Betre tilvekst dess meire tankmjølk kalvane får ?

juli 7, 2011 at 9:16 pm 2 kommentarer

Av Åse

Både på fôringskurs i kjøttproduksjon og på gruppemøter med EK-gjennomgang blir det ofte diskusjon om kalvane veks betre dess meire tankmjølk dei får.  Kalvane skal utan tvil ha ”skikkeleg” mjølk i starten, og ein god kollega i Nortura seier alltid at småkalvane skal ha minst 100 liter tankmjølk. Med fem-seks liter om dagen blir dette nok til knapt tre veker.  Mjølka må gjerne vera syrna, iallfall frå kalven er ei veke gamal.  Men etter tre veker bør vi kunne gå gradvis over til mjølkeerstatning, dersom tankmjølka trengs for å fylle kvota.  Unntaket er økologisk drift som har forbod mot mjølkeerstatning.

 Det er ikkje så lett å finne svar på spørsmålet i overskrifta ut frå opplysningar i kukontrollen eller i TINE Effektivitetsanalyse.  Men sidan eg er nysgjerrig på det meste innan fôring og økonomi, prøvde eg meg ein gong på ei samanstilling av tal frå EK (heile landet 2008).  EK har informasjon om bruk av tankmjølk totalt til kalvane, antal kalvar i buskapen og alle resultat i oksekjøtt-produksjonen. Eg plotta slaktetilveksten mot liter tankmjølk pr. kalv, og fekk denne figuren: 

Det ser ikkje ut til at mest tankmjølk pr. kalv gjev klart best tilvekst på oksane. ”Kjøtt – fôr” (kr pr. kg slakt) kunne sjå ut til å vera lågast hjå dei som brukte aller minst og aller mest tankmjølk, og desse hadde brukt mest kraftfôr pr. kg slakt. 

 Helst skulle eg ha sett på sum mjølk pr. kalv (tankmjølk + mjølkeerstatning), men heller ikkje EK-statistikken gjev gode data om det. Eg reknar med at dei som brukar  minst tankmjølk skøyter på med ”pulvermjølk” slik at kalvane får 5-6 liter fram til minst 6 – 8 vekers alder.  Eller til dei et ca. 1 kg kraftfôr pr. dag.

 Og kvifor er det ikkje opplagt at mest mogleg mjølk er best ?  Kalvane blir kanskje så mette av all mjølka at interessa for å eta kraftfôr blir redusert. Det er fyrst og fremst kraftfôropptaket som gjer at dei utviklar seg til gode drøvtyggarar.  Når mjølka blir utkutta har kalvar som har lært å eta mykje kraftfôr ein klar fordel fordi dei både likar og fordøyer kraftfôret godt.

Eg forventar ingen stor aktivitet på bloggen nå midtsommars, men artig viss nokon av lesarane hiver seg på og fortel om eigne erfaringar !

Advertisements

Entry filed under: Kvigeoppdrett og kjøttproduksjon. Tags: , , , .

Mjølkekyr på beite gjev billig mjølkeproduksjon Snyltere på beite

2 kommentarer Add your own

  • 1. olav liseter  |  juli 24, 2011, kl. 10:39 pm

    god sommer!
    vi gir 6 liter fersk tank mjølk til kalvene i 6-8 uker.
    de fleste får i 6 uker. men vi har kalver på talle i forsentralen både vinter og sommer.kalvene i forsentalen får 8-9 uker om vinteren. de har tross alt mer varmetap.
    tilveksten der var faktisk høgere i vinter enn hos de inne i fjøset. og da lå det jevnt på 20-25 minus.
    kalvene går på appetitt på formel kalv fram til ca 3 mnd. derette ku krfor
    skal begynne med kvalitetskalv i disse dager.
    er spent på tilveksten. men tror ikke det er behov å øke melkemengda/lengda.
    appetitt på kraftfor er derimot virkelig virkningsfullt. dessuten er det jo adskillig billigere.
    om det interiserer deg har vi foretatt en god del målinger som me har lagt inn i kk. bare å ta ein titt om det interriserer:)

    Svar
  • 2. Åse Flittie Anderssen  |  juli 26, 2011, kl. 11:12 am

    Hei, det var spennande å lesa om erfaringar med kalvane i fôrsentralen og at dei veks minst like godt som dei i varmt rom. Og eg er veldig enig i at app.fôring med kraftfôr i starten er viktig for god tilvekst. Eg gjekk inn på TINE Prod.kontroll kjøtt og såg at du ligg veldig godt ân med tanke på å lykkast med kvalitetskalv. Flotte resultat på kvigene også såg eg.

    Helsing Åse

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: