Fri mjølkeproduksjon til 1. mars – er planen lagt ?

januar 9, 2012 at 12:14 pm 2 kommentarer

Av Åse

Godt Nyttår til alle saman !

Alle hadde vel håpa på tidlegare beskjed om «frislepp» på mjølkeleveransene før smørkrisa vart så stor.  Men nå gjeld det å gjera det beste ut av situasjonen; dvs. å levere mest mogleg mjølk ut februar !  Ein logisk konsekvens av frisleppet er sjølvsagt å utsetja kuslaktinga, og Nortura melder om klar reduksjon.  Vi må likevel ikkje gamble med mjølkekvaliteten. Så kyr med høge celletal må slaktast som før, og kyr i seinlaktasjon med høge frie fettsyrer må avsinast som før. 

Neste spørsmål er om fôrplanen er optimal. Nokre hadde sikkert allereie satt bremsene på for kvotetilpassing før vedtaket kom, og har ei moglegheit til å få  meir mjølk med noko rausare bruk av kraftfôr att.  Men hugs at kyr langt ut i laktasjonen ikkje gjev særleg stor respons – prøv heller dei som er i fyrste del av laktasjonen.  Det har vore stor auke i omfanget av grovfôranalyser dei siste månadane, og det er kjempebra.  OptiFôr-fôrplaner basert på grovfôranalysene gjev det beste grunnlaget for å kunne produsere mjølka mest mogleg lønsamt.

Kvotefyllinga i landet er nå nede på rundt 90 %.  Altså er det veldig mange som kan levere meir til full pris heile tida enn dei faktisk greier å få til.  Dersom kvar einaste bås / liggebås i fjøset allereie er utnytta, er det altså berre høgare avdrått som vil hjelpe. Det tilseier stor etterspørsel etter fôringsrådgjevarane i TINE, noko vi også opplever. Kanskje er det ein idê for fleire ?  For eksempel kostar 20 timar fôringsrådgjeving i løpet av året det same som verdien av ca. 2.500 – 3.000 liter mjølk. Og sannsynlegheita for å oppnå meir gjennom god fôrplanlegging er STOR !

I buskapar som låg ân til å sprenge mjølkekvota + 2 %’n sin levde sikkert kalvane godt på tankmjølk før opphevinga av overproduksjonsavgift for inneverande kvoteår kom.  Her håpar vi at kalvar som er oppe i rundt 1 kg kraftfôr nå blir avvendt slik at meire mjølk kjem til meieriet. Kraftfôr er mykje  billegare enn mjølk, og når kalvane et såpass med kraftfôr har dei utvikla drøvtyggarfunksjonen bra og greier god tilvekst utan mjølk. I økologisk drift skal sjølvsagt kalvane fortsatt ha mjølk i 12 veker.

Ei anna form for kvotetilpassing er å gje kyrne lang sinperiode når det ligg ân til overfylling av kvota.  Dei som har vårkalving kan med fordel mjølke kyrne slik at dei berre får dei normale 7-8 vekene «fri» nå når mjølka trengs, så sant kyrne produserer mjølk med god smak og greitt celletal fortsatt.

Kutalet i Norge har gått mykje ned siste året.  Etterdønningane i form av lågare avdrått etter eit dårleg fôrår i 2011 både på Austlandet og Vestlandet varer sjølvsagt ut heile innefôrings-sesongen. Litt ekstra nedslakting på grunn av fôrmangel kan det også ha vore, så ein må forvente stort rekrutteringsbehov framover.  Derfor er det bra om alle brukbare kviger blir inseminert. Om du ikkje treng alle sjølv, er det rart om det ikkje blir mogleg å selja livdyr i kjølvatnet av 2011-sesongen.

Ja, ja – dette vart vel berre heilt sjølvsagte ting som alle døkk lesarane med sunt bondevett har tenkt for lenge sidan.  Så etterkvart blir det vel ei råd både med nok smør og oppbygging av reduserte ostelager…

Advertisements

Entry filed under: Generelt. Tags: , , .

God Jul ! Blogg-statistikk

2 kommentarer Add your own

  • 1. John Løvaas  |  januar 22, 2012, kl. 4:30 pm

    Hei igjen Åse, og godt nytt år til deg også.
    Nå er det behov for ekstra melk i en skal vi si mer unormal situasjon i forhold til tidligere erfaring. Bakgrunnen har flere årsaker, men minjkende kutall som følge av nedlegging på et snitt som 6,8 prosent årlig begynner vel smått å melde seg.
    Men so kjem sumaren att og monge lyt heve kyrne turre veit eg….
    Ogt dette er et tilbakevendende problem, lite melk sommer og tidlig høst. Dette har Tine med heller varierende hell prøvd å motvirke med prisløyper somk trekker av melkeprisen deler av året og skal premiere den som slit med bøttene også om sommeren.
    Kunne det ikke være en ide å la være å trekke de som har noenlunde jevn produksjon hele året ? Da tror iallefall jeg at incitamentet til å produsere sommermelk vil øke en god del.
    Slik det nå er hevder mange som har sommertørt at de ikke taper nevneverdig på dette. Nå kommer det jo an på hvordan man regner på dette selvfølgelig, men premien er i dag ikke høy nok til at det frister så mange er jeg redd.

    Mvh.John Løvaas

    Svar
  • 2. Åse  |  januar 23, 2012, kl. 6:39 pm

    Hei.
    Ja lågare kutal er heilt klart det største problemet nå når vi ikkje lengre greier å kompensere med ein høgare avdrått. Og det er ikkje så lett å få oppatt kutalet heller når det er for fåe kyr i utgangspunktet.

    Mjølkeforsyninga har vore utfordrande spesielt i august / september i fleire år, og det blir neppe lettare i 2012 – slik du er inne på. Vi må iallfall håpe på ein god beitesommar. Det har vore diskutert mange tiltak for å få flatare innveging av mjølk. For nokre år sidan var det prat om f.eks. månadskvoter. Det er eg glad vi slapp i ein biologisk produksjon, og særleg fordi mange med god grunn velger å ha konsentrert kalving. Problemet er sjølvsagt å «treffe» så godt med prisgraderinga at ca. 10.500 mjølkeprodusentar på kvart sitt foretak velger ei tilpassing som i sum blir perfekt for fellesskapet.

    Kvar prissone skal innad vera sjølvfinansiert – dvs. trekka må vera like store i sum som pristillegga i sona. Altså ei omfordeling av mjølkepris, som i neste omgang skal vera lønsamt for ALLE fordi vi som fellesskap får nytta mjølka best, og oppnår best pris i marknaden når mjølkeinnveginga er passe heile tida. Eg har rekna såvidt på korleis prisgraderinga virkar (med satsane vedteke for 2012), her i prissonene «Fjord og fjell» og den nye «Nord»:

    Sommarmjølk% 10 20 30 40 50
    Fjord & fjell -18,7 -6,3 6,1 18,4 30,8
    Nord -13 -7 -1 5 11

    Eg har rekna at halve sommarmjølka kjem i juni/juli og halve i aug/sept. Flat kurve er 33,3 % sommarmjølk. Ein bonde i Nord vil altså få ca. 13 øre høgare middelpris for mjølka ved flat kurve enn ved 10 % sommarmjølk, og med 50 % sommarmjølk blir prisen ca. 24 øre høgare i middel for heile året enn ved 10 % sommarmjølk. I «Fjord og fjell» er graderinga mykje sterkare fordi innvegingsstatistikken viser at det er nødvendig for å få utflating der.

    I realiteten får altså dei med flat innveging omtrent like store trekk og tillegg i nord, og noko større tillegg enn trekk i Fjord & fjell, der det er langt under 33,3 % sommarmjølk som gjennomsnitt. Så vil tida vise om dei pris-justeringane som blir gjort nå er sterke nok til å få den ynskja effekten over alt i landet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: