Posts tagged ‘fjernrådgiving’

Brosjyre og flygeblad om fjernrådgiving av mjølkerobot

Av Ingunn

I forrige innlegg skreiv Ann Turi og Cathinka om muligheitene ved fjernstyring av mjølkerobot. Topp Team Fôring har også laga ei ny brosjyre om dette temaet, og den heiter ”Fjernrådgiving fôring” som du finn ved å trykke på linken. I brosjyra står det meir om kva fjernrådgiving går ut på, vurdering av økonomisk resultat og korleis rådgivinga er lagt opp, i tillegg til noko av det som stod i blogg-innlegget. Det er også laga flygeblad for ”Fôringsrådgiving melkerobot – internettbasert styring” med kontaktpersonar for kvar region. Vi har også laga eit flygeblad for det samarbeidet som er inngått mellom TINE og DeLaval om fjernrådgiving. Her bidreg TINE Rådgiving økonomisk ved kjøp av modem frå DeLaval mot at produsentane inngår samarbeid med TTF om fôringsrådgiving. Dette flygebladet finn du i denne linken: ”Fjernrådgiving fôring – et samarbeid mellom TINE og DeLaval”.

Reklamer

september 7, 2010 at 8:37 am Legg igjen en kommentar


Arkiv