Posts tagged ‘ammekyr’

Bærekraftig mjølkeproduksjon

Av Åse

Vi fekk mykje interessant informasjon på møtet i Oslo 19.mars der forskarane i prosjektet «Er intensiveringen i norsk mjølkeproduksjon bærekraftig ?» la fram resultata, med påfylgjande politisk debatt. Eg vil oppfordre alle som ikkje var så heldige å vera i Oslo til å finne kaffekoppen, gå inn på www.fk.no og høyre paneldebatten i «live»-opptak og sjå gjennom plansjene som vart vist på fagmøtet. Her kjem likevel litt av det eg sit att med etter møtet.

I prosjektet tok forskarane utgangspunkt i Landbruks- og matmeldinga (St.mld. 9), med fylgjande ordlyd: Den landbaserte matproduksjonen økes i takt med befolkningsveksten   (+20 % mot 2030). Folketalet i Norge er venta å bli 5,9 mill. i 2030. Forskarane studerte behovet for spesialisert kjøttproduksjon (antal ammekyr), behovet for grovfôr og korn i Norge, arealbehov og utslepp av klimagassar i nokre ulike scenario:Scenario Bærekraftig mjølk

1500 mill. liter mjølk betyr redusert forbruk per innbyggjar ifht. til nå, medan 1770 mill.liter tilsvarar fortsatt 300 liter/innbyggjar. Vi et 18,6 kg storfekjøtt kvar oss nå, og med konstant forbruk treng vi 110.000 tonn i 2030. Nå produserer vi berre rundt 78.000 tonn, medan forbruket er ca. 95.000 tonn. Det pessimistiske scenariet D vart ikkje presentert.

Avdråtten hjå norske mjølkekyr er 7600 kg/årsku nå, og aukar med 2 % per år. Vidareføring i same takt betyr at kyrne vil vi vera på rundt 10.700 kg mjølk i middel i 2030. I så fall må talet på mjølkekyr ned med cirka 1/3 (- 72.000 kyr) fram mot 2030. Oppsummert blir iflg. forskarane konsekvensane slik:   Auka forbruk av kraftfôr, auka behov for import av protein (soya), mindre arealbehov til grovfôrdyrking. Altså lågare reell sjølvforsyning. Vidare vil det gje vesentleg mindre kjøtt frå mjølkeproduksjonen, og auka behov for ammekyr eller auka kjøttimport – båe delar gjev negativ miljøeffekt. Klimagass-utsleppa er ca. 50 % høgare per kg kjøtt i spesialisert enn i kombinert kjøttproduksjon. Kyr på beite, Tr.lag

B-alternativa vil gje meir moderate utslag enn scenario A med 2 % avdråttsauke. Scenario C – med krav om 60 % grovfôr i rasjonen og 85 % norsk råvare i kraftfôret – vil gje ein sannsynleg avdrått på 6500 kg / årsku. Slik drift vil gje god balanse mellom mjølk og storfekjøtt, og nåverande antal ammekyr vil vera høgt nok. Dersom ein legg sjølvforsyningsgraden til grunn for begrepet «bærekraftig» er dette beste alternativ. Men det skal mykje politisk styring og vilje til for at scenario C skal bli realitet..

Slik eg tolka forskarane hadde dei fylgjande klare meldingar til politkarar og faglag:

  • Korn-areala er flaskehalsen i ALLE scenario
  • Stor mangel på protein-råvarer uansett, og klimaet set stramme grenser for dyrking av proteinvekster i Norge. «Foods of Norway»-prosjektet for å skaffe alternative proteinkjelder frå skog og hav kan bidra etterkvart.
  • Mjølkeytelse og utnytting av grovfôr-ressursane heng nøye saman, og påvirkar sjølvforsyninga sterkt. Vi har ingen matjord å miste.
  • Klimabelastninga aukar dersom ein mindre del av storfekjøttet kjem frå kombinert mjølk/kjøtt og meir frå spesialisert kjøttproduksjon.

Ut frå paneldebatten å dømme var politikarane svært enige om fortsatt kanaliserings-politikk / behov for å styrke korn-økonomien. Og at jordvern er viktig. Høyr sjølv på opptaket.

Dette vart langt. Enda har eg att nokre gullkorn som kom i foredraga, men det får heller vente til eit anna innlegg på bloggen. Og det meste står i plansjene døkk finn på fk.no.

 

mars 26, 2015 at 9:29 am 1 kommentar

For lite storfekjøtt også

Av Åse

Eg har akkurat lese i Bondebladet om aukande import – både av ost, yoghurt og ikkje minst storfekjøtt.  Det står dårleg til i forhold til målet i landbruks- og matmeldinga om at norsk matproduksjon skal auke i takt med folketalet.

For storfekjøtt vart importen nærare 18.000 tonn i 2012 og utgjorde rundt 19 % av forbruket, og det  er mange slakteskrottar!  Årsaken er innlysande; i løpet av dei 11-12 siste åra har talet på mjølkekyr minka med cirka 50.000, medan antal ammekyr har auka med berre 19.000 i same perioda.  Vi produserer fortsatt grovt rekna rundt 1500 mill. liter mjølk i året. Men den sterke struktur-rasjonaliseringa på mjølk gjer at mange fleire nå vil utnytte avdråttsevna til kyrne.  Tilskotta pr. ku dekker ikkje meirkostnaden til ekstra fôr, fjøsplass og arbeid i buskapar over 16 kyr.  Og sidan stadig fleire kyr er i store buskapar får vi stadig færre mjølkekyr å produsere kalvar på. Altså mindre kjøtt.

Kan mjølkeprodusentane likevel bidra til å tette ein del av gapet mellom behov og norsk produksjon av storfekjøtt, og kva er i så fall tiltaka for å få det til ?  Politikken er ikkje så lett å påvirke, men enkelte faktorar styrer vi sjølve i driftsoplegget. Statistikken viser at 16 % av alle «ung okse» er under 250 kg slaktevekt.  Mykje skuldast sikkert plassmangel, særleg når den fyrste snøen kjem kvar haust…  Gjennom fôringa kan vi påvirke framfôringstida mykje, så med god planlegging kan oksane bli vesentleg tyngre enn 250 kg og slaktemodne på 14-15 månader om vi berre fôrar dei deretter. OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kvigeslakt utgjer 8 % av alle storfeslakt.  Mykje av dette er vel kviger som ikkje blir drektige innan rimeleg tid, og i så fall er det lite å gjera med det. Kvigefôringa – kanskje særleg dårleg haustbeite ? – påvirkar nok desse resultata. SpermVital vil kanskje gje oss litt «drahjelp» på dette etter kvart.

Vi ser at det er stor skilnad mellom buskapar på antal kalvingar pr. årsku; midlet er rundt 1,15.  Talet blir høgt viss vi inseminerer «alle» aktuelle kyr og kviger, og utrangerer tilsvarande hardt. Høg utrangering for å lage mange kalvar er positivt med tanke på kjøttforsyninga; medan høg utrangering som fylgje av jurhelseproblem er dyrt.

Iflg. Kukontrollen er 3,8 % av kalvane daudfødte eller krepert; dvs. ca. 9000 kalvar på mjølkebruka.  Dette er kjempelågt i forhold til andre land.  Kanskje kan det likevel bli enda betre, og kalvefôringa og miljøet kalvane får påvirkar uansett tilveksten og dermed kanskje slaktevektene i neste omgang.

Vi skal sjølvsagt vera glade for avdråttsauken så lenge den er og har vore nødvendig for å få dekke behovet for mjølk (og mjølkefett !).  Konsekvensen er at stadig meir av norsk kjøttbehov må dekkast gjennom fleire ammekyr eller import av kjøtt.  Det er kanskje tid for ein djupare diskusjon om korleis norske fôrressursar best skal utnyttast, der målet er å dekke behovet både for mjølk og storfekjøtt.  Kombinasjon mjølk/kjøtt på same rase gjev iflg. forskninga høgast samla energiutnytting og minst utslepp av klimagassar.

Dette vart mange spørsmål og relativt lite fôring,  men sikkert problemstillingar som mange har gjort seg tankar om.  Nå er det fritt fram på bloggen !

 

januar 9, 2013 at 9:57 pm Legg igjen en kommentar


Arkiv