Tørkehastigheit 3.slått med og uten bruk av stengelknekkar

oktober 11, 2013 at 12:03 pm 8 kommentarer

Av Ingunn og Geir Henning

Ulsrod 0444Tidlegare i haust så viste vi resultat etter utprøving av tørkehastigheit på gras slått med og utan bruk av stengelknekkar. Testen blei gjort på 1.slåtten hos Torgeir Ulsrød i Aremark i Østfold, og i haust gjentok vi testen på 3.slåtten. Resultata frå 3. slåtten er vist i figuren under.

Graset blei slått 12.september kl. 9.00. Det var tett tåke frå morgonen av og høg fuktigheit i lufta, men tåka letta utpå dagen og sola gløtta fram. Det var registrert ca. 11 grader kl 10 om føremiddagen og kl 15.30 var temperaturen oppe i 24 grader. Det var liten bris av og til, og seint på ettermiddagen skya det til. Dagen etter starta med overskya vèr, høg fuktigheit og vindstille. Temperatur ca. 13 grader kl 9.30 og sola kom i 11-12 tida. Klokka 12.30 var det registrert 23 grader. Sol og fint vèr resten av dagen.

Som figuren under viser så var graset mykje våtare når det blei slått kl. 9 om morgonen enn 1.slåtten, med rundt 13 % tørrstoff mot over 18 % på 1.slåtten. Graset tørka sakte i starten og tørka omtrent like fort med og uten stengelknekkar. På siste prøvetaking kl 19 om kvelden hadde graset slått med stengelknekkar eit tørrstoff på 26,2 % og graset slått utan stengelknekkar 24,5 %, ein forskjell på 1,7 %-einingar. Første prøve målt på dag 2 (kl. 9.00) viser at graset har tatt opp mykje fuktigheit i løpet av natta slik at tørrstoffet gikk ned til henholdsvis 20,9 og 20,3 %-einingar for gras slått med og uten stengelknekkar. Tørrstoffet aukar jamt utover dagen, men gras slått med stengelknekkar tørkar raskare enn graset slått utan stengelknekkar. Ved siste prøvetaking klokka 15 har graset slått med bruk av stengelknekkar nesten 5 %-einingar høgare tørrstoff enn gras slått utan bruk av stengelknekkar, med verdiar på henholdsvis 31,3 og 26,1 %.

Stengelknekkar 3slått

Tørkehastigheit for 3.slått gras med og uten bruk av stengelknekkar.

Under disse hausteforholda med høg fuktigheit om natta men gode tørkeforhold på dagtid vil det ta om lag 10 timar å oppnå ca. 25 % tørrstoff, og det har relativt liten betydning om ein brukar stengelknekkar eller ikkje. Ved høg fuktigheit om natta, sjølv om ein har gode hausteforhold på dagtid, så tar det tid før graset oppnår same tørrstoff som dagen før. Bruk av stengelknekkar ser imidlertid ut til å auke tørkehastigheita vesentleg på dag 2 i forhold til utan bruk av stengelknekkar.

Advertisements

Entry filed under: Grovfôr og ensilering. Tags: , , , , .

Frysepunkt og fôring Ta fôrprøve av grønnfôr og helsæd

8 kommentarer Add your own

  • 1. Tore Osen  |  oktober 13, 2013, kl. 8:47 am

    Var det breispreding denne gongen?

    Svar
  • 2. Ingunn  |  oktober 14, 2013, kl. 7:31 pm

    Ja, det var breispredning denne gongen også.
    mvh
    Ingunn

    Svar
  • 3. yngve  |  november 1, 2013, kl. 7:54 pm

    Hva ville ts% vært om en hadde slått på ettermiddagen, og høstet på samme tid?

    Svar
  • 4. Ingunn  |  november 6, 2013, kl. 11:35 am

    Det er eit godt spørsmål. Eg trur det ville lønne seg å vente med å slå til seinare på dag fordi graset var veldig vått og dugget tørkar bort raskare om graset står på rot enn når det er slått. Mulig det hadde gitt litt høgare ts% totalt sett?
    mvh
    Ingunn

    Svar
  • 5. Sverre Heggset  |  november 7, 2013, kl. 9:33 am

    Om graset kvitter seg raskere med doggen på rot enn slått tror jeg avhenger av breispreding eller strenglegging. I stren vil mye dogg bli lagra sammen med graset mens breispredd vil mye av doggen ristes av og ligge på bakken. Det gjør at graset får raskere start på tørkinga og jeg vil hevde at slått om morgenen dermed blir mest effektivt. Men her er stoff for en ny test.

    Svar
  • 6. Ingunn  |  november 7, 2013, kl. 10:00 am

    I dette tilfellet var det breispredd gras, og eg synes det tok lang tid før det fikk noko fart på tørkinga (lite tørking fra kl. 9 til ca. 11-12). Dette tolkar eg som at det ikkje er stort poeng å slå om morgonen. Skulle ha gjort fleire testar her, ja.. :o)

    Svar
    • 7. Sverre Heggset  |  november 7, 2013, kl. 10:33 am

      Ser poenget ditt, men her må da været være avgjørende. Se bare på tørkinga neste dag der det skyter avgårde voldsomt fra 09 – 11

      Svar
  • 8. Ingunn  |  november 7, 2013, kl. 11:42 am

    Det har du rett i. Kan det ha noko med at porene i cellene lukkar seg etter slått, og pga kaldt og fuktig vèr så tar det lenger tid før tørkinga kjem igang? Men det er litt rart for ein forventar jo raskare tørking i starten. Været har nok mykje å sei og det var meir tåke og fuktigheit første enn andre morgon.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: