Posts filed under ‘Produksjonsøkonomi’

Kva kjenneteiknar mjølkeprodusentar som tjener bra ?

Av Åse

Nyleg las eg ein interessant artikkel i Bondevennen der resultat i TINE’s Effektivitetsanalyse var brukt til å finne ut noko om dette på Jæren. Eg vart nysgjerrig på tilsvarande resultat for heile landet samla. Derfor tok eg for meg EK-tala for 2010 og konsentrerte meg om driftsgrein 1, som gjeld sjølve mjølkeproduksjonen utan oppdrett. Dei 75 økologiske bruka i talgrunnlaget plukka eg ut for seg sjølv, fordi dei ellers gjorde det vanskeleg å tolke resultata. I tabellen viser eg middeltala både for dei økologiske bruka og dei 1228 konvensjonelle.

Fyrst litt om dei konvensjonelle bruka.  Her sorterte eg alle på resultatmålet «dekningsbidrag utan tilskott, kr/liter» som er lite påvirka av bruksstorleik og landsdel, og rekna middeltal for alle og for lågaste og høgaste fjerdedel blant dei. I tabellen er plukka ut nokre resultat som er med på å forklare kvifor dei i høgaste fjerdedel gjer det godt. Dei oppnår ein høgare mjølkepris, som kan skuldast betre mjølkekvalitet, høgare fett- og protein-% og/eller betre utnytting av sesongvariasjonen i mjølkepris. Dette forklarer likevel berre brøkdel av dei 92 øre/liter høg-gruppa scorar i høve til låg-gruppa. Litt skuldast at høg-gruppa også har betre kuslakt og meir livdyrsalg.  Men storparten skriv seg frå lågare variable kostnader i mjølkeproduksjonen. Fôrkostnadane står for storparten av desse.  Da er det interessant at Høg-gruppa får i kyrne sine mykje meir grovfôr og leverer meir mjølk pr. årsku til tross for relativt mindre bruk av kraftfôr.  Grovfôropptaket er påvirka av både energi-innhald (haustetid), gjæringskvalitet og kor reell appetittfôring kyrne har fått. Resultata er nok også påvirka av fôringsstrategien og korleis kraftfôret blir fordelt gjennom laktasjonen.  Å bruke 1800 kg kraftfôr i løpet av laktasjonen til ei ku ved å gje 6 kg pr. dag heile tida gjev opplagt ikkje like godt resultat som å fordele det i takt med behovet gjennom laktasjonen, for å ta ei grov forenkling…. I tillegg til lågare fôrkostnader brukte høg-gruppa færre øre pr. liter levert mjølk både til veterinær, inseminering osv. og til forbruksartiklar.  Alle monner dreg.

Tala viser ellers at bruka i høg-gruppa hadde velså 32 årskyr i gjennomsnitt. Dei leverte rundt 216.000 liter mjølk i middel. Låg-gruppa hadde knapt 22 årskyr og leverte velså 140.000 liter i middel.

Samanlikninga mellom konvensjonelle og økologiske bruk kan vera interessant, men hugs at det berre er 75 økol.bruk bak tala !  I middel leverte båe gruppene rundt 188.000 liter mjølk, men økol.bruka hadde lågare avdrått og fleire kyr. Registrert meirpris på mjølka var rundt 64 øre pr. liter, og på kraftfôret 150 øre pr. FEm.  Gardane i økol.gruppa brukar tydeleg mindre kraftfôr, og hadde 9,3 FEm grovfôropptak i middel. Grovfôret deira er billegare enn i den konvensjonelle gruppa; i dekningsbidraga inngår berre variable kostnader.  Desse utgjorde i middel 54 øre i økol.gruppa  og 81 øre i konv.gruppa pr. FEm.

Nå er det ikkje alltid slik at dei bruka som har gode resultat på dekningsbidrags-nivå også har god økonomi på den såkalla «botnlinja». Men eit godt dekningsbidrag pr. liter utan tilskott gjev uttrykk for at det er lagt eit godt grunnlag for å kunne tjene pengar som mjølkebonde.

Reklamer

juli 25, 2012 at 12:39 pm 6 kommentarer

Prissystem for grovfôr

Av Åse

Skal du kjøpe eller selja grovfôr ?   Da kan dette kanskje vera interessant å lesa !

TINE Rådgivning har laga eit verktøy som kan vera til hjelp når vi blir spurt om prising av grovfôr, enten det gjeld internt i samdrifter med separat grovfôrdyrking eller i den “åpne” marknaden.  Verktøyet er basert på god fôringsfagleg kunnskap og økonomiske vurderingar i forhold til dette.

Vi er klar over at grovfôr-omsetjinga og prisane er resultat av ein fri marknad.  Stor etterspørsel etter grovfôr vil føre til auka prisar, og motsatt.  Men vi meiner at prisane i for liten grad avspeglar den faktiske produksjonsverdien fôret har.  Særleg gjeld dette ved omsetjing av rundballar.  Vi vil gjerne bidra til betre vare-deklarasjon i form av fôranalyser, og i neste omgang riktige prisar i høve til desse.

For rundballar tek vi utgangspunkt i EK’s netto grovfôrkostnad i dei fem Tine-regionane som “grunnpris” pr. energi-eining i fôret. Viktigaste faktor som påvirkar kor mykje energi det er i ein rundball, er tørrstoff-prosenten.  Pr i dag trur vi at råe rundballar har for høg pris, og “tørre” rundballar er underprisa.  Dette vil vi gjerne bidra til å få meire rettferdig.

I tillegg til vanleg  grovfôranalyse bør vi helst veta vekta på rundballane også. Men vi har laga ei “naudløysing” slik at vi kan rekne ut rimeleg sikker energimengde pr. ball dersom vi har fôranalyse og får veta diameter og breidde på rundballe-pressa.

Vidare korrigerer vi pris-forslaget ut frå ein kvalitetsindeks på fôret, basert på energi-konsentrasjon, gjæringskvalitet og protein-innhald.  Vektlegginga av desse faktorane skal avspegle korleis dei vil påvirke fôrkostnaden til ein buskap.

Verktøyet “Prissystem grovfôr” inneheld også hjelp til prisvurdering av “vanleg” surfôr frå siloar, høyensilasje, høy og halm.  Vi viser til dømes kva ein kan betale pr. bunt før grovfôret kostar like mykje (inkl. frakta) som vanleg kraftfôr pr. energi-eining.  Vidare er det laga slik at ein kan legge inn f.eks. kjent kilopris (det fôrformidlaren oppgjev som pris ferdig frakta til gards) og kjent eller tippa kvalitet, og så få ut kva den oppgjevne prisen faktisk betyr i pris pr. MJ NEL20  eller pr. FEm.

 I fyrste omgang er det berre fagrådgjevarar innan fôring og økonomi som skal bruke dette verktøyet ved spørsmål om prising av grovfôr.  Med ei såpass avgrensa gruppe har vi betre moglegheit til å få informert skikkeleg om det faglege grunnlaget bak det, og få gjennomført kvalitetssikring før vi åpnar opp for utvida bruk av det blant rådgjevarane våre.   Vi oppfordrar både seljarar og kjøparar av grovfôr til å ta kontakt for å få prisforslag ved omsetjing av grovfôr.  Opplegget inneheld også ein mal for kjøpekontrakt på grovfôr.

november 14, 2011 at 8:40 pm 2 kommentarer

Mjølkekyr på beite gjev billig mjølkeproduksjon

Av Åse

Beite gjev i utgangspunktet den billegaste mjølkeproduksjonen vi kan få til. Det sparer mykje konserveringsmiddel og evt. plast, og maskin- og lager-kostnader.  Tala vil variere mykje mellom ulike geografiske område. Men grovt sett utgjer ofte syre og plast 20 – 30 øre/FEm , og slått, pressing og pakking 100 øre/FEm dersom vi lagar rundballar. Mange stader betyr også spart transport av fôr veldig mykje.

På den andre sida er det vanskeleg å få til jevn beitekvalitet og nok grastilgang til kvar tid. Fôringa har derfor lett for å bli meir ustabil, med dei svingningar som dette fører til i vommiljø og dermed produksjon. Sunt vommiljø er avhengig av nok struktur og balansert forhold mellom energi og protein tilgjengeleg for vommikrobene. Gjødselkonsistens og ureaverdi i tankmjølka er gode indikatorar på om dette går bra.  Ved vellykka beitedrift blir grovfôropptaket høgare enn på innefôring fordi ”haustinga” foregår på yngre og meir energirikt gras. Ei rask sortering av data frå EK-bruka i TINE Sør i 2009 viste dette:

Beitet’s andel av totalfôret til mjølkekyr FEm grovfôr/ku/dag Kg EKM / årsku
0 – 10 % (middel 7,0 %),  55 bruk 8,5 7570
10 – 15 % (middel 12,5 %),  92 bruk 8,7 7534
Over 15 % (middel 17,1 %),  69 bruk 9,1 7200

Både mengde og type av kraftfôr er viktig for resultata. Unødvendig mykje kraftfôr vil redusere beiteopptaket og gje blaut gjødsel.  Men for lite kraftfôr er like ille; da risikerer vi kanskje både låg protein-% i mjølka og høge frie fettsyrer som eit resultat av underfôring.  Kunsten er å bedømme mengde og kvalitet på beitegraset riktig og gje kraftôr ut frå det. Og i tillegg kanskje greie å justere litt opp på dagar med dårleg ”beitevêr”. I praksis nyttar det ikkje å ta fôranalyser av beitegraset til kvar tid, men vi kan setja opp fôrplaner i OptiFôr ut frå forventa standard-kvalitet på beitegraset.  Kraftfôrkurvene ved ulik beitekvalitet og avdrått i Harald Volden’s Buskap-artikkel  i nr. 4/2011 kan også vera til hjelp. 

Ungt beitegras er proteinrikt.  Men iallfall i fjellbygdene er det ei erfaring at protein-innhaldet i beitegras (også på gjødsla beiter) blir lågt frå rundt 1. august, og det kan vera nødvendig å skifte til kraftfôr med meir PBV på denne tida.

juni 29, 2011 at 7:49 pm Legg igjen en kommentar

Høg avdrått og høgt grovfôropptak heng saman

Av Åse

Eg har drivi mykje med  TINE Effektivitetsanalyse i det siste. Da får vi blant anna rekna ut grovfôropptaket pr. ku og dag på ein svært god måte.  Programmet reknar ut sannsynleg totalt fôrbehov for alle kyrne, og trekker frå kraftfôret ut frå faktisk innkjøp, status-korreksjon og fordeling mellom kyr og ungdyr. Så blir sum grovfôr til kyrne delt med antal fôrdagar.  Sikrare måte å etterrekne grovfôropptaket på finst neppe. Men det er stor variasjon i tala, og på landsbasis har det auka frå 7,9 FEm / ku / dag i år 2000, til 8,4 FEm i middel i 2010.

Eg vart nysgjerrig på kva som evt. skiljer mjølkebruk med høgt grovfôropptak på kyrne frå dei med lågt grovôropptak. Tabellen viser nokre resultat basert på EK-tal frå heile landet ; riktignok i 2008.  Men eg tippar mønsteret er det same nå.

Grovfôr-opptak, FEm / ku / dag Kg EKM / årsku Liter levert / årsku Brutto grovfôrpris, kr/ FEm Kraftfôrkostnad, kr/liter levert mjølk Mjølk – fôr, kr. / liter
< = 7,0 6831 6190 2,87 1,31 2,31
7,1 < = 7,5 6963 6213 2,75 1,18 2,40
7,6 < = 8,0 7094 6296 2,55 1,12 2,46
8,1 < = 8,5 7088 6249 2,44 1,07 2,54
8,6 < = 9,0 7293 6404 2,33 1,01 2,62
9,1 < = 9,5 7466 6531 2,37 0,97 2,68
9,6 < = 10,0 7757 6748 2,25 0,93 2,73
> = 10,1 7858 6704 2,08 0,87 2,86

Dess høgare grovfôropptak, dess høgare avdrått er det altså jevnt over i buskapane.  Og dei som får i kyrne mest grovfôr produserer også det billegaste grovfôret og har naturleg nok lågare kraftfôrkostnad pr. liter mjølk.  Dermed oppnår dei høgare ”Mjølk – fôr”. EK-tala tyda ikkje på at grovfôropptaket er annleis i småe enn i store buskapar.

 Så er spørsmålet om kva som er årsak og kva som er verknad her ?  Har dei med lågt grovfôropptak så lite grovfôr å ta av at dei like godt kan bruke meir kraftfôr heller enn å kjøpe inn ekstra grovfôr ?  Eller hadde det vore betre om kyrne åt meir grovfôr likevel, for da ville kanskje kvar ku mjølka meire ?  Og færre kyr for å fylle kvota ville spart mykje grovfôr….

Eller dreier ikkje dette seg om graden av tildelt appetittfôring, men om kvaliteten på grovfôret kanskje ? Utviklingsstadium i graset ved hausting og gjærings-kvaliteten i surfôret spelar opplagt også ei rolle på grovfôropptaket. Nå i desse slåttetider legg vi derfor i stor grad grunnlaget for kor mykje grovfôr kyrne vil eta i komande innefôringssesong.

juni 23, 2011 at 6:25 am Legg igjen en kommentar


Arkiv