Prissystem for grovfôr

november 14, 2011 at 8:40 pm 2 kommentarer

Av Åse

Skal du kjøpe eller selja grovfôr ?   Da kan dette kanskje vera interessant å lesa !

TINE Rådgivning har laga eit verktøy som kan vera til hjelp når vi blir spurt om prising av grovfôr, enten det gjeld internt i samdrifter med separat grovfôrdyrking eller i den “åpne” marknaden.  Verktøyet er basert på god fôringsfagleg kunnskap og økonomiske vurderingar i forhold til dette.

Vi er klar over at grovfôr-omsetjinga og prisane er resultat av ein fri marknad.  Stor etterspørsel etter grovfôr vil føre til auka prisar, og motsatt.  Men vi meiner at prisane i for liten grad avspeglar den faktiske produksjonsverdien fôret har.  Særleg gjeld dette ved omsetjing av rundballar.  Vi vil gjerne bidra til betre vare-deklarasjon i form av fôranalyser, og i neste omgang riktige prisar i høve til desse.

For rundballar tek vi utgangspunkt i EK’s netto grovfôrkostnad i dei fem Tine-regionane som “grunnpris” pr. energi-eining i fôret. Viktigaste faktor som påvirkar kor mykje energi det er i ein rundball, er tørrstoff-prosenten.  Pr i dag trur vi at råe rundballar har for høg pris, og “tørre” rundballar er underprisa.  Dette vil vi gjerne bidra til å få meire rettferdig.

I tillegg til vanleg  grovfôranalyse bør vi helst veta vekta på rundballane også. Men vi har laga ei “naudløysing” slik at vi kan rekne ut rimeleg sikker energimengde pr. ball dersom vi har fôranalyse og får veta diameter og breidde på rundballe-pressa.

Vidare korrigerer vi pris-forslaget ut frå ein kvalitetsindeks på fôret, basert på energi-konsentrasjon, gjæringskvalitet og protein-innhald.  Vektlegginga av desse faktorane skal avspegle korleis dei vil påvirke fôrkostnaden til ein buskap.

Verktøyet “Prissystem grovfôr” inneheld også hjelp til prisvurdering av “vanleg” surfôr frå siloar, høyensilasje, høy og halm.  Vi viser til dømes kva ein kan betale pr. bunt før grovfôret kostar like mykje (inkl. frakta) som vanleg kraftfôr pr. energi-eining.  Vidare er det laga slik at ein kan legge inn f.eks. kjent kilopris (det fôrformidlaren oppgjev som pris ferdig frakta til gards) og kjent eller tippa kvalitet, og så få ut kva den oppgjevne prisen faktisk betyr i pris pr. MJ NEL20  eller pr. FEm.

 I fyrste omgang er det berre fagrådgjevarar innan fôring og økonomi som skal bruke dette verktøyet ved spørsmål om prising av grovfôr.  Med ei såpass avgrensa gruppe har vi betre moglegheit til å få informert skikkeleg om det faglege grunnlaget bak det, og få gjennomført kvalitetssikring før vi åpnar opp for utvida bruk av det blant rådgjevarane våre.   Vi oppfordrar både seljarar og kjøparar av grovfôr til å ta kontakt for å få prisforslag ved omsetjing av grovfôr.  Opplegget inneheld også ein mal for kjøpekontrakt på grovfôr.

Advertisements

Entry filed under: Grovfôr og ensilering, Produksjonsøkonomi. Tags: , , , , , .

Når kviga blir melkeku Svensk film som skryter av NorFor

2 kommentarer Add your own

  • 1. Kjartan Åsnes  |  november 18, 2011, kl. 11:28 am

    Dette ser ut som det kan verte eit veldig nyttigt verktøy.

    Eg er med i ei samdrift med separat grovfôrdyrking, og som sel grovfôret til samdrifta. Til no har vi brukt eit eige rekneark og rekna om frå antall rundballar og m3 silo til totalt antall Fem med bakgrunn i vekt, tørstoff-% og energikonsentrasjon frå fôrprøver. Og deretter betalt ein fast pris pr. Fem til dei som leverer fôr til samdrifta.
    Men vi ser vel at det vert litt for lite differanse på betalinga for godt grovfôr kontra dårlig grovfôr, spesiellt når ein brukar Tine Optifôr og ser på forskjellen i kraftfôrmengde ved dei ulike grovfôrkvalitetane.

    Testa så vidt programmet ilag med rådgjevar i går, og ser ut som det kan verte eit bra programmet for å få til ei rett prising av grovfôret. Viktigt at ein får med fleire kvalitetsparameter i utreikningane
    Men kvifor er ikkje gjæringskvalitet med som ein av faktorane når det gjeld prisvurdering av surfôr frå siloar? Siloar har vel ofte ein jamnare kvalitet, men gjæringa er vel like viktig der som i rundballar.

    Svar
    • 2. Åse Flittie Anderssen  |  november 18, 2011, kl. 1:27 pm

      Hei,
      Det er kjempebra viss verktøyet kan bli eit raskt hjelpemiddel til å rekne ut fôrprisar som avspeglar produksjonsverdien godt. Og da skal sjølvsagt gjæringskvalitet i siloar også vera med – det påvirkar fôropptaket og dermed kraftfôrkostnaden. Så du har rett og slett avdekka ein programFEIL eg har gjort !! Kvalitetsindeksen var gløymt i pris-utrekninga i siloar, men var med i rundball, høyensilasje og høy. Nå har eg retta og lagt ut den nye versjonen til rådgjevarane. Bra vi har observante bønder –
      tusen takk for hjelpa !! Eg sender deg to eksempel på e-post-addressa di, som viser at eg nå har fått gjæringa til å slå ut i siloar også.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: