Posts tagged ‘kg EKM’

Tør døkk stole på høgt grovfôropptak ?

Av Åse

Nå har eg lyst til å skrive litt om fôrplanlegging når grovfôrkvaliteten er god. Da blir tilrådde kraftfôrmengder i TINE OptiFôr såpass låge at nokre bønder kvir seg for å gje så lite….

Eg har samanlikna fôrrasjonar for to surfôrprøver på ein gard:

* uNDF er gram ufordøyeleg NDF / kg NDF (NDF er fiber). Gjæringskvaliteten var litt betre i den energirike prøva enn i den seint hausta.

Eg rekna fôrplan for ei vaksen NRF-ku, 600 kg levandevekt, i laktasjonsveke 10, og med ulike dagsavdråttar. Resultata vart slik:

For kua på 32 kg EKM vart berekna surfôropptak 15,6 kg TS av «energirikt surfôr», og 12,0 kg TS av «seint hausta surfôr».

Tør døkk bruke så lite kraftfôr som tabellen viser for det energirike grovfôret ? Går det bra, eller minkar mjølka for fort da ?

Eg var så heldig å få delta på ein fôringsdag for rådgjevarar i Danmark nyleg. Åshild Taksdal Randby hadde to innlegg om resultat i forskningsprosjektet «Mer og bedre grovfôr» ved UMB, eitt på mjølkekyr og eitt på oksar. Nokre av desse resultata vart også presentert på sluttseminaret til prosjektet, og den presentasjonen finn de her. Det eg har kalla «energirikt surfôr» i tabellen min, er ørlite dårlegare enn «Svært tidlig høsta surfôr» i UMB-forsøket.

Stutt fortalt viste UMB-forsøket at kyrne som fekk det nevnte surfôret og 0, 4 el. 8 kg kraftfôr attåt, åt 15-18 kg TS surfôr. OptiFôr’s utrekningar gjev altså omlag det same. Forsøkskyrne som ikkje fekk kraftfôr, mjølka 20-24 kg på berre grovfôr. Kyrne som fekk 12 kg kraftfôr mjølka mindre enn dei som fekk 8 kg!

Med godt gjennomført appetittfôring med energirikt grovfôr skal det vera mogleg å produsere mykje mjølk på lite kraftfôr. Det må vera noko å satse på for alle som har rikeleg fôrgrunnlag.

I eit dansk forsøk som også vart gjennomgått på fôringsdagen i Danmark, prøvde dei 4 ulike kvalitetar av gras/kløver-surfôr. Det vart brukt 1/3 maissurfôr og 2/3 gras/kløver-surfôr, og fôrrasjonar der grovfôret utgjorde 50 % eller 80 % av tørrstoffet. Forsøket viste berre litt høgare ytelse på lågaste grovfôrandel (+0,5 kg EKM). Men samansetjinga av mjølka var nokså forskjellig; 80 % grovfôr i rasjonen gav klart høgare fett-% og lågare protein-% enn berre 50 % grovfôr i rasjonen. Tidleg slått (NEL20 6,5-6,6 MJ/ kg TS) gav 1,7-2,0 kg EKM høgare dagsytelse enn sein slått (NEL20 6,0-6,1 MJ/ kg TS).

Det skulle vore artig å høyrt litt her på bloggen om kva erfaringar døkk har med kraftfôrlister oppsatt i OptiFôr. Får døkk den forventa avdråtten – enten døkk har eit «energirikt surfôr» som i eksemplet mitt, eller når døkk har noko som liknar meir på «seint hausta surfôr» ?
Reklamer

september 21, 2010 at 1:33 pm 8 kommentarer


Arkiv