Sinkufôring – grunnlaget for neste laktasjon

januar 23, 2012 at 4:47 pm 2 kommentarer

Av Åse

Vi i Topp Team Fôring har fokusert mykje på sinkufôringa i det siste, og nå har vi laga ei brosjyre om dette.  Mykje av grunnlaget for gode produksjonsresultat og god dyrehelse blir lagt nettopp i sintida.

Brosjyra innheld litt om mål og problemstillingar i sintida, ein teoridel om fôropptak og næringsbehov, praktiske råd i dei tre periodene vi deler sintida inn i , og til slutt eksempel på fôrplaner for sinkyr.  Brosjyra omhandlar i hovudsak fôringsspørsmål, slik tittelen tilseier.  Men vi har fått Helsetjeneste storfe til å skrive om sjølve avsininga, med fokus på korleis ein skal sikre god jurhelse i komande laktasjon.  Brosjyra inneheld også aktuelle tiltak for å redusere faren for mjølkefeber.  Heile brosjyra finn du i pdf-format i fagbiblioteket under fôring –> mjølkeku medlem.tine.no, og ein treng ikkje å vera innlogga for å få tilgang til den. Eller du kan kontakte TINE-rådgjevar for å få brosjyra.

Vi deler inn sintida i tre perioder slik figur 1 viser, og her er det også vist kva som er hovudfokus i dei tre periodene. Legg merke til at vi tek med dei tre fyrste vekene etter kalving som ein del av sintida, sjølv om det pr. definisjon ikkje er heilt rett.  Men vi gjer dette fordi opptrappinga med kraftfôr etter kalving er så viktig for å få ein god start på ny laktasjon.   

Figur 1.  Inndeling av sintida i tre perioder.

I brosjyra tilrår vi at kyrne får 7- 8 veker sintid.  Færre veker kan gje redusert avdrått og auka risiko for dårleg jurhelse. Lengre sintid fører lett til for feite kyr som er meir utsatt for sjukdomsproblem og dårleg fruktbarheit. Lang sintid vil også gje høgare fôrkostnader.     

Det er ein stor fordel å kunne skilje sinkyrne frå mjølkande kyr og gje sinkyrne mindre energirikt grovfôr for å unngå at dei legg veldig på seg. Fôrplanane er satt opp med utgangspunkt i ulike praktiske situasjonar; f.eks. om det er tilgang på halm eller ikkje, eventuell bruk av fullfôr og om det er ein eteplass pr. ku i sinku-avdelinga i lausdriftsfjøs. Utan tilgang på halm bør noko av graset haustast ved blomstring for å kunne gje sinkyrne nokonlunde fri tilgang på surfôr utan at dei blir feite.  Idêelt grovfôr for sinkyr er noko anna enn det som er idêelt for mjølkande kyr !

Med dette håpar vi at mange av lesarane våre får lyst til å lesa den nye brosjyra vår også !

Entry filed under: Fôringsstrategier. Tags: , , , , .

Blogg-statistikk Lausdrift og beitekrav

2 kommentarer Add your own

  • 1. NK  |  oktober 24, 2012, kl. 12:02 pm

    Det er sagt lite om beite til sinku. Et spørsmål, hvis det er lite beite eller dårlig beite i sinperioden, kan det påvirke frie fettsyrer på slutten av laktasjonen?

    Svar
  • 2. ÅseFlittie Anderssen  |  oktober 24, 2012, kl. 1:09 pm

    Hei. Tenkjer du da på viss kyrne går på dårleg beite også FØR dei blir avsina ? I utgangspunktet har eg lyst til å svare NEI. Det skal noko til at dei blir underfôra likevel i seinlaktasjonen, og på beite er dei kanskje betre beskytta mot frie fettsyrer enn på innefôring. Meir E-vit. i gras gjer kanskje fettkulemembranen litt sterkare. Men eg veit at ein kollega som jobbar mykje med mjølkekvalitet er ganske overbevist om at kyr som mjølkar bra og går på dårleg beite (ofte seint på hausten), kan få ein «etter-reaksjon» på den svake fôringa da ved å gje mjølk med høge frie fettsyrer kanskje eit par månader etter innsett.
    Dette veit vi nok for lite om ! Kanskje du har erfart noko om dette sjølv ? Så håpar eg at kollegaer som jobbar med mjølkekvalitet skriv sine kommentarar her på bloggen !

    Svar

Legg igjen en kommentar

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv