Fôring og helse

juni 26, 2012 at 2:04 pm 2 kommentarer

Av Kari Margrete

Som fôringsrådgjevar får eg ofte spørsmål om å lage ein plan for fôringa slik at ytinga aukar. Det eg etterkvart har lagt merke til, er at det då er viktig å sjekke ut korleis helsestatus er i buskapen først. Skal ein opp i høg avdrått, er dette vanskelegare å få til, og det er større risiko for at kua vert sjuk av andre ting, om ho i utgangspunktet feilar noko.

Vi har sett eksempel på kyr som får kroniske infeksjonar i juret med Streptococcus Dysgalactiae der ein får eit brått fall i yting. Om ein då prøver å gjere endringar i fôringa for å få opp att ytinga hjelper det lite når feil fôring ikkje er grunnen ! Speneprøver må til, og med denne bakterien kan ei behandling i laktasjonen vere nok til at ytinga aukar att.

Skal ein gå fleire saman og ha mange dyr i ei samdrift bør speneprøver av kyrne ved avsining og slakting/behandling av problemdyr gjerast på kvar enkelt fjøs i god tid FØR innflytting.

Å ha oversikt over kva slag bakteriar som fører til akutte og kroniske mastittar i buskapen og å jobbe systematisk for å ha god jurhelse er viktig for å lukkast med å fôre dyra til høg yting. Fjøsloggen på medlem.tine.no. er nyttig. Treng de meir hjelp, søk råd hjå veterinær og helserådgjevar.

Ein anna gjengangar er problemer med klauvene/beina. Dyr som har vondt reiser seg ikkje opp -og legg seg ikkje ned- meir enn naudsynt. Dette fører, i tillegg til plagene kua har, ofte til dårlegare opptak av fôr. Om det er lausdrift, går dei ikkje til fôrbrettet, kraftfôrautomaten eller eventuelt roboten ofte nok. Eg har fleire gongar sett dyr med liten målt aktivitet som eg går og sjekkar og som viser seg ha beinproblem.

Sjå etter om dyra har hasesår eller andre sår. Har dei det er sårbehandling viktig. Sår er reservoar for mastittbakteriar som Staphylococcus aureus og Streptococcus dysgalactiae.

Det å ta seg tid til å skjere klauver ofte nok, og å bruke tid på å observere og å sjå om nokon går /står dårleg –og gjere noko med det -er etter mitt syn god økonomi !

Advertisements

Entry filed under: Helse og produksjonssykdommer. Tags: , , .

Hva er felles rangeringskriteriet for «suksess» og «fiasko» 1. kalvsku? Grashøsting i nord

2 kommentarer Add your own

  • 1. Knut  |  juni 26, 2012, kl. 10:22 pm

    Ut i fra dette innlegget er de viktigste tingene vi kan gjøre slik jeg tolker det i forhold til fôring og helse: 1. Ta speneprøver. 2. Skjære klauver.

    Kan ikke fôringa være en årsak til en del av sjukdommene vi har?

    Hasesår nevnes, og at sårbehandling er viktig. Hvorfor får ei ku hasesår? Skal vi akseptere at noen kyr får hasesår eller skal vi forebygge det?

    Svar
    • 2. Kari  |  juni 28, 2012, kl. 10:43 am

      Hei Knut !
      Fôring og helse er eit stort tema, og i mitt blogginnlegg
      tek eg opp ein liten del av det vi må ha fokus på. Eg er oppteken av at ein har friske dyr å starte med når ein skal legge opp fôringa. At kua trivs og heller ikkje har lus eller snyltarar er viktig. Som fôringsrådgjevar er eg ute på oppdrag som gjeld fôringsrelatert sjukdom rett som det er. Å ha ei balansert fôring der kua får det ho treng, og til dømes ikkje får problem ved vomfunksjonen, er sjølvsagt svært viktig. Når det gjeld hasesår må ein ta tak i kvifor kua får sår. Er det forhold ved båsen/liggebåsen som er grunnen ? Konstruksjon, underlag, strø mm. Det er alltid betre å forebyggje enn å reparere 🙂

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: