Auka pris for gode okseslakt – vil du få full uttelling ?

juni 21, 2013 at 5:15 pm 2 kommentarer

Av Åse
Det ligg an til ca. 10.000 tonn for lite norsk storfekjøtt i år. Det vart gjort enkelte grep i jordbruksoppgjøret for å få opp produksjonen. Eitt tiltak er å etablere eit kvalitetstilskott for alt storfeslakt med kvalitet O og betre, med unntak av kategorien ku. Det er lagt til grunn at 55 prosent av samla slaktekvantum på storfe vil fylle krava. Da vil avsatte midler til dette kvalitets-tilskottet rekke til ein sats på om lag 3,70 kroner per kg. Tilskottet skal utbetalast via slakteria til produsent for slakt levert frå og med januar 2014. I praksis bør dei fleste i kategorien Ung okse oppfylle kravet til kvalitetstilskott, medan ein nokså beskjeden andel av Ung ku vil gjera det.
Oksar som har att velså ½ år til slakting er altså potensielle kandidatar for kvalitets-tilskottet. Målet bør vera å greie minst 90 – 95 % av Ung okse-slakta i så god klasse (O el. bedre) at dei får tilskottet. På ein 300 kg ‘s okse utgjer det 1.110 kr. ekstra.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA I eit utplukk av 20 tilfeldige buskapar som alle leverte minst 15 okseslakt i 2012, fann eg fylgjande resultat på ung okse i middel: Tabell okseslakt

Det er logisk at «store» buskapar oppnår noko betre resultat enn i mindre buskapar fordi det er lettare å få til jevngamle dyr i kvar binge når det er mange å ta av. Variasjonen i talmaterialet var likevel påfallande stor. Nokre buskapar hadde låge tilvekst-tal; heilt ned mot 400 g slaktevekt /dag. Dei same buskapane hadde låge slaktevekter. Med andre ord tek oksane opp fjøsplass lenge, men veks sakte og har låge slaktevekter trass i «normal» alder. I denne gruppa fanst det buskapar der berre 50 % av oksane havna i O el. bedre. I 4 av dei 20 buskapane oppnådde kvar einaste okse O el. bedre. Slaktevektene hjå desse varierte frå 281 til 313 kg, og slaktetilveksten frå 490 til 580 g/dag.
Vinteren 2013/14 vil bli utfordrande for mange når det gjeld grovfôrtilgang. Korleis få til gode okseslakt med lite grovfôr ? Dette blir ekstra viktig nå når slakteprisen i enda større grad er avhengig av kvaliteten på slakta ! Vi veit om buskapar som oppnår over 600 g/dag på lite grovfôr og istaden mykje og fiberrikt kraftfôr. Det kan vera ei løysing der tilgang og frakt-kostnader gjer det dyrare å kjøpe grovfôr enn kraftfôr.
Vi vil gjerne høyre om både gode og dårlege erfaringar her på bloggen om planer for okse-framfôringa i forhold til både fôrsituasjon og styrka økonomi for gode slakt ! Det kan koma mange til nytte.

Reklamer

Entry filed under: Kvigeoppdrett og kjøttproduksjon. Tags: , , , .

Robotkyr må også ha vann…. Grovfôrmangel – kan vi erstatte grovfôr med kraftfôr?

2 kommentarer Add your own

  • 1. jan asle bolset  |  juli 10, 2013, kl. 7:45 am

    vi som forar oksekalvane fram til 100-120 kg før vi leverar vidare til andre, vil vi få noko av det nye tilskotet?

    Svar
  • 2. Åse  |  juli 11, 2013, kl. 8:42 pm

    Hei. Eg har registrert ein diskusjon i Bondebladet om dette spørsmålet, og ev veit ikkje svaret på det. Prisen på fôringskal vil vel alltid vera påvirka av marknadssituasjonen. Auka slakteprisar vil forhåpentlegvis føre til auka etterspørsel etter kalv, og ved evt. knappheit er det sannsynleg at prisane på fôringskalv også aukar. Sjølv om det blir født for fåe kalvar i Norge til å kunne dekke storfekjøttbehovet, var det tendensar til manglande kjøparar likevel i vinter/vår. Det har sjølvsagt med økonomien i framfôringa til slakt å gjera, og er vel hovudgrunnen til kvalitetsslakt-tilskottet blir innført. I tillegg vil nok ofte fjøsplassen bli prioritert til kyr og påsettkviger i år med «romslege» kvoter. Eit tillegg på 7 % over grunnkvote i 2012/13-året har sikkert virka inn i så måte.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: