Posts tagged ‘kalvar’

Fri mjølkeproduksjon til 1. mars – er planen lagt ?

Av Åse

Godt Nyttår til alle saman !

Alle hadde vel håpa på tidlegare beskjed om «frislepp» på mjølkeleveransene før smørkrisa vart så stor.  Men nå gjeld det å gjera det beste ut av situasjonen; dvs. å levere mest mogleg mjølk ut februar !  Ein logisk konsekvens av frisleppet er sjølvsagt å utsetja kuslaktinga, og Nortura melder om klar reduksjon.  Vi må likevel ikkje gamble med mjølkekvaliteten. Så kyr med høge celletal må slaktast som før, og kyr i seinlaktasjon med høge frie fettsyrer må avsinast som før. 

Neste spørsmål er om fôrplanen er optimal. Nokre hadde sikkert allereie satt bremsene på for kvotetilpassing før vedtaket kom, og har ei moglegheit til å få  meir mjølk med noko rausare bruk av kraftfôr att.  Men hugs at kyr langt ut i laktasjonen ikkje gjev særleg stor respons – prøv heller dei som er i fyrste del av laktasjonen.  Det har vore stor auke i omfanget av grovfôranalyser dei siste månadane, og det er kjempebra.  OptiFôr-fôrplaner basert på grovfôranalysene gjev det beste grunnlaget for å kunne produsere mjølka mest mogleg lønsamt.

Kvotefyllinga i landet er nå nede på rundt 90 %.  Altså er det veldig mange som kan levere meir til full pris heile tida enn dei faktisk greier å få til.  Dersom kvar einaste bås / liggebås i fjøset allereie er utnytta, er det altså berre høgare avdrått som vil hjelpe. Det tilseier stor etterspørsel etter fôringsrådgjevarane i TINE, noko vi også opplever. Kanskje er det ein idê for fleire ?  For eksempel kostar 20 timar fôringsrådgjeving i løpet av året det same som verdien av ca. 2.500 – 3.000 liter mjølk. Og sannsynlegheita for å oppnå meir gjennom god fôrplanlegging er STOR !

I buskapar som låg ân til å sprenge mjølkekvota + 2 %’n sin levde sikkert kalvane godt på tankmjølk før opphevinga av overproduksjonsavgift for inneverande kvoteår kom.  Her håpar vi at kalvar som er oppe i rundt 1 kg kraftfôr nå blir avvendt slik at meire mjølk kjem til meieriet. Kraftfôr er mykje  billegare enn mjølk, og når kalvane et såpass med kraftfôr har dei utvikla drøvtyggarfunksjonen bra og greier god tilvekst utan mjølk. I økologisk drift skal sjølvsagt kalvane fortsatt ha mjølk i 12 veker.

Ei anna form for kvotetilpassing er å gje kyrne lang sinperiode når det ligg ân til overfylling av kvota.  Dei som har vårkalving kan med fordel mjølke kyrne slik at dei berre får dei normale 7-8 vekene «fri» nå når mjølka trengs, så sant kyrne produserer mjølk med god smak og greitt celletal fortsatt.

Kutalet i Norge har gått mykje ned siste året.  Etterdønningane i form av lågare avdrått etter eit dårleg fôrår i 2011 både på Austlandet og Vestlandet varer sjølvsagt ut heile innefôrings-sesongen. Litt ekstra nedslakting på grunn av fôrmangel kan det også ha vore, så ein må forvente stort rekrutteringsbehov framover.  Derfor er det bra om alle brukbare kviger blir inseminert. Om du ikkje treng alle sjølv, er det rart om det ikkje blir mogleg å selja livdyr i kjølvatnet av 2011-sesongen.

Ja, ja – dette vart vel berre heilt sjølvsagte ting som alle døkk lesarane med sunt bondevett har tenkt for lenge sidan.  Så etterkvart blir det vel ei råd både med nok smør og oppbygging av reduserte ostelager…

januar 9, 2012 at 12:14 pm 2 kommentarer


Arkiv