Kva kjenneteiknar mjølkeprodusentar som tjener bra ?

juli 25, 2012 at 12:39 pm 6 kommentarer

Av Åse

Nyleg las eg ein interessant artikkel i Bondevennen der resultat i TINE’s Effektivitetsanalyse var brukt til å finne ut noko om dette på Jæren. Eg vart nysgjerrig på tilsvarande resultat for heile landet samla. Derfor tok eg for meg EK-tala for 2010 og konsentrerte meg om driftsgrein 1, som gjeld sjølve mjølkeproduksjonen utan oppdrett. Dei 75 økologiske bruka i talgrunnlaget plukka eg ut for seg sjølv, fordi dei ellers gjorde det vanskeleg å tolke resultata. I tabellen viser eg middeltala både for dei økologiske bruka og dei 1228 konvensjonelle.

Fyrst litt om dei konvensjonelle bruka.  Her sorterte eg alle på resultatmålet «dekningsbidrag utan tilskott, kr/liter» som er lite påvirka av bruksstorleik og landsdel, og rekna middeltal for alle og for lågaste og høgaste fjerdedel blant dei. I tabellen er plukka ut nokre resultat som er med på å forklare kvifor dei i høgaste fjerdedel gjer det godt. Dei oppnår ein høgare mjølkepris, som kan skuldast betre mjølkekvalitet, høgare fett- og protein-% og/eller betre utnytting av sesongvariasjonen i mjølkepris. Dette forklarer likevel berre brøkdel av dei 92 øre/liter høg-gruppa scorar i høve til låg-gruppa. Litt skuldast at høg-gruppa også har betre kuslakt og meir livdyrsalg.  Men storparten skriv seg frå lågare variable kostnader i mjølkeproduksjonen. Fôrkostnadane står for storparten av desse.  Da er det interessant at Høg-gruppa får i kyrne sine mykje meir grovfôr og leverer meir mjølk pr. årsku til tross for relativt mindre bruk av kraftfôr.  Grovfôropptaket er påvirka av både energi-innhald (haustetid), gjæringskvalitet og kor reell appetittfôring kyrne har fått. Resultata er nok også påvirka av fôringsstrategien og korleis kraftfôret blir fordelt gjennom laktasjonen.  Å bruke 1800 kg kraftfôr i løpet av laktasjonen til ei ku ved å gje 6 kg pr. dag heile tida gjev opplagt ikkje like godt resultat som å fordele det i takt med behovet gjennom laktasjonen, for å ta ei grov forenkling…. I tillegg til lågare fôrkostnader brukte høg-gruppa færre øre pr. liter levert mjølk både til veterinær, inseminering osv. og til forbruksartiklar.  Alle monner dreg.

Tala viser ellers at bruka i høg-gruppa hadde velså 32 årskyr i gjennomsnitt. Dei leverte rundt 216.000 liter mjølk i middel. Låg-gruppa hadde knapt 22 årskyr og leverte velså 140.000 liter i middel.

Samanlikninga mellom konvensjonelle og økologiske bruk kan vera interessant, men hugs at det berre er 75 økol.bruk bak tala !  I middel leverte båe gruppene rundt 188.000 liter mjølk, men økol.bruka hadde lågare avdrått og fleire kyr. Registrert meirpris på mjølka var rundt 64 øre pr. liter, og på kraftfôret 150 øre pr. FEm.  Gardane i økol.gruppa brukar tydeleg mindre kraftfôr, og hadde 9,3 FEm grovfôropptak i middel. Grovfôret deira er billegare enn i den konvensjonelle gruppa; i dekningsbidraga inngår berre variable kostnader.  Desse utgjorde i middel 54 øre i økol.gruppa  og 81 øre i konv.gruppa pr. FEm.

Nå er det ikkje alltid slik at dei bruka som har gode resultat på dekningsbidrags-nivå også har god økonomi på den såkalla «botnlinja». Men eit godt dekningsbidrag pr. liter utan tilskott gjev uttrykk for at det er lagt eit godt grunnlag for å kunne tjene pengar som mjølkebonde.

Advertisements

Entry filed under: Produksjonsøkonomi. Tags: , , , , .

Grashøsting i nord Presisjonsstyring i melkeproduksjon

6 kommentarer Add your own

  • 1. H  |  august 14, 2012, kl. 5:40 pm

    Likte denne artikkelen, har lest den flere ganger. Fokus blir helt klart på grovforet framover.

    Svar
  • 2. Åse  |  august 16, 2012, kl. 8:32 pm

    Hei, og takk for triveleg tilbakemelding. Ja grovfôrkvalitet og grovfôropptak betyr iallfall mykje for økonomien hjå dei som har eit godt arealgrunnalg trur eg !

    Svar
  • 3. Knut  |  august 23, 2012, kl. 10:49 am

    Godt grvfôr av en viss mengde er selvsagt viktig, både for produksjon og dyrehelse. Men i følge diverse skriverier i fagblader så blir det sagt at grovfôret nesten er dyrere en kraftfôr. Så da stiller jeg spørsmålstegn i om det kun er mye og bra grovfôr som kan gi bra økonomi? I et år med lite grofôr må en gjerne på vestlandet betale 400 kroner for en rundball, uten at den trenger være av spesielt god kvalitet. Da er du fort over 3 kroner pr.fem. i grovfôrkostnad. Det kan vel også være mye å hente på å utnytte det grovfôret en har best mulig i kombinasjon med RETT kraftfôr. Mange kjøper det dyreste kraftfôret, for en tror liksom det skal være best……Men kunne like gjerne klart seg med en billigere sort. Og så har en jo div. fibermix og havremix til rundt 2.60 for forenheten. Det skal noe til å produsere billigerer grovfôr en det? Det kunne også vært interessant å sett på maskinkostnad i høg og lav gruppa, er det noe bilde av heltids/deltids bønder i dei to gruppene? At feks lav gruppa har oftere jobb utenom, og bruker mer penger på maskiner som trekker opp grovfôrkostnaden osv…..

    Svar
    • 4. Åse  |  august 25, 2012, kl. 1:34 pm

      Det var nyttige kommentarar og svært aktuelle spørsmål ! Så eg gjekk inn att i EK-dataene og fann ut at skilnaden mellom gruppene var enda større når eg såg på dekningsbidrag minus faste fôrkostnader. Da var det att berre 1,13 kr/liter i Låg-gruppa og 2,21 kr/liter i Høg-gruppa, og middel var 1,70 kr./liter. Det viste seg at brutto grovfôrkostnad var hhv. 3,50 (låg) – 2,27 (høg) – 2,83 (middel) kr/FEm i konvensjonell drift. For meg ser det ut til at det er skilnaden i avlingsnivå som forklarer mest ; avlinga var hhv. 334 – 496 – 411 FEm / dekar. I låg-gruppa var det 168 dekar berekna areal til mjølkekyrne, medan det var 203 dekar i høg-gruppa. Dersom det er nokonlunde lik maskinpark i dei to gruppene, ser vi at maskinkostnaden kan fordelast på mange fleire FEm i høg- enn i låg-gruppa. Dermed har høg-gruppa tydelegvis både meir og billegare grovfôr (inkl. faste kostnader) til disposisjon enn låg-gruppa. I båe gruppene vart det i middel kjøpt inn rundt 10.000 FEm grovfôr pr. år.

      Og du har sjølvsagt heilt rett i at grovfôret i mange tilfelle er så dyrt å produsere at kostnaden er større enn kraftfôrprisen pr. FEm, jfr. bruttokostnad 3,50 kr/FEm i låg-gruppa. Det kan diskuterast om det er denne prisen som skal samanliknast med kraftfôrpris. Vi får jo areal- og kulturlandskapstillegg som er knytta til at vi faktisk dyrkar grovfôr. Fråtrekt AK var kostnaden 2,12 kr/FEm i låg-gruppa og 1,49 kr/FEm i høg-gruppa: altså langt under kraftfôrpris. På den andre sida er ikkje eigen arbeidsinnsats i grovfôrdyrkinga med i EK’s grovfôrpris, og den slepp vi jo med kraftfôret.

      Alt i alt kan ein kanskje seia at EK-resultata berre viser at mjølkebøndene tilpassar seg logisk; dei som får produsert grovfôret sitt billig (i stor grad gjennom høg avling) stappar i kyrne sine mykje av det. Medan dei med dyrt grovfôr heller velger å bruke meir kraftfôr. Og avlingsnivået er sikkert mest eit resultat av dyrkingsvilkåra rundt omkring, sjølv om det sikkert også er skilnad på kor gode agronomar vi er.

      Svar
      • 5. Hans Jørgen  |  oktober 26, 2012, kl. 9:16 pm

        I mine øyne er det de produsentene som produserer store grasavlinger av god kvalitet som vil finne seg øverst i DB-sammenligningene.
        Her i området varierer grasavlingene fra 400 til 800 Fe/daa. Det er alltid de samme produsentene som har gode avlinger.
        Arealene med gode avlinger vil i år uten gras produsere 600-700 kg korn, som gir et DB på ca tusenlappen. Siden disse produsentene fremdeles produserer melk, må lønnsomheten være bedre enn korninntekten. Med tanke på alt merarbeidet med 3 slåtter, fòring, melking og øvrig stell, bør DB per daa være over 2000 kr for å være interessant. Det vil da si at hver Fe produsert på de beste åkerarealene i landet må ha en verdi på minst 3 kr. Det er ikke sikkert at kraftfòr er dyrt, da hvert tonn kraftfòr sparer 1,5 daa åker som kan brukes til kornproduksjon…

        Som griseprodusent, er det et tankekors for vår mjølkeproduksjon at det ikke finnes fokus fra avlsorganisasjonen på fòreffektivitet. Grovfòret er mye dyrere enn våre rådgivere vil innse.

  • 6. Åse  |  oktober 28, 2012, kl. 2:35 pm

    Hei.. Ja du har sikkert rett i at dei som oppnår store grasavlingar av god kvalitet som gjer det best på DB. Og at lønnsomheita i å bruke mest mogleg grovfôr sikkert kan diskuterast i dei områda av landet der korndyrking er aktuelt. Det spørs vel også på maskinkostnader til korndyrkinga i høve til arealet med korn. Dekningsbidrag pr. dekar iflg. EK 2010 var i middel velså 1800 kr. (for mjølk + kjøtt) UTAN noko tilskott, og rundt 3175 kr MED tilskotta (både på dyr og areal). Eg går ut frå at 1000-lappen du skreiv om i kornprod. var utan tilskott.

    Det som er mest sikkert er vel at det lønner seg å sørge for høg avling – enten det gjeld grovfôr eller korn – slik at dei faste kostnadane kan fordelast på fleire FEm grovfôr eller kilo korn.
    Generelt vil det nok også vera slik at mjølk- og kjøtt-produksjonen bør drivast meir intensivt dess høgare alternativ verdi arealet har. Dvs. dess meir lønsam korndyrking, dess mindre areal skal brukast til husdyrhaldet. Sjølv er eg sjeldan borti økonomispørsmål der korn er inne i bildet – her i fjellbygdene blir korndyrkinga såpass usikker at nesten alle mjølkeprodusentar har kutta ut kornet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: