Posts tagged ‘synkronisering i vom’

For høgt ureainnhold i mjølk

Av Ingunn

I siste nummer av Buskap (1/2012) hadde Harald ein artikkel om urea i mjølk, med fokus spesielt på for høgt ureanivå. Bakgrunnen var at urea i mjølk steig jamnt utover haustmånadene i fjor, og låg tett opp mot 6 mmol/l i gjennnomsnitt for haustmånadene. Trenden dei siste åra har også gått mot høgare ureaverdiar, og nokre regionar nærmar seg 6 mmol/l i gjennomsnitt for året. TINE brukar som kjent 6 mmol/l som øvre grense for kva som er anbefalt, og når gjennomsnittsverdiane kjem så høgt så er det på tide å reagere. Noko av fôrklaringa til høge ureaverdiar i haust kan vere at grovfôret hausta i sommar har høgare råprotein og lågare energiverdi og sukkerinnhald enn året før. 

Fôrrasjonar som gir høge ureaverdiar er dårleg balansert med omsyn til protein og energi. I artikkelen påpeikar Harald viktigheita med å synkronisere nedbrytinga mellom protein og karbohydrat i vomma. Når grovfôret inneheld meir råprotein og mindre sukker vil synkroniseringa mellom nedbrytinga av energi og protein for å danna mikrobeprotein bli dårlegare. Ved å velge kraftfôr med karbohydrat som har nedbrytingshastigheit som passar til nedbrytingshastigheita av proteinet, vil ein kunne redusere tap av protein i vomma i form av ammoniakk.

Les meir om synkronisering av protein og energi i vom, og kva ein høgare andel ufordøyeleg NDF i årets grovfôr vil bety, om kor stort energitapet ved høge ureaverdiar vil kunne utgjere i kg mjølk, om korleis du skal redusere ureaverdiane, om kvifor høge ureaverdiar er uheldig og mykje meir i den nevnte artikkelen i Buskap.

Eg oppfordrar sterkt til å lese artikkelen, og vil gjerne høyre dykkar erfaringar med å redusere ureaverdiane i mjølk. Kva gjer de for å redusere urea , og er det vanskeleg å få ned verdiane?

Reklamer

februar 16, 2012 at 8:56 pm 8 kommentarer


Arkiv