Mus og ku – kva har dei til felles?

november 17, 2012 at 8:37 pm Legg igjen en kommentar

Av Ingunn

Ikkje så mykje kanskje, bortsett frå at dei fleste har dei i fjøset (sitat Eirin). Men vi er ikkje ferdig med musa heilt endå.

Erik og eg var på konferanse i Wageningen i Nederland nyleg, og der var det ein tysk forskar, Bjørn Kuhla, som viste ei artig samanlikning av fôropptaket til ku og mus, sjå figuren under. Hos musa så aukar fôropptaket etter at ho føder ungar med heilt 5 gongar fôropptaket ho hadde før ho føder. Til samanlikning så aukar kua sitt fôropptak berre 2 gongar opptaket ho hadde før kalving. Samtidig veit vi at kua sitt behovet for energi aukar 4-5 gongar. Kvifor er det slik?

Ei forklaring meinte forskaren skuldast mobiliseringa av feitt som kua går igjennom etter kalving. Stor omsetning av feitt i levra påverkar nerveceller som sender signal til svolt og metthetssenteret i hjernen om å redusere fôropptaket. I tillegg kunne forskarane påvise at beta-hydroksysmørsyre, som er eit produkt etter feittmobiliseringa, har evne til å passere blod/hjernebarrieren. Det påverkar dermed svolt og metthetssenteret i hjernen direkte og gir beskjed om å redusere fôropptaket. Det vil sei at kyr som har stor feittmobilisering mistar mykje av appetitten på fôr.

Dette var ei forklaring. Eg har ikkje tenkt å gå nærare inn på andre mulege forklaringar i denne omgang, men tar gjerne imot forslag :o) Men oppfôrdringa er: Pass på at kyrne ikkje mobiliserar for mykje!

Advertisements

Entry filed under: Ukategorisert. Tags: , .

TINE OptiFôr Ku og andre raser enn NRF Holdvurdering av melkeku

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: