KORLEIS FÅ MEIR MJØLKEFEITT ?

september 22, 2012 at 8:11 am 2 kommentarer

Av Kari og Line

*Auke totalmengde feitt ved å få kua til å produsere meir mjølk. Minus at ein får ein uttynningseffekt ved høgare mjølkeproduksjon.

Ulempe at lageret av skummamjølkpulver aukar.

*Auke feitt % i mjølka:

 Momentliste for tiltak :

Sikre god eddiksyre-og smørsyregjæring i vomma:

Nok fiber:

-tilleggsfôring med fôr med høgare fiberinnhald, td halm på beite

-tilsetting av halm i grunnblanding og TMR

-blande grovfôr med lågt fiberinnhald med grovfôr med høgare fiberinnhald

 

Ved mykje kraftfôr:

-fordele kraftfôret over fleire tildelingar pr dag. Ved 4 tildelingar auk til 6 ved 6 tildelingar auk til 8. Minst 1,5 time mellom kvar tildeling, best effekt når det er tilgong på grovfôr mellom kraftfôrtildelingane

-vurdere kraftfôr med mindre stivelse til vom,td Formel Energi, Fiskå Toplac, Drøv Fase 1

-vurdere å gje betfiber som eit ekstra kraftfôrslag

 

Ved lite grovfôr/lågt fôropptak:

 – fordele både kraftfôr og grovfôr over fleire tildelingar

 – sikre høgast mogleg grovfôropptak ved å bruke det best gjæra surfôret til mjølkekyr

 – tilsette salt i grunnblandinga for å få meir smakeleg fôr

 – vurdere fiberkraftfôrblandingar, td Formel fiber grovfôrmangel, Drøv Fiber Storfe, Fiskå fibermix

-Vurdere kraftfôrslag med auka innhald av betfiber,td ProFet, Melketopp Boost

-Ved 60% kraftfôr eller meir: Vurdere kraftfôrslag med gjær, td Drøv Fase 1, eller gje Yeasacc som tilskotsfôr

– Inneheld rasjonen nok sukker? Gje byggpellets om sukkerinnhaldet i grovfôret er under 50 g/kg t.s.

 -Gje tilskot av feitt i fôret, td AkoFeed Gigant

-Varierande resultat ved utprøving i felt. Mest aktuelt til raigrasbeite. I Danmark er det tilrådd å ikkje bruke feitt før i laktasjonsveke 8, max effekt ved 45 g/kg ts. Der er det best resultat for kyr som mjølkar under 30 kg mjølk/dag.

 

For meir om korleis ein får til høgare feitt% i mjølka, sjå Harald Volden sin artikkel i Buskap nr. 6/2012.  Det kjem ut ca. 8. oktober.

 

Advertisements

Entry filed under: Mjølkekvalitet. Tags: , .

TTF til Skåne og Århus… Kalibrering av kraftfôr

2 kommentarer Add your own

  • 1. Høyland  |  oktober 27, 2012, kl. 6:38 pm

    I all denne fettdebatten kunne det vært inntresant med jerseykyr?
    Kvifor er det så få som tar dette opp, Kunne vært greit med nokre goe rekneeksempel på lønnsemda i dette? Høyres ut som dei får dei til og mjølka meir også enn tidlegare?

    Svar
  • 2. Noralv  |  oktober 28, 2012, kl. 10:20 am

    Hei,
    Jeg er nok ikke i tvil om at det er løsningen for en del produsenter. Det er for mange en langsiktig strategi. Enten ved å avle i egen besetning (fortrinnsvis kjønnsseparert sæd), innkjøp av reinrasa kvigekalver eller drektige kyr og kviger.

    Jeg mener alle må ha det langsiktige perspektivet med seg. De fleste har jo heldigvis det. Og for en del så vil det klart være et økonomisk godt alternativ å gå for å produsere en høy EKM fordelt på færre liter og flere kyr. Det er jo gjerne fjøs og areal som vil være begrensende faktorer.

    Men mye legges her opp til de fôringsmessige strategier og tiltak som har effekt på kort sikt. Og de fungerer for de fleste….

    Noralv

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: