Posts tagged ‘smørsyresporar’

Vèr nøye med våronn og slått – unngå sporar i mjølka!

Av Ingunn

Ny våronn står for dør og det er dermed tid for å legge grunnlaget for eit godt grovfôr til neste sesong. Det gjeld ikkje berre nærings- og gjæringskvaliteten i surfôret, men også den hygieniske kvaliteten. Det har auka med sporar i mjølka i vinter, og det gir store utfordringar for industrien og kostar TINE mykje pengar. Det er mykje ein kan gjere for å unngå å få sporar inn i mjølka, då spesielt relatert til hygiene i fjøs og jurvask. Opphavet til sporane er imidlertid oftast surfôret så kvifor ikkje «ta problemet ved rota»? Legg difor ekstra arbeid i å unngå å få sporane inn i surfôret.

Kva seier årets fôrprøver om den hygieniske kvaliteten?

I grovfôrbasen vår (FAS) så kan vi sjå kva som er tatt av hygieniske analyser av fôret i haust og vinter. I alt 158 «hygienepakkar» er analysert og det inneber at ein får opplysningar om innhald av smørsyresporar, bacillussporar, enterobakteriar og koliforme bakteriar, gjærsopp og muggsopp. I tillegg er det ca. 70 prøver til analyse av smørsyresporar som enkeltanalyse. Tabellen under viser at av dei analyserte prøvene så er det mykje smørsyresporar, bacillussporar og gjærsopp. I 2011 hadde vi eit prosjekt med undersøking av hygienisk kvalitet i surfôret. Då var også smørsyresporar og gjærsopp også hovedutfordringa når det gjaldt den hygieniske kvaliteten, medan det var lite problem med bacillussporar. Bacillussporane ser dermed ut til å ha auka i omfang i forhold til i 2011. Bacillussporane finst naturleg i jord og husdyrgjødsel, så det gjeld same opplegg som for smøresyresporane for å unngå å få disse inn i siloen.

Figur 1. Fordeling av prøver (%) etter kvalitetskriterier.

Hyg_kval2014_15
Våronn og slått

Ståande gras som veks på jordet er nesten fritt for smørsyrebakteriar og sporar, med unntak av heilt nedst på stengelen. Forureining av stengelen med jord, dødt plantematerial og husdyrgjødsel under slåtten vil auke sporeinnhaldet dersom det kjem inn i siloen. Det er ein sjølv og korleis ein haustar som i veldig stor grad bestemmer kor stor slik forureining blir. God tromling tidleg vår og unngå køyring på vår mark som gir store traktorspor sparer ein for mykje bry seinare. Husdyrgjødsla bør køyrast ut før planter og bladverk har fått utvikla seg. God vatning/nedbør etter spreiing av husdyrgjødsel vil hjelpe.

Fortørking og raking

Har ein problem med sporar i mjølka så bør ein unngå for mykje handtering av graset på bakken under fôrtørking. Breispreiing av graset som inneber mykje raking aukar faren for å få med jordpartiklar. Under bra vèrforhold greier ein godt 30-35 % tørrstoff sjølv om stengelen ligg i ro.

God gjæringskvalitet

Smørsyresporane blir lite påverka av tørrstoffinnhaldet i graset, men for at dei ikkje skal utvikle seg som bakteriar så er det viktig å redusere vekstbetingelsane dei trivast under. Aukar ein tørrstoffet til 35-40% vil ein ikkje få smørsyregjæring i siloen. Rask pH-senking til under 4,2 vil også hemme smørsyrebakteriane. Bruk av ensileringsmiddel med riktig dosering for å få ei effektiv ensilering er viktig. Kofasil-produkta er einaste middel som har direkte hemmande effekt på smørsyresporane, og det kan brukast i rundballar og i open plansilo med god lufttilgang (viktig å vere obs på giftige gassar). Så er sjølvsagt god kutting av graset, rask ilegging i silo, god pakking og tildekking viktige moment.

Her er ei liste over aktuelle tiltak under våronn og slått:

  • Tromle vekk ujamnheiter i bakken
  • Unngå køyring på for våt mark slik at traktoren lagar spor
  • Unngå spreiing av husdyrgjødsel etter at blada utvikla seg
  • La stubbehøgda ved slåtten vere 10-12 cm, ikkje lågare enn det
  • Unngå for mykje handtering av graset under fortørking
  • Fortørke graset til 30-35 % for å redusere gjæringsaktiviteten
  • Ved pakking i plansilo; unngå køyring med skitne hjul
  • Bruk ensileringsmiddel med riktig dosering

april 7, 2015 at 11:37 am Legg igjen en kommentar

Hygienisk kvalitet i surfôr

Av Ingunn

I siste nummer av Buskap (nr 4/2012) hadde vi eit innlegg om hygienisk kvalitet i surfôr. Ved analyse av hygienisk kvalitet sjekkar ein innhaldet av bakteriar og sporar, m.a. smørsyresporar, og difor har denne analysa vore aktuell i forbindelse med sporeproblem i mjølka. TINE Rådgiving og Topp Team fôring hadde eit prosjekt i fjor sommar med innsamling av prøver for å skaffe informasjon om kva som påverkar hygienisk kvalitet og sjå på samanhengar mellom hygienisk kvalitet og gjæringskvalitet, for m.a. å kunne gi råd om kva tid det er aktuelt med den eine eller andre analysa. Gjæringskvalitet der ein får opplysningar om innhald av m.a. smørsyre og ammoniakk i fôret er ofte anbefalt når ein har smaksfeil på mjølka eller høgt innhald av frie feittsyrer. Meir om gjennomføring av prosjektet og resultat kan ein lese om i Buskap. Men eg vil gi ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata.

Det blei tatt ut ca. 200 prøver som blei analysert for hygienisk kvalitet. Då får ein informasjon om smørsyresporar, bacillussporar, koliforme bakteriar, enterobakteriar, gjærsopp og muggsopp. Eurofins har satt grenser for kva nivå kvar av disse bør vere innanfor for at fôret skal gi god kvalitet og kva nivå som gir dårleg kvalitet. Av prøvene som blei sendt inn så var det smørsyresporar og gjærsopp som det ser ut til å vere problem med då ein stor andel av prøvene hadde nedsatt eller dårleg kvalitet med omsyn til disse mikroorganismane.

Det var låg samanheng mellom innhald av smørsyre i fôret og innhald av smørsyresporar. Mange har dermed prøver med høgt innhald av smørsyresporar utan å ha høgt innhald av smørsyre i fôret. Det betyr at sporane i liten grad er resultat av dårleg gjæring, men at dei er komt inn i fôret gjennom forureining under slåtten. Det var også svært liten samanheng mellom smørsyresporar og ammoniakk, som dei aktive bakteriane også kan produsere. Det tyder også på at den viktigaste årsaka til sporar er forureining.

Gjærsopp kan spalte sukker til alkohol (etanol) og karbondioksyd når det ikkje er tilgang på luft. Høgt etanolinnhald i surfôr kan gi smaksfeil på mjølka. Dersom det er tilgang på luft forbrukar gjærsoppen sukker, mjølkesyre, eddiksyre og alkohol og lagar karbondioksid, vatn og varme. Dette kan gi varmgang i siloen. Ofte er det gjærsoppen som er årsak til varmgang ved uttak av surfôr frå siloen. I godt fortørka surfôr er gjærsopp eit teikn på at fôret ikkje har vore lagra lufttett. Rundballar utan tilsetning utgjorde 44 % av prøvene som vart klassifisert med nedsatt og dårleg kvalitet.

Kort oppsummert så er det to bodskap eg vil komme med no i disse slåttetider for dei som har problem med sporar og gjærsopp:

  • Unngå jordinnblanding og forureining av fôret!
  • Unngå lufttilgang!

Meir om dette kan de lese om i artikkelen i Buskap.

juni 5, 2012 at 7:32 pm Legg igjen en kommentar

Fortørking lønner seg

Av Åse

I dei tidlegaste områda av landet er vel 1.slåtten ferdig.  Andre stader nærmar det seg fort nå, når regnet stoppar.. Sannsynlegvis skal over halvparten av norsk gras-avling konserverast i rundballar.  Sjølvsagt er ikkje alltid vêret på bondens side i innhaustinga.  Men viss det er god tørk, vil det lønne seg å utnytte det !

 Tenk deg at vi skal hauste 100.000 FEm (for eksempel 250 dekar x 400 FEm / dekar), og leiger pressing og pakking i rundballer.  La oss her rekne 140 kr/ball for dette (inkl. plast).  Avhengig av pressetype og køyrekaren vil sjølvsagt innhaldet i rundballane variere noko.  Men tala i tabellen trur eg er rimeleg realistiske; det går mykje meir fôr-tørrstoff inn i ballen når graset er godt fortørka.

Tørrstoff-% Kg / ball FEm / ball * Antal ballar Kostnad pressing + pakking, kr.
20 750 128 781 109.400
30 680 173 578 80.900
40 630 214 467 65.400
 
Forbruket av ensileringsmiddel minkar ved fortørking. Viss doseringa skal vera 4 liter / tonn pressa gras, trengs det 1170 liter i alt ved 20 % TS, ca.790 liter ved 30 % TS og 590 liter ved 40 % TS.  Dersom literprisen for ensilerings-midlet er 13 kr, blir det fort 7-8000 kr. spart ved 40 % TS av dette også…

Mange har lang frakt frå jorde til fjøs (fôrdyrking i fjellet, samdrifter med spredte jorder osv.), og da vil det opplagt koste mykje mindre å frakte avlinga heim viss ballane er godt fortørka.  Det blir jo mange færre å transportere. 

Vidare stoppar formeringa av evt. smørsyrebakterier opp ved rundt 35-40 % TS, slik at vi får ein ekstra fordel på den måten også.

Og om vi har både presse og pakkar sjølve, er det  ein opplagt fordel å få den totale avlinga inn i færre rundballar med den same pressa. Det sparer iallfall nett og plast og ein del ensileringsmiddel og transport.  Det er herleg med sommar og lenge til vinteren nå, men tenk på kor mykje lettare det er å fôre med ”tørre” enn med blaute rundballar da !

 Så får vi håpe at vêret er samarbeidsvillig slik at vi får til den gode fortørkinga. Men for all del: Det er betre å presse litt råe rundballar enn å få ei skikkeleg regnskur oppi graset, for deretter å prøve å få fortørka det brukbart etterpå att. Og det er ikkje lurt å overdrive heller.  Ved veldig sterk fortørking aukar risikoen for mugg og at vi mistar næringsrikt bladmateriale under pressinga. 

Lykke til med slåtten !

 

 

juni 9, 2011 at 3:00 pm 2 kommentarer

Tiltak på jordet mot sporer

Av Åse

Om nokre dagar skal vi ha eit mini-kurs for entreprenørar som driv med slått, pressing og pakking av rundballar i Nord-Gudbrandsdal.  Sporer i fôret er eit aktuelt tema å ta opp da, så eg begynte å sjå litt i Fagleg Rapport 2010 om korleis situasjonen er.  Det er utruleg store skilnader rundt i landet når det gjeld anaerobe sporer.  På landsbasis var andelen i 2. og 3.klasse for sporer på 3,55 %, medan variasjonen mellom produsentlaga var frå 0 til 17 % !!

Eg lurer veldig på kvifor skilnadane er så store … Har det med vêret å gjera ?  bratte og travalege jorder ? ulik bruk av møkk på grasmarka ? vånd ? hausteteknikk ?  Det veit vi sjølvsagt lite om.  Men sporeproblema skriv seg fyrst og fremst frå forurensing av grovfôret. Derfor er det viktig med gode tiltak ute på jordet og i innhaustinga for å forebygge dette, og i prinsippet dreier det seg om to ting:

1.  Unngå at fôret blir forurensa med sporehaldig jord og husdyrgjødsel

2.  Unngå at sporer som likevel blir med på graset går over i aktiv form og formerer seg i siloen eller i rundballane.

Nokre praktiske tiltak for å unngå sporer i fôret er da:

  • Sørge for jevn overflate på jorda, og gode tiltak mot vånd
  • Riktig bruk av husdyrgjødsla, helst blande den ut med vatn. Graset bør vera i vekst, men ikkje langt. Spreiing i overskya vêr er best, og regn eller vatning like etterpå…..
  • Stubbehøgde min. 10 cm, særleg viktig under råe forhold.
  • Unngå at jord og møkk blir ”sparka opp” i fôret med feil innstilt rive eller  for låg pickup på hausteutstyret.
  • Riktig dosering av effektive ensileringsmiddel
  • Rask innlegging, hard pakking og press på siloen, rask innpakking av rundballar.
  • I rundballar : Fortørking til 35 – 40 prosent tørrstoff om mogleg.

    Kretsløpet til sporene.

 

Valg av ensileringsmiddel er viktig.  I tårnsiloar og innebygde plansiloer er berre syremidla aktuelle; ikkje Kofasil-produkta av helsemessige grunnar. På direkte-hausta eller svakt fortørka materiale er Ensil1-Na, GrasAAT Lakto og Forsil mest aktuelle. Desse er dei mest effektive til å få rask pH-senking, og når vi kjem under ca. 4,2 slutter smørsyre-bakteriene å formere seg.  Biologiske middel er mindre effektive i denne jobben.  Ved fortørking til  25% tørrstoff og meir vil Pluss-variantene av syremidla kanskje vera enda betre.  Dei har ein hemmande effekt på mugg og gjær og er sjølvsagt også aktuelle på lågare tørrstoffnivå, men da må ein dosere sterkare sidan dei har svakare syreverknad. 

I rundballar kan Kofasil-produkta vera eit alternativ til syremidla – særleg ved stutt tid mellom pressing og pakking av ballane.  Kofasil-produkta inneheld kjemikalier som til ein viss grad kan inaktivere smørsyresporer direkte, men dei sørger ikkje for den same effektive pH-senkinga som syremidla.    

 Vi håpar at lesarar av bloggen som har erfaring med effektiv løysing av sporeproblem vil fortelja på bloggen om tiltaka som gav resultat !

mai 16, 2011 at 6:59 am 2 kommentarer

Surfôrprøve hygienisk kvalitet – kva betyr log cfu ?

Av Åse

Når mjølkeprøva viser høgt innhald av anaerobe sporer, blir det ofte sendt inn surfôrprøve og bestilt Hygienepakke 2 for å sjå om det er mykje smørsyresporer i fôret.  Så kjem svaret, oppgjeve i log cfu/g.

Sjølv har eg eit ”difust” forhold til det matematiske uttrykket log, og prøvde å sjå litt nærare på desse tala.  Det kan kanskje vera nyttig for fleire, så derfor denne blogg-notisen.  Cfu betyr kolonidannande bakterier.  På analysesvaret kjem det heldigvis også ein tekstkommentar på svensk, som fortel om det er god, nedsatt eller dårleg kvalitet.  Her er grenseverdiane:

  • God kvalitet:     < 1,2 log cfu/ g  ≈ < 16 kolonidannande bakt./g
  • Nedsatt kvalitet:   1,2 – 2,5 log cfu/g  ≈ 16 – 317 kol./g
  • Dårleg kvalitet:  > 2,5 log cfu/g  ≈ > 317 kol./g

Viss det står 5,0 log cfu/g, betyr det 105 = 10*10*10*10*10 = 100.000 kol./g.  Altså er 5,0 log cfu/g eit tal som er over 300 gonger større enn 2,5 log cfu/g ! Og altså veldig dårleg hygienisk kvalitet i fôret.

For dei som har høgt antal smørsyre-sporer i surfôret i vinter, gjeld det å setja inn gode tiltak neste vekstsesong. Da blir neste vinter forhåpentlegvis trivlegare og med sporefri mjølk.

desember 17, 2010 at 9:05 am Legg igjen en kommentar


Arkiv