Fortørking lønner seg

juni 9, 2011 at 3:00 pm 2 kommentarer

Av Åse

I dei tidlegaste områda av landet er vel 1.slåtten ferdig.  Andre stader nærmar det seg fort nå, når regnet stoppar.. Sannsynlegvis skal over halvparten av norsk gras-avling konserverast i rundballar.  Sjølvsagt er ikkje alltid vêret på bondens side i innhaustinga.  Men viss det er god tørk, vil det lønne seg å utnytte det !

 Tenk deg at vi skal hauste 100.000 FEm (for eksempel 250 dekar x 400 FEm / dekar), og leiger pressing og pakking i rundballer.  La oss her rekne 140 kr/ball for dette (inkl. plast).  Avhengig av pressetype og køyrekaren vil sjølvsagt innhaldet i rundballane variere noko.  Men tala i tabellen trur eg er rimeleg realistiske; det går mykje meir fôr-tørrstoff inn i ballen når graset er godt fortørka.

Tørrstoff-% Kg / ball FEm / ball * Antal ballar Kostnad pressing + pakking, kr.
20 750 128 781 109.400
30 680 173 578 80.900
40 630 214 467 65.400
 
Forbruket av ensileringsmiddel minkar ved fortørking. Viss doseringa skal vera 4 liter / tonn pressa gras, trengs det 1170 liter i alt ved 20 % TS, ca.790 liter ved 30 % TS og 590 liter ved 40 % TS.  Dersom literprisen for ensilerings-midlet er 13 kr, blir det fort 7-8000 kr. spart ved 40 % TS av dette også…

Mange har lang frakt frå jorde til fjøs (fôrdyrking i fjellet, samdrifter med spredte jorder osv.), og da vil det opplagt koste mykje mindre å frakte avlinga heim viss ballane er godt fortørka.  Det blir jo mange færre å transportere. 

Vidare stoppar formeringa av evt. smørsyrebakterier opp ved rundt 35-40 % TS, slik at vi får ein ekstra fordel på den måten også.

Og om vi har både presse og pakkar sjølve, er det  ein opplagt fordel å få den totale avlinga inn i færre rundballar med den same pressa. Det sparer iallfall nett og plast og ein del ensileringsmiddel og transport.  Det er herleg med sommar og lenge til vinteren nå, men tenk på kor mykje lettare det er å fôre med ”tørre” enn med blaute rundballar da !

 Så får vi håpe at vêret er samarbeidsvillig slik at vi får til den gode fortørkinga. Men for all del: Det er betre å presse litt råe rundballar enn å få ei skikkeleg regnskur oppi graset, for deretter å prøve å få fortørka det brukbart etterpå att. Og det er ikkje lurt å overdrive heller.  Ved veldig sterk fortørking aukar risikoen for mugg og at vi mistar næringsrikt bladmateriale under pressinga. 

Lykke til med slåtten !

 

 
Advertisements

Entry filed under: Grovfôr og ensilering. Tags: , , , , .

Bli med å kartlegge beitetilveksten på kvigene dine i sommer! Bruker du nok ensileringsmiddel ?

2 kommentarer Add your own

  • 1. Runar  |  juni 11, 2011, kl. 8:45 am

    Enig i at fortørking er en stor fordel. Hva skal man derimot gjøre når graset er ferdig til å slå, samtidig som værmeldingene sier nye 10 dager med regn fremover. Dette er nok et kjent scenario for mange. Kjører man inn vått fôr og får store kjøreskader, eller satser man på at været blir bedte og kanskje man får inn fôr med bra tørrstoff og dårligere fôrenehetskonsetrasjon. Hva lønner seg?

    Svar
    • 2. Åse  |  juni 11, 2011, kl. 10:46 am

      Hei, eg tenkjer at det må vera best å vente til vær og føre er brukbart att – sjølv om
      det betyr for gamalt gras. Her i bygda står det meste av flatmark under vatn nå og langtidsvarselet er regn alle dagar. Oppe i bakkane er det ikkje køyrbart uansett før det får tørka opp skikkeleg, så vi må nok regne med å ikkje få noko super-kvalitet på 1.slåtten. Køyreskader og spore-problematikk tilseier at det er betre å vente. Så får vi håpe på at det blir lettare å lage kvalitetsfôr av 2.slåtten og prøve å prioritere det til mjølkekyrne.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: