Tørkar graset raskare med stengelknekkar?

august 15, 2013 at 8:43 pm 4 kommentarer

Ulsrod 0093 GeirHAv Ingunn og Geir Henning

I ensileringsbrosjyra vår anbefalar vi å fortørke graset til 30-35 % dersom vèret tillet det. Kor lang tid må graset ligge for å oppnå dette tørrstoffet, og tørkar graset raskare når ein brukar stengelknekkar kontra om ein ikkje har stengelknekkar når graset er breispredd? Dette var spørsmål vi ønskte svar på i ei utprøving vi gjorde hos Torgeir Ulsrød i Aremark i Østfold. Vêrforholda var gode den dagen det blei slått, med sol og litt vind. Meir om utprøvinga kan du lese om på medlem.tine.no, men her er figuren som viser resultata.

Tørkehastigheit i 1.slått breispredd gras med og utan bruk av stengelknekkar.

Tørkehastigheit i 1.slått breispredd gras med og utan bruk av stengelknekkar.

Under disse hausteforholda så tek det omlag 6 timar å nå eit tørrstoff på 30 % uavhengig av om det er brukt stengelknekkar eller ikkje. Det ser imidlertid ut til at dersom ein ønskjer eit høgare tørrstoff enn 30-35 % så går tørkinga raskare om ein brukar stengelknekkar enn om ein ikkje brukar stengelknekkar, då det er tydeleg høgare tørrstoff kl. 17 og 19 første dag og ved alle tidspunkt dagen etter. Dette viser at investering i stengelknekkar har liten hensikt på tørrstoff opp til ca. 30-35 % på gras av 1.slått og gode hausteforhold.

Advertisements

Entry filed under: Grovfôr og ensilering. Tags: , , , .

Kalvefôring – råmjølka er avgjerande for god start. Mjølk – godt både for kalvar og folk .

4 kommentarer Add your own

  • 1. Jens Håkon  |  september 9, 2013, kl. 3:10 pm

    Jeg tror resultatene vil variere mye ved forskjellig avlingsnivå og frøblanding

    Svar
  • 2. Ingunn  |  september 9, 2013, kl. 6:19 pm

    Det kan ein ikkje sjå bort ifrå. Har du noko formeining om kva det har for betydning?
    mvh Ingunn

    Svar
  • 3. Håvard  |  september 16, 2013, kl. 4:40 pm

    Hadde det ikke vært en fordel å sammenlignet bredspredning mot bredspredning. Ikke noen stor overraskelse at bredspredd uten crimper tørker like fort som streng med crimper.

    Svar
  • 4. Ingunn  |  september 17, 2013, kl. 8:02 am

    Det er breispredd mot breispredd vi har testa, med og uten crimper. Vi har ingen test av streng i denne undersøkinga.
    mvh
    Ingunn

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: