TINE OptiFôr Ku og andre raser enn NRF

november 10, 2012 at 9:56 am Legg igjen en kommentar

Av Åse

NorFor er godt gjennomarbeidd for alle store raser i Norden; der dei viktigaste er  kombinasjonsraser som NRF, SRB, RDM og islandske kyr, og mjølkeraser som holstein og jersey.

Vi får av og til spørsmål om NorFor «stemmer» for holstein og jersey.  Det meiner vi absolutt! Hugs at holstein er viktigaste rase i både Sverige og Danmark, og det er mange jerseykyr i  Danmark.  NorFor har derfor hatt god tilgang på forsøksresultat med desse rasene som grunnlag for utviklinga av NorFor-systemet, f.eks. ved utrekning av fôrbehov, fôropptak osv.  Det beste beviset for at NorFor passar for desse rasene også, er at bruken av NorFor-fôrplaner aukar fort i Sverige og Danmark.  Danskane køyrer mykje eindags-forkontroll, og desse viser at både fôropptak og produksjon stemmer godt med det NorFor bereknar.

Her vil eg fortelja litt om kva TINE OptiFôr / NorFor har gjort for å ta omsyn til ulike raser.

  • Alle listevalg-alternativa kan brukast på alle raser, bortsett frå at «Laktasjonsuke 1  – 43» ikkje er tilrettelagt for «gamle» norske raser.
  • I «Buskap»-bildet kjem middeltal i buskapen opp, uansett rase.  Men ver obs dersom buskapen har f.eks. både NRF og jersey.  Levandevekter (omrekna fra slaktevekter) og historisk 305-dagars laktasjonsavdrått avspeglar da sjølvsagt midlet for rasene.  Tala kan redigerast og tilpassast ei rase om gongen.
  • I «Dyr»-bildet ved bruk av KK-data kjem rasekode fram, og dersom dyra har innrapportert brystmål el. levandevekt kjem desse med på kvar enkelt ku.
  • I «Fôrmidler» og i «Beregning» er det ikkje behov for spesielle tilpassingar.  Jersey har lågare minstegrense på tyggetid enn dei andre rasene, og det kjem fram automatisk.
  • Med listevalg «Pr. gruppe/ku (Egendefinert)» er både holstein og jersey valgbare raser.  Pass på å legge inn fornuftige levandevekter og kjemisk innhald i mjølka ut frå rasevalget.  Velger du Planlagt avdrått er det viktig å tilpasse tala i «Buskap»-bildet under Planlagt avdrått til den rasen du set opp fôrplan for (skal oppgjevast i kg EKM).  Sannsynleg tilvekst på 1. og 2. kalvskyr er tilpassa dei ulike rasene og kjem automatisk.
  • Listevalget «Dagsavdrått 0 – 50 kg» inneheld ikkje rasevalg, og det trengs ikkje heller.  Men det er sjølvsagt viktig at levandevekter på kyrne og kjemisk innhald i mjølka innlagt i «Buskap»-bildet er logisk ifht. til kva for rase fôrplanen skal gjelde for.
  • Ved bruk av listevalget «Laktasjonsuke 1 – 43» må du vera nøye med å legge inn høvelege levandevekter og Planlagt avdrått i «Buskap»-bildet.  I «Dyr»-bildet velger du rase (valga er NRF, holstein, jersey) og lakt.nr.  Laktasjonskurva som kjem opp er litt forskjellig for dei ulike rasene. Sidan Planlagt avdrått er oppgjeve i kg EKM er det riktig med 4,0 % fett – 3,3 % protein – 4,7 % laktose i «Dyr»-bildet uansett rasevalg.

 TINE OptiFôr skal altså gjera ein like god jobb med fôrplaner til holstein- og jersey-kyr som til NRF-kyr så sant brukar passar på å legge inn logiske data for levandevekter, kjemisk innhald i mjølka og evt. planlagt avdrått. Det er sjølvsagt lite norsk datagrunnlag frå KK og forskninga bak holstein og jersey, og forma på laktasjons-kurva kan kanskje vera litt annleis under norske forhold.  Eg tenkjer da spesielt på dansk fôring med mykje fullfôr (TMR) som nok gjev flatare laktasjonskurver enn tradisjonell norsk fôring.

 Fødselsvekt og utvaksen vekt inngår i ein del NorFor-formlar.   Norfor brukar fylgjande:

  Fødselvekt, kg Utvaksen vekt, kg
  Oksekalv Kukalv Oksar Kviger Kastrater
NRF 41 39 950 600 750
Jersey 30 28 650 440 550
SLB (holstein) 41 39 950 640 750

 NorFor har sjølvsagt rase-tilpassingar i alle nødvendige formlar.  Det gjeld  f.eks. kor mange kilo kroppsvekt ei gitt hold-endring representerer,  berekning av fôropptak, laktasjonskurver og behov for og utnytting av fosfor.  Når det gjeld jerseykyr og bruk av OptiFôr skreiv eg ein artikkel i Buskap (nr. 3 i 2008) spesielt om dette.

 Det er altså all grunn til å bruke OptiFôr-forplaner i buskapar med holstein og jersey også, enten ein vil setja opp individuelle kraftfôrlister til kyrne eller lage generelle fôrplaner som grunnlag for fôrtabellar i datastyrte fôringssystemer !

Reklamer

Entry filed under: Fôrmiddelvurdering. Tags: , , , , , .

Nye medlemmer i TTF Mus og ku – kva har dei til felles?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: