Syrning av mjølk med kulturmjølk/skumma kultur – vanskelegare enn før ?

mars 4, 2014 at 4:55 pm 14 kommentarer

Av Kari

kalv2Det er mange mjølkeprodusentar som har nytta/nyttar kulturmjølk til å syrne mjølk til kalvedrikke. Dette vert vanlegvis godt kalvefôr. Det vanlege har vore at ein med jamne mellomrom startar med ny kultur ved å kjøpe ny kulturmjølk på butikken. I år har vi som er rådgjevarar på Nordvestlandet fått tilbakemeldingar frå bønder om at konsistensen på det ferdige produktet er merkeleg. Nokon samanliknar den med tapetlim ! Etter å ha snakka med meieriet på Byrkjelo har vi fått vite at dei har skifta ut bakteriekulturen dei brukar til syrning av kulturmjølk og skumma kulturmjølk. Dette pga negative tilbakemeldingar frå forbrukarane på konsistensen på kulturmjølka sist sommar. Denne bakteriekulturen skal òg vere brukt i Bergen. Vi sjekkar no ut kor mange andre bakteriekulturar som vert brukt andre stader.

Vi går ut frå at korleis det ferdige resultatet ser ut òg heng saman med at ein har rett temperatur på mjølka og i rommet når ein startar syrninga, at ein brukar reine kar( gjerne av stål) og at ein nyttar rett mengde surmjølk i forhold til kor mykje mjølk ein skal syrne.

Vi vil svært gjerne ha erfaringar frå praksis når det gjeld dette ! Kva erfaringar har de rundt om i landet?

Reklamer

Entry filed under: Fôrmiddelvurdering, Kalv. Tags: , , , .

Kalven treng meir enn mjølk Kraftfôr- eller grovfôrbasert ku?

14 kommentarer Add your own

  • 1. Aase RS  |  mars 4, 2014, kl. 10:10 pm

    Kvifor i det heile bruke mjølkesyrning? Vi skifta kjemisk syrning for 4 år sidan, og det er ikkje aktuelt å skifte tilbake! Kvaliteten på mjølkesyrna var altfor ujamn, det var vanskeleg å treffe rett pH, og kalvane hadde ofte laus mage. Med kjemisk syrning kan pHen bli nøyaktig som han skal kvar gong, og diare er nesten eit frammandord.

    Svar
  • 2. Marit Tynnøl  |  mars 5, 2014, kl. 2:36 pm

    Hei – brukar de pulver eller ensil1 ved syrning – og kva slags dosering er best? Brukar de pH-strips i tillegg? Syrnar de rett før servering eller fleire spann i slengen – og i så fall kor lenge held mjølke seg OK?

    Svar
  • 3. Aase RS  |  mars 6, 2014, kl. 9:47 am

    Eg kan seie deg korleis vi gjer det, men seier ikkje at det er det einaste rette! Vi kjøler ned mjølka til ca 8-10 grader (har kjølespiral med kyrne sitt drikkevatn gjennom..) Når mjølka er blitt kald nok brukar vi Ensil1 (ikkje pluss-preparat) til syrninga. Denne har vi blanda ut 1:2 på førehand, altså 1 del syre og 2 deler vatn. Det er lurt av to grunnar – for det fyrste blir stoffet mindre helseskadeleg å arbeide med, og for det andre er reknestykket for syrninga då veldig enkelt: 1 dl syreblanding syrnar 10 liter mjølk, føresett at temperaturen er rett. Tilset i ein tynn stråle under røring. Mjølka er stabil etter 5-10 minutt – vi testar med pHstrips kvar gong, og begynner å fore mjølka straks. Vi brukar å syrne for eit døgn eller så i gangen. Blir det ståande meir enn eit døgn pHtestar vi igjen og tilset meir (kald) mjølk viss det er for surt.

    Svar
  • 4. Kari  |  mars 6, 2014, kl. 11:03 am

    Flott at du skriv korleis du gjer det Aase ! Mange syrnar kjemisk med hell. Det du skriv om å tilsette syra i ein tynn stråle samtidig som du rører er viktig, elles kan det for bli «klumpar og vatn» som ein bonde eingong sa. Kva pH er du nøgd med når du testar ?

    Fleire må gjerne hive seg rundt og fortelje om sine erfaringar anten dei syrnar kjemisk eller brukar kulturmjølk/skumma kulturmjølk.

    Svar
  • 5. Aase RS  |  mars 6, 2014, kl. 1:25 pm

    «Klumpar og vatn» får du lettare når mjølka er for varm, det oppdaga vi fyrste året, då vi ikkje hadde kjølespiral. pH må vere over 4,6 og ikkje over 4,9. Vi har oppdaga at enkelte kalvar er svært vare for det sure – somme drikk 4,5, andre gjer det slett ikkje, og føretrekkjer då vatn.

    pH-testen må takast ute i eit bi-rom, for inne i fjøsen reagerer papiret med lufta og resultatet blir feil.

    Eg har nyleg blitt fortalt at mjølka bør stå eit halvt døgn før bruk, men det er ikkje vår erfaring. pH endrar seg lite etter det fyrste kvarteret når mjølka er kald nok. Dermed kan vi syrne direkte i stampen på kalveautomaten, og sparer ei mellomlagring.

    Svar
  • 6. Kjersti  |  mars 6, 2014, kl. 8:18 pm

    Aase: Hvor kjøper du pH-stripsene du bruker?

    Svar
  • 7. raymond  |  mars 7, 2014, kl. 7:35 pm

    Fyller bare i et stort plast spann rett fra anlegget og har i siste slump fra forje surning.Neste dag har æ ny ladning med surmelk. Sjekker bare at det lukte frisk surmelk. Kalvene drikker som bare det og ikke plaga med laus mage eller noe. Enkelt å greit.

    Svar
    • 8. Norun  |  april 2, 2014, kl. 7:37 pm

      Dette er måten jeg syrner melk på å. Ingen problemer med løs mage på kalvene, og de drikker mer enn gjerne av dette.

      Svar
  • 9. Svein  |  mars 7, 2014, kl. 7:36 pm

    Syrner også med syre. Blander syra ut 3 liter syre I en 25 liters kanne. Dette gir mer slingringsmon. Slår bare blandinga beint I melka og rører om. Dette fungere bra. Skjekker med ph strips. Disse kommer fra Nessemaskin.

    Svar
  • 10. Inger  |  mars 8, 2014, kl. 9:19 am

    Vi bruker sitronsyre til syrning, måler ph, vil ha ph på 4,5. (får ph strips på nessemaskin ja). Smaker og alltid på melka, ph`en og konsistensen kan være fin, men smaken alikevel mindre bra.. (gir da større kalver den mindre bra melka og yngre får alltid god.) 3 dl sitronsyre på 50 liter melk. Foretrekker at det er en lunk i melka når det syrnes, men med automatisk utskilling av melk så er det ikke alltid den er lunken.
    Hender vi syrner med kulturmelk om sommeren, er ikke varmt nok til at det går på vinteren for oss, men resultatet er mer ustabilt da, men er den god, så er det den aller beste melka 😉
    Har hatt en del kalvediare etter vi flyttet over i nytt fjøs for noen år siden, men har funnet vår metode nå, mye prøving å feiling. Hender det blir diare innimellom, men er kortvarig på ukes gamle kalver, et par dager så er de fine igjen, men gjør tiltak med en gang.

    Svar
  • 11. olav liseter  |  mars 9, 2014, kl. 7:09 pm

    vi kjøpte inn mye kalv et par år og fora opp til kvalitetskalv. brukte en gammel 400liters melketank med røring men ikke kjøling. den var lett å rengjøre skikkelig og lett og tappe av de jeg trengte. brukte vaskepumpe fra mjølketanken for å pumpe melk og tilførte samtidig syra. sjekka ph’en dagen etter. og justerte ved behov. syntes at 4,6 virket greit på de fleste. jeg synes melka var bra i hvertfall 10 dager. men det var sjelden den ble stående så lenge. har slutta med syrning nå. vi økte kvota og forer kun opp egen kalv. synes det er lettere å tappe av melk mens jeg mjølker og slipper å varme opp. vasker smukkbøttene en gang i døgnet og det ser ut til å gå bra hos oss så jeg ser egentlig ikke helt behovet med å syrne da.

    Svar
    • 12. Marit Tynnøl  |  mars 12, 2014, kl. 4:27 pm

      Takk for mange gode tips – eg har enno ikkje funne den perfekte metoden – så må nok prøve meg fram litt til. Mitt dilemma er når eg har få kalvar og mykje mjølk (anten råmjølk, raud mjølk eller slutten av penicillingbeh.) – synest eg det er vanskeleg å kaste mjølka og samstundes vanskeleg å få ho til å halde seg lenge. Truleg er kanskje 10 dagar maks – så må den kastast uansett?

      Svar
  • 13. Aase RS  |  mars 13, 2014, kl. 4:24 pm

    Har du plass, er det ei brukande løysing å fryse ned, t.d. i kanner.

    Svar
  • 14. Hallvar  |  oktober 10, 2014, kl. 8:02 pm

    Eg bruker vanleg vanleg Maursyre, har en tank på 300 liter som eg veile tida blander i. Bruker augemålet, og blander det kraftigt med en malingsrører og boremaskin. Rører opp mjelka ved kvar foring.
    Fyller jamt etter med ny mjelk, og da held konsistensen seg fin. Har aldri hatt magesjau på kalvane. Forer med drikkebar.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: