Posts tagged ‘kukontrollen’

Antal kyr går nedover!

Av Ingunn

I november la eg ut månadsstatistikkar frå kukontrollen som viste at antal kyr gikk kraftig ned frå 2008 til 2009. I 2010 var kutalet relativt stabilt i forhold til 2009 (fram til november). Av årstatistikkane for 2010 ser vi at antal årskyr var på 205 397 kyr, ein nedgang på 826 kyr i forhold til 2009. Antal buskapar i 2010 var 9591, ein nedgang på 476 bruk. Besetningsstørrelsen auka med 0,9 årskyr og var på 21,4 i 2010.   

Månadsstatistikkane for 2011 viser at antal kyr har gått kraftig nedover i januar og februar i forhold til tilsvarande periodar året før. Frå november/desember 2010 og fram til og med februar i år var det 4000 til 4500 kyr færre kyr med kontrollar enn i 2009 (sjå figur 1 under).

Figur 1. Antal kyr i kukontrollen per månad

Avdråtten per årsku auka med 68 kg frå 2009 til 2010, og ligg no på 7125 kg. Middel dagsavdrått for januar og februar 2011 har auka med ca. 0,3 kg/ku i forhold til same tid i 2010 (figur 2). Dersom denne auken held fram vil det gi ein auka avdrått på ca. 100 kg også for 2011. Forforbruket i 2010 auka med ca. 50 FEm, og det er kraftfôrforbruket som ser ut til å ha auka. Kraftfôrprosenten ligg no på 41,0. Det tyder på at den auka mjølkemengda er produsert på auka kraftfôrmengde og ikkje på auka opptak av grovfôr.

Figur 2. Middel dagsavdrått per ku per månad

Dei som ønskar å sjå fleire statistikkar frå kukontrollen kan gå inn på medlem.tine.no under menyen nøkkeltall eller bruke denne lenken for å komme til månadsoversikter og denne lenken for å komme til den menyen med statistikkar som inneheld både månadsstatistikkar, årsstatistikkar, statistikkar for geitekontrollen m.m.

april 5, 2011 at 11:28 am Legg igjen en kommentar

Kukontrollen med blogg om Re-Ku

Av Ingunn

Dataene i kukontrollen ligg lagra i Storfedatabasen, og no skal alle dataene i storfedatabasen over på eit nytt og meir moderne teknisk system. Prosjektet heiter Re-Ku og inneber ei flytting av mange millionar registreringar. I forrige veke opna kukontrollen ein blogg om Re-Ku, og den finn de her.

Kukontrollen er utruleg viktig for mjølkeproduksjonen i Norge. Den gir kvar produsent muligheit til å få orden og oversikt over sin eigen besetning og til å kunne drive planleggings- og kvalitetsarbeid basert på faktiske opplysningar i besetningen. Videre er kukontrollen grunnlaget for styring, planlegging og kvalitetssikring av mjølkeproduksjonen i Norge. Og kva hadde vel avlsarbeidet vore utan kukontrollen? Vi har også ei lang rekke med forskningsartiklar som er basert på data frå kukontrollen, både på avl, helse og fôring. Dette forskningsarbeidet kjem så produsentane til gode gjennom nye anbefalingar, metodar og system som blir utvikla. Som eksempel kan nemnast at på fôring så har data i kukontrollen mellom anna blitt brukt til å lage likningar til bruk i planleggingsverktøy som TINE Optifôr og Produksjonskontrollen. Kukontrollen gir oss oversikt og statistikkar over det meste. Nokre av statistikkane finn du her..

Det er derfor eit viktig og nødvendig arbeid som er i gang for å modernisere kukontrollen. I tillegg er det heilt nødvendig at dataene som kjem inn til kukontrollen er så riktige og fullstendige som muleg. Det oppfordrast derfor til å legge vekt på registreringsarbeidet slik at de som brukarar skal kunne få mest mogleg igjen for arbeidet i form av korrekte data ut igjen.

mars 15, 2010 at 9:20 pm Legg igjen en kommentar

Data frå kukontrollen 2009

Av Ingunn
 
No er statistikkane frå kukontrollen for 2009 klare. Den viser at det er produsert 136 kg meir mjølk (132 kg EKM) i 2009 enn året før (Figur 1). Fett% har auka litt, protein% er relativt stabil (litt ned) og laktose% har gått litt ned (Figur 2). Fôreiningar totalt har også auka noko (Figur 1), men statistikkane viser at FEm kraftfôr per 100 kg EKM er den samme som året før (28,3). Det kan tyde på at det er ein større andel grovfôr i rasjonen, og at den ekstra mjølkemengda i stor grad er produsert på ekstra grovfôr. Ein liten numerisk nedgang i laktose% og auke i feitt% kan også indikere dette.
 
Figur1.
 
Figur2.

januar 28, 2010 at 8:12 pm 2 kommentarer

Sanne og usanne avdråtts- og kraftfôr-tal i Kukontrollen

Av Åse

Omlag ein femtedel av alle buskapar har eit avvik på meir enn 0,5 prosent-einingar mellom fett-% i Kukontrollen og fett-% i tankmjølka. I alle desse buskapane er avdråttstala i kg EKM (EKM = energikorrigert mjølk) og kraftfôrforbruket målt i FEm/kg EKM heilt feil.

Korleis dette påverkar det berekna kraftfôrforbruket er vist i tabellen nedanfor. I tankmjølka er fett-% 4,0 %, protein-% 3,3 % laktose-% 4,7 % i alle eksempla. Men i eksempel nr. 2 og 3 er det feil fettprøve-uttak, slik at fett-% i kukontrollen viser 4,5 og 5,0. Tabellen viser at buskap nr. 2 og 3 får berekna høgare EKM-avdrått og lågare kraftfôrforbruk enn buskap nr. 1, men det er berre «takka vera» feil prøveuttak !

Eksempel

Fett% KK

Kg mjølk

Kg EKM

FEm kraftfôr / årsku

FEm kraftfôr /100 kg EKM

Nr. 1

4,0 %

7000

7008

2200

31,4

Nr. 2

4,5 %

7000

7435

2200

29,6

Nr. 3

5,0 %

7000

7862

2200

28,0

 

Kva må til for å få riktige «fettprøver» ?

  1. Ta ut både av kvelds- og morgon-mjølka
  2. Blande mjølka i målerøyret nøye (tømme over i mugge, og så over i begeret til kua).

TINE har laga instruks for «vanleg» uttak: http://medlem.tine.no/trm/tp/binary?id=4770, og ein spesiell instruks for mjølkemåling og prøveuttak med AMS: http://medlem.tine.no/trm/tp/binary?id=4771.

Kvifor kan mjølkeprognosa bli feil ved feil prøveuttak ?

Prognoseverktøyet på http//medlem.tine.no brukar planlagt 305-dagars EKM-avdrått som ein viktig forutsetning. Programmet foreslår å setja planlagt 305-dagars EKM-avdrått lik buskapens historiske 305-dagars EKM-avdrått dei siste 12 månadane. Dersom denne er feil på grunn av feil fettprøver, må planlagt 305-dagars EKM-avdrått korrigerast både for 1.kalvskyr, 2.kalvskyr og eldre kyr. Ellers reknar mjølkeprognosa seg fram til meir mjølk enn det som er realistisk dersom KK-prøvene har for høg fettprosent, og motsatt ved for låg fettprosent. Kanskje du tenkjer at feilen ikkje er så stor at det gjer noko ?

I ein artikkel i Buskap (nr 7, 2009) er det vist eit eksempel som fortel noko anna. Det ligg hjelpetekst i mjølkeprognose-verktøyet om kor mykje avdråttstala må skrivast ned eller opp ved fett-avvik for å stemme med den reelle avdråtten i buskapen. Men det er betre å ta riktige «fettprøver» enn å måtte drive med dette!.

Kva har feil fettprøver med fôrplanlegginga å gjera?

Viss fôrplanen skal setjast opp etter Planlagt avdrått i OptiFôr Ku kan feil fettprøver få konsekvensar. I skjermbildet Buskap vist nedanfor får vi opp informasjon om 305-dagars laktasjonsavdrått siste 12 månader, og i tillegg er det redigerbar plass for å setja inn andre verdiar under planlagt avdrått. I den aktuelle buskapen viste KK-prøvene nesten 1,0 % for høg fett-%, og det betyr at avdråttstala for siste 12 mnd. er skikkeleg misvisande – ca. 800 kg EKM for høge.

Å lage fôrplan basert på planlagt avdrått som her (1.kalv 6300 , 2.kalv 7500 og eldre 8200 kg EKM) vil iallfall bety å forvente ein dugeleg avdråttsauke på eitt år !

Nå startar snart eit nytt kontrollår. Eg vil derfor oppfordre dei som har store avvik på fett-% i KK i høve til i tankmjølka, til å finne årsaken og i neste omgang endre uttaks-rutinene. Det gjev pålitelege tal på periode- og års-utskrifter, meir treffsikker mjølkeprognose og betre OptiFôr-planer for dei som velger «planlagt avdrått » der.

januar 6, 2010 at 10:21 am 13 kommentarer

Kva er ein god fôrplan ?

Av Åse

GrovfôrkvalitetEtter å ha vore med på å utvikle dataverktøyet TINE OptiFôr Ku er eg spent på korleis produktet blir motteke av mjølkebøndene. Det blir lagra 13.-14.000 fôrplaner på TINE OptiFôr Ku pr. år nå. Dette er jeg bare delvis fornøgd med. Dette tyder på at mange buskapar fortsatt brukar ein standard fôrplan som grunnlag for å fastsetja kraftfôrmengder til kyrne.  Altså ein plan som ikkje direkte er basert på grovfôranalyse på garden, og heller ikkje er tilpassa den aktuelle buskapen når det gjeld kor store kyrne er, fett- og protein-% i mjølka, om det er lausdrift eller båsfjøs, og om det er 100 % appetittfôring med grovfôr. Dette synest eg er litt rart…

TINE utvikla OptiFôr Ku av to hovudgrunnar:  For å ta i bruk den beste fôrvurderinga (NorFor), og for at det skal vera lettvint og dermed billig å lage fôrplaner spesielt tilpassa kvar enkelt buskap. Dette meiner vi skal bidra til best mogleg økonomisk resultat hjå mjølkeprodusentane.

For å lage ein god fôrplan må eg veta kvaliteten på hovudgrovfôret som buskapen skal eta.  Og nå legg laboratoria (Eurofins og FKRA) analyseresultata direkte inn i OptiFôr – veldig lettvint! Tilsvarande legg kraftfôrbransjen inn opplysningar om alle kraftfôrtypene og mineralblandingane. Andre fôrmiddel kan eg enkelt hente inn normale fôrverdiar for. Vidare må eg veta ”alt” om kyrne i buskapen; kor lenge etter kalving, kor mykje dei mjølkar, rase og gjerne kor store dei er.  OptiFôr hentar dette rett frå Kukontrollen. Dermed ligg alt til rette for effektiv fôrplanlegging. Og OptiFôr (via NorFor-serveren som står i Danmark !) kan rekne ut billegaste fôrrasjon til kvar enkelt ku veldig fort. Derfor kan eg setja opp fagleg og økonomisk gode kraftfôrlister kjapt – også i store buskaper.  Det kan TINE-bønder sjølve gjera også. Men det er nok lurt å gå på kurs fyrst.

OptiFôr tilbyr ulike typer fôrplaner, alt etter bondens behov og ynskje. Oftast er det mest praktisk med individuelle kraftfôrlister. Da reknar OptiFôr ut rett mengde til kvar ku spesielt. Du velger sjølv om den skal setjast opp ut frå avdrått på siste mjølkeveging, eller ut frå planlagt avdrått. Da set du inn mål for kva 1. kalvskyr, 2.kalvskyr og eldre kyr skal mjølke i heile laktasjonen.  Slik er det mogleg å styre mot bestemte avdråttsmål, og likevel få ferdig ”kraftfôrliste” til kvar ku for eksempel kvar månad. ”

Så eg vil påstå at OptiFôr gjev meir praktiske og betre fôrplaner enn standard fôrplaner, som du kan få for eksempel frå kraftfôr-leverandøren din.  Desse er ei grov hjelp, og foreslår kraftfôrmengder gjennom laktasjonen ved for eksempel tre ulike grovfôrkvalitetar og ulike avdråttsnivå. Du kan sjølvsagt ha grovfôranalyse og dermed velja plan for omlag riktig energi-innhald i fôret, men korleis velja riktig kraftfôrtype? Det er ikkje alle fôrprøver som fylgjer vanlege samanhengar mellom energi og protein.   Og du får ein jobb kvar månad med å plassere kvar ku riktig i høve til standardplanen for å finne riktig kraftfôrmengde. Eller du må greie å legge standardplanen inn i fôrtabellane i fjøs-PC’n din. 

Nå er eg spent på andres synspunkt her på bloggen…..

Utan grovfôranalyse er det fort gjort å bomme dugeleg på kor godt grovfôret eigentleg er. Berre les meir her…….

november 11, 2009 at 8:15 pm 12 kommentarer


Arkiv