Mjølkekyr og beiting

mai 13, 2012 at 12:15 pm 2 kommentarer

Av Åse

Etter eit vanskeleg fôrår i store delar av landet i fjor er det godt at grasveksten på nytt er i gang, og beitesesongen nærmar seg.  Enkelte stader er nok kyrne allereie ute.  Det er ein kunst å greie å styre tilgangen og kvaliteten på beitegraset til kvar tid, og fôringa har lett for å bli meir ustabil enn på innhausta fôr. På den andre sida gjev beitesesongen moglegheit for ekstra billig mjølkeproduksjon, samtidig som mjølkeprisen er vesentleg høgare om sommaren enn om vinteren i størstedelen av landet. Unntaket er prissone sør, der ei nokså flat innvegings-kurve blir premiert.

Beitegras på rett utviklingsstadium har høgt innhald av både energi og protein. Tidleg beiteslepp er viktig, start gjerne når graset er  6 til 10 cm høgt. Men avgrens beitetida til nokre timar om dagen og gje rikeleg med surfôr eller høy inne i tillegg dei fyrste dagane. Grasveksten aukar fort utover forsommaren. Da gjeld det å vera klar til å hauste evt. overskotsareal f.eks. i rundballar slik at kyrne slepp å eta gamalt beitegras. 

 

Ungt beitegras har relativt lågt fiberinnhald.  Derfor treng kyrne tilgang på «bufferfôring» med noko strukturrikt fôr i tillegg; det kan til dømes vera halm eller seint hausta rundball enten i fôrhekk ute eller inne på fôrbrettet når kyrne er inne til mjølking.  På denne måten unngår kyrne dårleg vommiljø, med laus avføring og dårleg fôrutnytting som resultat. 

Ei rekke faktorar spelar inn på kor mykje kraftfôr kyrne treng i beitetida, i tillegg til avdråtten.   Beitekvaliteten  og grastilgangen betyr sjølvsagt mykje.  I tillegg spelar vêret direkte inn på kor ivrige kyrne er til å beite.  I veldig varmt vêr og i regnvêr et dei mindre enn ellers.  Ved skiftebeiting er det mest og best gras den fyrste dagen på nytt skifte.  Kraftfôrmengde og tilgang på «bufferfôr» er avgjerande for å jevne ut for slike forhold. 

Substitusjonseffekten (kraftfôrets effekt på grovfôropptaket) er høgare på beite enn på konservert fôr.  Store kraftfôrmengder vil derfor setja ned beiteopptaket mykje.  Det er med andre ord litt av ein balansegang å styre kraftfôrmengda slik at kyrne mjølkar godt utan å dempe beitelysta for mykje med kraftföret.  Dersom kraftfôrtildelinga av praktiske grunnar berre skjer to gonger i døgnet i beitetida (ved mjølking), er det også begrensa kor store dagsrasjonar det er grunn til å gje, av omsyn til vommiljøet.

I beitetida er det viktigare enn nokon gong å lesa tankbillappen godt !  Fett-og protein-% , urea og frie fettsyrer er viktige signal om korleis fôringa fungerer.  Vi oppfordrar til å ta ein prat med fôringsrådgjevar for å planlegge beitesesongen og undervegs i sommar viss tankbillappen tilseieer behov for justering.

Reklamer

Entry filed under: Grovfôr og ensilering. Tags: , , .

Feitere melk på bestilling…? Nytt målebånd

2 kommentarer Add your own

  • 1. Mari-Anne Hoff  |  mai 23, 2012, kl. 6:36 pm

    Vi driver under litt forskjellige forhold i vårt langstrakte land, ser jeg av råd og innspill som kommer på denne bloggen. Vi skal være klar til å høste beitegress hvis kyrne ikke eter fort nok.Ok, hvordan i alle dager skal det forgå? Vi har ganske mye areal nært fjøset som vi bruker til kubeite. Mye av det er rett og slett kultivert av mine oldeforeldre og besteforeldre, men å trille ugress og biologisk avfall utover berggrunnen med trillebår! Altså er arealet verken pløybart eller mulig å høste med rundballepresse eller noe anna! Beitepusser kan heller ikke kjøres. Vi sprer kunstgjødsel med traktor, men skulle gjerne ha hatt en måte å fått utover kalk på, stor kalkvogn går ikke. Slik kan det være i det virkelige livet!

    Svar
  • 2. Åse  |  mai 24, 2012, kl. 6:28 am

    Ja det skal vera sikkert at vilkåra varierer rundt omkring! Rundt Oslofjorden begynner vel dei aller fyrste med slåtten rundt pinse nå, medan vi mange andre plassar fortsatt har att mykje av våronna. Det om å legge overeskotsgras i rundballar var sjølvsagt berre slurv frå mi side; eg skulle ha presisert at det galdt på fulldyrka traktorjord. Men eg sat nok med ein tanke sjølv i hugu om kva slags beite eg meinte, og gløymte å skrive det. Eg må berre beklage ! Her i fjellbygdene som eg kjem frå er det også fint lite bruk av fulldyrka jord til beite og dei same utfordringane som du beskriv. Mykje av innmarksbeita er bratte, steinete og prega av sølvbunke-tuver. Vi lagar ikkje rundballar der vi heller: og langt mindre «håndpussing» av beita ! Mange velger å ha kalvingstida slik at beitetid og sinperiode fell saman, eller at toppytinga er unnagjort på innefôring fordi beiteforholda ikkje er særleg gode.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: