Svensk film som skryter av NorFor

november 30, 2011 at 9:45 am 6 kommentarer

Av Åse

Lantbrukarnas Riksförbund i Sverige har produsert ein film som marknadsfører NorFor.  Den fokuserer på betre økonomi, mindre importert fôr og dermed miljø- og klima-venleg drift ved hjelp av NorFor-baserte fôrrasjonar.  Filmen er laga som ein reportasje fra Komstadgården i Skåne, og bonden seier at NorFor-baserte fôrplaner har ført til vesentleg meir grovfôrbasert fôrrasjon i buskapen, og at han nå erstattar store mengder importert soya med proteinråvarer som han dyrkar sjølv (mykje luserne og kløver).  Buskapen får ein fullfôrmix som skal dekke 27 kg EKM, og inntil 5 kg kraftfôr i tillegg i roboten.  I intervjuet  pratar han også om kor viktig det er å gje kvigene mykje grovfôrvolum for at dei skal bli flinke til å eta grovfôr når dei blir mjølkekyr. 

 Skåne-dialekta er ikkje så enkel å forstå for oss nordmenn, men eg sender med linken til den svenske filmen for dei som har lyst til å sjå og høyre: http://www.youtube.com/user/Lantbrukarnas#p/u/5/HxYwJl9W5eg

Etter ein heller treg NorFor-start både i Sverige og Danmark virkar det som at NorFor nå er godt etablert i desse landa.  I Norge blir det lagra velså 12.000 fôrplaner pr. år i TINE OptiFôr – som altså brukar NorFor fôrvurderingssystem.  Med velså 10.000 mjølkeprodusentar i landet skulle vi ynskje at dette talet var mykje høgare.  NorFor er unikt fordi det tek omsyn til samspelet mellom dyret og fôrrasjonen , og like eins at fôrverdien er avhengig av både fôrsamansetjinga og fôropptaket. Derfor meiner vi at NorFor-fôrplanene vil gje auka fôreffektivitet, bidra til god helse og dyrevelferd, mindre miljøbelastning og auka inntjening for bonden.  Kvotefyllinga er nå nede på rundt 90 % i middel for landet, og det ligg sannsynlegvis mykje tapt inntekt i dei prosentane som manglar.  Det kan vera mange grunnar til låg kvotefylling, men eg reknar med at fôringa er ein svært avgjerande faktor.

Statistikken over lagra fôrplaner i OptiFôr viser at ca. 22 % er satt opp av bonde, og resten av rådgjevar.  Rådgjevarane veit kvar dei skal sende eventuelle forslag til forbetring av verktøyet, men vi har neppe vore flinke til å etterlyse slike innspel frå døkk bønder som brukar OptiFôr sjølve ?  Vi samlar på alle gode idêar inntil vi får programmerings-kapasitet til å gjennomføre det viktigaste.  Bønder er sjølvsagt også velkomne til å koma med forbetringsynskje– skriv gjerne her på bloggen eller send til meg på e-post  (ase.anderssen@tine.no).

Ellers ser vi at ein del islandske kyr nå får fôrplaner ved hjelp av TINE OptiFôr etter at vi laga ein spesialversjon til Island for eit knapt år sidan.  Den største mjølkebonden på Færøyane har faktiskt også teke kontakt i håp om å få ei løysing som gjer at han kan bruke NorFor-planlegging i buskapen!

Entry filed under: Fôrmiddelvurdering. Tags: , , , , .

Prissystem for grovfôr Fettprosent i mjølk

6 kommentarer Add your own

  • 1. Hans Lindberg  |  november 30, 2011, kl. 7:28 pm

    Hej alla i Norge.

    Ja filmen som LRF har producerat är riktigt bra, och ett gott exempel på vad man kan åstadkomma med NorFor. Om Ni tycker att det är svårt med den Skånska dialekten, kan jag meddela att filmen inom kort kommer at vara tillgänglig på NorFor´s hemsida (www.norfor.info) i en version med engelsk textning. Håll ögonen öppna om Ni har svårt att förstå den Skånska dialekten. I övrigt önskar jag er en God Jul och Gott nytt år (även om vi ännu är i november

    Mvh/Hans Lindberg, Direktör NorFor

    Svar
  • 2. Åse Flittie Anderssen  |  desember 1, 2011, kl. 7:42 am

    Hei Hans.
    Ja det kan nok være aktuelt å legge ut ny link når den engelske versjonen kommer. Bra at dere får laget den !

    Svar
  • 3. Tomas  |  desember 5, 2011, kl. 6:39 pm

    Hei!

    Eg har eit spørsmål om bruk av CLA-feittsyrer i forrasjonen. Me har gjeve omlag 1,5-2 kg CLA/dagen etter kalving og fram til no, cirka 2 månadar uti laktasjonen. Me har ikkje merka noko på om mjølkemengda har endra seg, utanom at kvigen mjølkar jamt mindre enn før. Dei ligg rundt 26-32 liter/dagen mot 32-45 siste åra. Men det me derimot har sett ei endring er kjemisk sett; protein%: 0,15% lågare og feitt%: 0,3% lågare. Det var i grunn som forventa, men hovudspørsmålet mitt er:

    Kva endring kan me forventa på fruktbarheita? Me skal no byrja å inseminera, vil kyrne verta brunstig før enn normalt, syne betre brunst, eller ta seg lettare?

    Tomas

    Svar
    • 4. Åse Flittie Anderssen  |  desember 5, 2011, kl. 9:05 pm

      Hei !
      Det er lite erfaring med CLA i fôr til mjølkekyr enda, så eg veit ikkje stort meir enn den informasjonen som har kome frå Felleskjøpet og Fiskå Mølle. Eg går ut frå at det er 1,5 kg Formel Clara du har brukt (2 kg er ikkje tilrådd). Da trur eg kyrne har fått ca. 5 gram CLA pr. dag. Teorien er at det skal påvirke til lågare kg EKM (energikorrigert mjølk), og at kyrne på den måten ikkje skal få så dårleg energibalanse i tidleg laktasjon. Dermed blir hold-tapet mindre, noko som iflg. Geno-forsøk utan tvil vil bety betre fruktbarheit i form av høgare drektigheits% etter fyrste inseminering. Eg trur kanskje årsaken er summen av alle dei tre moglege effektane du sjølv nevner. Det finst mange artiklar i Buskap omkring dette, f.eks. av Per Gillund i Geno.
      Felleskjøpet har vel bl.a. lagt israelske forsøk med CLA til grunn da dei lanserte Formel Clara. Dei skriv at produktet vil senke fett-%, og at det kan gje høgare avdrått og betre fruktbarheit.
      I Norsk Landbruk (sep.2011, trur eg) refererte Kjell-Rune Vik i Fiskå Mølle resultata av fôringsforsøk med CLA som dei hadde fått utført ved UMB.
      Iflg. artikkelen reagerte 1.kalvskyr med lågare avdrått, fett-% og protein-%, medan dei ikkje fann tilsvarande hjå eldre kyr. Eg kan ikkje hugse at det stod noko om fruktbarheita.. Men eg synest nok du fekk veldig stor avdråttsnedgang på 1.kalvskyrne dine ! Det kan jo vera andre årsakar også, f.eks. anna grovfôrkvalitet i år enn ifjor osv.
      Håpar det går greitt å få kalv i kyrne i alle fall ! Dersom dei ikkje har tapt meir enn 0,5-0,6 holdpoeng sidan kalving bør det gå bra.

      Svar
  • 5. Kenneth  |  januar 25, 2012, kl. 9:49 pm

    Hei!

    Vi bruker NorFor og et program som heter IndividRAM som er utgitt av Svensk mjölk. Disse programmene «går inn i hverandre». Vår erfaring er med varierende hell. Ofte må du kunne dataprogrammet både ut og inn for å få det til å virke og alle tall på diverse paragrammer til å stemme.
    Vi driver melkeproduksjon i Sverige.

    Svar
    • 6. Åse  |  januar 26, 2012, kl. 10:50 am

      Hei.
      Ja, Sverige tek inn NorFor via sitt IndividRam, Danmark via sitt DLBR og Norge via TINE OptiFôr. Islendingene ville kjøpe tilpassing av eitt av desse tre, og valgte OptiFôr. Ein skulle kanskje ynskje at alle landa kunne bruke same verktøy fullt ut – og ikkje berre sjølve NorFor-kjerna. Men dette har med ulike tradisjonar ang. fôring og fôrplaner i landa å gjera. Til dømes set ikkje danskane opp individuelle fôrplaner, slik vi ville ha moglegheit for i Norge. Sverige ville ha PC-program, medan Norge og Danmark satsa på 100 % webbasert.

      Eg reknar med at alle programma er bra, men med såkalla ikkje-lineær optimering (som NorFor er basert på for å avspegle det som skjer i fordøyelseskanalen best mogleg) blir nok dataverktøya litt krevjande – iallfall til ein får erfaring med dei. For eksempel kan vi ha slike krav til innhald i rasjonen (energi, protein, vombelastning, fylleverdi, fettsyrer, mineraler osv) og så begrensa utvalg av fôrmidler i buskapen at enkelte kyr rett og slett ikkje kan få ein rasjon som oppfyller alle krav. Da kjem det «raude tal» og desse må løysast på best mogleg måte. Dette krev nok litt trening, men eg håpar du fortsatt har tillit til NorFor-systemet fagleg sett. Så vil sikkert dei ansvarlege for dataprogramma i alle landa gjera sitt beste for å få dei så brukarvenlege som mogleg, etter kvart som bønder og rådgjevarar varslar om forbetringsynskja dei har.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv