Utfordrande innefôringssesong etter flom og regn

oktober 9, 2011 at 8:52 pm 2 kommentarer

Av Åse

Det har etterkvart kome inn mange grovfôranalyse-resultat av årets avling.  Laber grovfôrkvalitet og  korleis vi kan få til best mogleg kvotefylling likevel er vanleg tema på fagmøter nå i haust.  Sjølv har eg  har hatt fleire slike møter enten for Tine-rådgjevarar  eller for Tine-bønder her i Gudbrandsdalen.  Til desse møta har eg sett litt på statistikken og samanlikna med fjoråret.

I eitt område her tilsvara nedgangen i kvalitet at kyrne vil trenge ca. 1 kg ekstra kraftfôr for å ha sjanse til å mjølke like mykje i år som i fjor.  I eit anna område er det så mykje mindre energi i fôret at det trengs ca. 1,8 kg ekstra kraftfôr pr. ku og dag til same dagsavdrått. Årsaken er sjølvsagt at nedbørsfattige Gudbrandsdalen fekk  regn stort sett kvar einaste dag i sommar.  Total nedbørs-mengde var super – lite el. ingen behov for vatning – men mykje gras vart altfor gamalt i påvente av brukbart slåttevêr.  Slik var det vel kanskje over heile Vestlandet og Austlandet i sommar ?

Men dei stusslegaste grovfôrprøvene eg ser nå om dagen er teke av rundballar der graset er frå flomskadd eng her i Gudbrandsdalen.  Det finst ingen retningslinjer frå Mattilsynet for kva slags grenseverdiar ein bør bruke for å vurdere kassasjon av grovfôr, ut fra eit dyrehelse- / dyrevelferds-perspektiv. Derfor har fagfolk innan fôring, dyrehelse og mjølkekvalitet i Tine satt opp forslag til slike retningslinjer. Grovfôrprøvene viser at aske-innhaldet i rundballane frå flomskadd eng kan vera ekstremt høgt; altså at det er veldig mykje jord / slam i dei. Nokre av dei flomramma bøndene har prøvd å berge fôr som vi – ut fra analysene – kan seia hadde så sterk forurensing at det burde vore køyrt på røysa like godt fyrst som sist.  Men det var ikkje lett å bedømme dette før slåtten, og ifht. avlingsskade-reglane pliktar einkvar bonde å begrense tapet mest mogleg.

I tillegg tilrår Tine at flomskadd fôr som inneheld over 120 g ammoniakk-N pr. kg N eller over 8 g smørsyre pr. kg tørrstoff blir kassert. Det blir nok brukt fôr med så mislykka gjæring ellers, men i kombinasjon med slam-innblandinga er vi redd for dei samla konsekvensane for dyra.

I normalt norsk grassurfôr er det ca. 70 g aske pr. kg tørrstoff i middel.  Dei verste flomprøvene er oppe i 300 – 500 g aske.  Dess meir av tørrstoffet som består av slam, dess mindre plass blir det att til protein, fiber, sukker osv; altså det som gjev dyra energi og protein.  Slik forurensa fôr vil derfor kunne føre til underfôring både fordi det er lite næring i det, og fordi smakelegheita sikkert er nedsatt.  Tine vil tilrå at flomfôr med over 150 g aske pr. kg tørrstoff skal kasserast.  Altså cirka det dobbelte av normalt innhald.  Reinare fôr enn det bør kunne brukast til ungdyra, men flomfôret bør uansett berre utgjera maks. halvparten av dagleg grovfôrmengde til dyra.

Noko av jorda vil truleg bli liggjande i vom og nettmage og skape fordøyelsesproblem.  Kanskje kan det også føre til forstoppelse i bladmagen.  Vidare kan slammet  innehalde sjukdomsframkallande smittstoff, som også tilseier forsiktigheit. 

Her er middeltal for 21 flomprøver i høve til 200 normale prøver frå Gudbrandsdalen av 2010-avling.

  Aske, g/kg TS Råprotein, g/kg TS Ammoniakk-N, g/ kg N NEL20 ,MJ/kg TS FEm / kg TS
Flomfôr 140 140 98 5,56 0,76
Normalt fôr 74 160 69 5,78 0,81
Reklamer

Entry filed under: Grovfôr og ensilering. Tags: , , , , .

På tide å ta inn kvigene fra beite? Hvor mye kraftfôr kan kyrne tåle?

2 kommentarer Add your own

  • 1. John Løvaas  |  november 29, 2011, kl. 2:39 pm

    Hei Åse, ser i Bondebladet at Tine oppfordrer til å øke kraftformengden for å få inn mer melk.Lilleby begrunner dette med at Tines prognoser har misset noe. DETTE VAR NOE DE FLESTE BØNDER VISSTE OM ALLEREDE VED BESTEMMELSEN OM Å NEDSETTE FORHOLDSTALLET.I tillegg kom en i sør-Norge dårlig sommer, for nord-Norge er en slik regnsommer et eksempel på gjennomsnittsommer eller knapt det. Vi har derfor utstyr som skal takle nedbørsrike somre.

    Når det gjelder forholdstallet kan vi si at bønder trenger tid på omstilliing av produksjonen. Når forholdstallet steg ble vi som optimister sporet til å øke kutall og ytelse. Når det settes ned igjen forsvinner optimismen, og alt vender tilbake til det jevne. Altså går kutall og melkemengde ned igjen.

    Men dessverre ser det ut til at det som er selvfølgeligheter for oss, ikke kommer til utrykk overfor administrasjonen. I motsatt fall er det jo enda verre at Tine misser på prognosen.

    Når det er sagt, å øke kraftforet i tidliglaktasjonen, gir dette i følge Voldens lære en kilo melk av en kilo kraftfor. Hvorfor skulle jeg gjøre dette når jeg betaler nærmere 3,70 pr kilo kraftfor på forbrettet? DA HAR JEG SANT Å SI IKKE MANGE ØRENE IGJEN MED DAGENS MELKEPRIS!

    Noe annet er at kraftfor ikke er bare,bare, ytelse det samme. Har du høy ytelse kan du ikke forvente en til en i forholdet kraftfor/melk. Regnestykket blir da enda verre, kanskje helt i minus.

    Så da kunne jeg ønsket at Tine sondret noe mer, og utdypet hvilke bønder man ønsket skulle øke kraftformengden.Og hvilket utbytte disse ville ha av en slik økning.

    Mvh
    Storvollen gård
    John Løvaas

    Svar
  • 2. Åse Flittie Anderssen  |  november 29, 2011, kl. 7:43 pm

    Hei !
    Vi merkar godt at mange TINE-bønder er frustrerte nå om dagen over situasjonen med mjølkemangel som har gjeve tomme smør-hyller i butikkane, og at det burde gått ân å skjønne dette tidsnok til å setja inn effektive tiltak – f.eks. auke fritaket for overproduksjonsavgift. Dette er viktige signal som eg reknar med at døkk sender med dei tillitsvalgte for vidare beskjed til topps.

    Harald Volden og eg hadde ein artikkel med tittelen «Vanskelige innhøstingsforhold gir store utfordringer for høstens kufôring» i Bondebladet som eg trur kom på trykk allereie i siste halvdel av august, for å prøve å påvirke til å oppretthalde mjølkeleveransene gjennom fôringsmessige tiltak og om mogleg behalde fleire kyr lengre for å fylle mjølkekvotene. Seinare har Topp Team Fôring prøvd å halde fokus på dette både gjennom Bondebladet, Buskap og andre fagblad og sjølvsagt på mange fagmøter og i den individuelle rådgjevinga. Men det er jo lett å sjå at dette ikkje har vore nok, og auken i kraftfôrforbruk har vore liten. Kanskje ligg noko av forklaringa i det du skriv – at praktiske bønder synest vinninga ved å bruke êkstra kraftfôr ikkje gjev brukbar økonomisk uttelling.

    I Bondeblad-artikkelen i august var vi kanskje meir konkrete på NÅR det er vits å auke kraftfôrmengda enn i det bladet du refererer til. Effekten er vanlegivs best til kyr under 100 dagar ut i laktasjonen, med forventa opp mot 1,8 kg mjølk pr. kg kraftfôr ekstra. Men 1 kg ekstra mjølk pr. kg ekstra kraftfôr er nok det vi kan forvente som gjennomsnitt for heile laktasjonen. Eg er veldig enig i at norske bønder fortjener høgare mjølkepris – men det manglar politisk vilje. Du har vel kanskje rundt 5 kr. literen nå vinterstid i Nord-Norge ? Nokon direkte stor netto blir det altså ikkje av ekstra kraftfôr, men det kan nå likevel vera gode kroner å få med seg.

    Det var sikkert deg eg prata med i sommar ein gong på telefonen, og har ikkje gløymt saka du tok opp da. Eg skal skrive noko om det når neste Høgtydande buskapar-liste kjem i Buskap… Og med det avdråttsnivået du har er det nok ikkje lett å få til særleg meir med ekstra kraftfôr ! Vi burde sikkert ha nevnt at avdråttsauke er enklast å få til når avdråttsnivet frå før er lågt !

    Med dette ynskjer eg både deg og andre mjølkeprodusentar lykke til med å fylle kvota + dei 2 ekstra prosentane.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: