkje lågare enn det
  • Unngå for mykje handtering av graset under fortørking
  • Fortørke graset til 30-35 % for å redusere gjæringsaktiviteten
  • Ved pakking i plansilo; unngå køyring med skitne hjul
  • Bruk ensileringsmiddel med riktig dosering
Advertisements

april 7, 2015 at 11:37 am Legg igjen en kommentar

To nye medlemmar frå Vestlandet i TTF

Det er Turid Haga Vange og Runar Haugland.

Runar, Erik, Turid og Noralv på erfaringsutveksling i Danmark. Til høgre Jens Melgaard, dansk rådgjevar.

Runar, Erik, Turid og Noralv på erfaringsutveksling i Danmark. Til høgre Jens Melgaard, dansk rådgjevar.

Turid blei tilsett i TINE hausten 2011, etter at ho hadde fullført sin bachelorgrad i husdyrfag ved UMB. Turid jobba 2 år i TINE Sør før ho flytta til Voss der ho tok til som fôringsrådgjevar i 2013. Ved nyttår overtok ho heimgarden i Vik der dei produserar mjølk og kjøt. Oppveksten og erfaringane med å drive eigen gard med robotmjølking gjer at Turid lett skapar tillit med sine praktiske tilnærmingar til bøndene sine utfordringar. Turid har spesialisert seg på besetningsstyringssystem i robotbuskapar, med spesiell vekt på DeLaval, der ho og er oppstartsrådgjevar. Turid var tidleg ute med å tilby fôringspakkar tilpassa kvar enkelt bonde sine behov. Dette er eit tilbod som no blir tilbydd i heile landet innan fleire fagområder. I tillegg til fôringsrådgjeving i alle typar besetningar har ho praktisk og teoretisk kompetanse innan økologisk mjølkeproduksjon, fôringsstrategiar og grovfôrproduksjon. Turid er samvittigheitsfull og ærleg som rådgjevar, og ønskjer alltid det beste for bonden.

Runar har 8 års erfaring som rådgjevar og har vore innom TINE Midt og TINE Aust, før han byrja i TINE Vest i 2009. Runar har solid fagleg bakgrunn med ein Master i Økonomi og Ressursforvaltning frå UMB. Med kunnskap innan økonomi, grovfôrproduksjon og fôring har han ei tverrfagleg kompetanse som han engasjert formidlar i rådgjevingssamanhang. Runar har dei siste åra spesialisert seg på besetningsstyringssystem i robotbuskapar, og er engasjert som oppstartsrådgjevar av både Lely og DeLaval i Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Runar kombinera her fôringsfaget med mjølkerobot på ein særs god og praktisk måte, og gjer besetningsstyringssystema forståelege og brukarvenlege for nyoppstarta robotbønder. Med mykje praktisk erfaring frå mjølkeproduksjon knyter han praksis og teori i hop på ein ypparleg måte. Runar har mykje å bidra med inn i Topp Team Fôring, noko som vil koma både bønder og andre rådgjevarar til gode.

Me ynskjer Runar og Turid velkommen i «klubben». 

april 24, 2014 at 6:05 am Legg igjen en kommentar

Fokus på fôreffektivitet i Nederland

Av Ingunn

Symp WageningenKvart år arrangerer universitetet i Wageningen i Nederland m.fl. ein dagskonferanse om fôring av mjølkekyr «International Dairy Nutrition Symposium«. Temaet varierer frå år til år, og denne gongen var det fôreffektivitet som var temaet. Kjente forskarar frå England, Tyskland, USA forutan Nederland hadde innlegg knytta til temaet og det omfatta alt frå variasjonar i grovfôrkvalitet og TMR/PMR blandingar, fôrkonservering, dyrehelse og utnytting av næringsstoff i  ulike kroppsorgan. Konferansen trakk representantar frå industrien, rådgjevarar, forskarar og studentar frå ei rekkje land torsdag den 21.november. Vi var fire frå TTF (Noralv, Bozena, Anitra og Ingunn)som tok ein kjapp tur til Nederland for å få med oss siste nytt om fôreffektivitet.

medlem.tine.no har vi skreve eit lite samandrag frå konferansen, men vi vil komme nærmare inn på fleire av temaene i seinare artiklar.

november 25, 2013 at 9:33 pm Legg igjen en kommentar

Forebygg mot sporer i mjølk, ta analyse av hygienisk kvalitet i grovfôr nå

Av Ingunn

OldedalenI 2014 vil sporer igjen bli innført i kvalitetsbetaling av leverandørmjølk.  Fôr er hovedkjelda til forekomst av sporer i mjølk, og sporane blir oppkonsentrert i gjødsla. Sporer blir i hovedsak overført til mjølka frå fjøsmiljøet i forbindelse med mjølking. God generell  fôr- og mjølkehygiene er avgjerande for lågt innhold av bakterier og sporer.

Det er derfor tid for å ta hygienisk analyse av grovfôret. Riktig disponering av fôret tilpasset dine dyr og ein langsiktig strategi med tiltak for å unngå sporer i fôr og mjølk, vil leggje grunnlaget for ein god mjølkekvalitet og økt lønnsomheit. Ta kontakt med TINE rådgjevar for å få tverrfagleg hjelp innan mjølkekvalitet og fôring.

Eurofins i Moss tilbyr analysepakke for hygienisk kvalitet i surfôr. Den inneheld analyser av smørsyresporar, bacillussporar, enterobakteriar, koliforme bakteriar, mugg og gjærsopp. I tillegg vil ein få oppgitt tørrstoff og pH i prøva. Analysen kostar kr. 665,- Det er også muleg å bestille analyse av enkeltkomponentar, f.eks.  smørsyresporar, men dette er relativt sett dyrare enn å bestille heile pakka. Analyse av kun smørsyresporer koster kr. 473,-

For å komme til Eurofins si heimeside med bestillingsskjema og prislister for grovfôranalyser så følg trykk her.

november 14, 2013 at 1:07 pm Legg igjen en kommentar

Ta fôrprøve av grønnfôr og helsæd

Av Ingunn

Foto. Erik Brodshaug

På grunn av overvintringsskadar på enga har fleire dyrka grønnfôr av korn og helsæd som kriseavling for å sikre fôrgrunnlaget for vinteren. Skiljet mellom kva som er grønnfôr og helsæd går på utviklingsstadiet ved hausting av plantene. Næringsinnhaldet varierer mykje og derfor bør du ta en fôranalyse for å få best mogleg kjennskap til næringsværdien.

Eurofins i Moss analyserer no ensilert helsæd på NIR (Nær-Infrarød måling). Dette er ei hurtiganalyse lik den som er for grassurfôr, og den omfattar alle kornslag (bygg, havre, hvete, rug) under alle utviklingsstadie, dvs også det som går under grønnfôr-betegnelsen. Vi har skreve litt om analyser av grønnfor og helsæd på medlem.tine.no, og det har også stått ein artikkel i Buskap nr 6/2013 som kan vere verd å lese.

oktober 22, 2013 at 6:47 pm Legg igjen en kommentar

Tørkehastigheit 3.slått med og uten bruk av stengelknekkar

Av Ingunn og Geir Henning

Ulsrod 0444Tidlegare i haust så viste vi resultat etter utprøving av tørkehastigheit på gras slått med og utan bruk av stengelknekkar. Testen blei gjort på 1.slåtten hos Torgeir Ulsrød i Aremark i Østfold, og i haust gjentok vi testen på 3.slåtten. Resultata frå 3. slåtten er vist i figuren under.

Graset blei slått 12.september kl. 9.00. Det var tett tåke frå morgonen av og høg fuktigheit i lufta, men tåka letta utpå dagen og sola gløtta fram. Det var registrert ca. 11 grader kl 10 om føremiddagen og kl 15.30 var temperaturen oppe i 24 grader. Det var liten bris av og til, og seint på ettermiddagen skya det til. Dagen etter starta med overskya vèr, høg fuktigheit og vindstille. Temperatur ca. 13 grader kl 9.30 og sola kom i 11-12 tida. Klokka 12.30 var det registrert 23 grader. Sol og fint vèr resten av dagen.

Som figuren under viser så var graset mykje våtare når det blei slått kl. 9 om morgonen enn 1.slåtten, med rundt 13 % tørrstoff mot over 18 % på 1.slåtten. Graset tørka sakte i starten og tørka omtrent like fort med og uten stengelknekkar. På siste prøvetaking kl 19 om kvelden hadde graset slått med stengelknekkar eit tørrstoff på 26,2 % og graset slått utan stengelknekkar 24,5 %, ein forskjell på 1,7 %-einingar. Første prøve målt på dag 2 (kl. 9.00) viser at graset har tatt opp mykje fuktigheit i løpet av natta slik at tørrstoffet gikk ned til henholdsvis 20,9 og 20,3 %-einingar for gras slått med og uten stengelknekkar. Tørrstoffet aukar jamt utover dagen, men gras slått med stengelknekkar tørkar raskare enn graset slått utan stengelknekkar. Ved siste prøvetaking klokka 15 har graset slått med bruk av stengelknekkar nesten 5 %-einingar høgare tørrstoff enn gras slått utan bruk av stengelknekkar, med verdiar på henholdsvis 31,3 og 26,1 %.

Stengelknekkar 3slått

Tørkehastigheit for 3.slått gras med og uten bruk av stengelknekkar.

Under disse hausteforholda med høg fuktigheit om natta men gode tørkeforhold på dagtid vil det ta om lag 10 timar å oppnå ca. 25 % tørrstoff, og det har relativt liten betydning om ein brukar stengelknekkar eller ikkje. Ved høg fuktigheit om natta, sjølv om ein har gode hausteforhold på dagtid, så tar det tid før graset oppnår same tørrstoff som dagen før. Bruk av stengelknekkar ser imidlertid ut til å auke tørkehastigheita vesentleg på dag 2 i forhold til utan bruk av stengelknekkar.

oktober 11, 2013 at 12:03 pm 8 kommentarer

Tørkar graset raskare med stengelknekkar?

Ulsrod 0093 GeirHAv Ingunn og Geir Henning

I ensileringsbrosjyra vår anbefalar vi å fortørke graset til 30-35 % dersom vèret tillet det. Kor lang tid må graset ligge for å oppnå dette tørrstoffet, og tørkar graset raskare når ein brukar stengelknekkar kontra om ein ikkje har stengelknekkar når graset er breispredd? Dette var spørsmål vi ønskte svar på i ei utprøving vi gjorde hos Torgeir Ulsrød i Aremark i Østfold. Vêrforholda var gode den dagen det blei slått, med sol og litt vind. Meir om utprøvinga kan du lese om på medlem.tine.no, men her er figuren som viser resultata.

Tørkehastigheit i 1.slått breispredd gras med og utan bruk av stengelknekkar.

Tørkehastigheit i 1.slått breispredd gras med og utan bruk av stengelknekkar.

Under disse hausteforholda så tek det omlag 6 timar å nå eit tørrstoff på 30 % uavhengig av om det er brukt stengelknekkar eller ikkje. Det ser imidlertid ut til at dersom ein ønskjer eit høgare tørrstoff enn 30-35 % så går tørkinga raskare om ein brukar stengelknekkar enn om ein ikkje brukar stengelknekkar, då det er tydeleg høgare tørrstoff kl. 17 og 19 første dag og ved alle tidspunkt dagen etter. Dette viser at investering i stengelknekkar har liten hensikt på tørrstoff opp til ca. 30-35 % på gras av 1.slått og gode hausteforhold.

august 15, 2013 at 8:43 pm 4 kommentarer

Eldre innlegg


Arkiv