Tilskot av organisk selen til mjølkekyr

mai 19, 2011 at 5:12 pm 5 kommentarer

Av Jørn

Mikromineralet selen (Se) har fleire viktige funksjonar i dyret. Se og antioksidanter har fått større fokus i dei siste åra. Det har vist seg at desse har positive eigenskapar i forhold til både helse og fruktbarheit.

Ein har gjennom fleire undersøkingar funne ein samanheng mellom låg Se-status og problem med blant anna fruktbarheit, mastitt og muskeldegenerasjon hos husdyr. Ein god Se-dekning kan difor ha store økonomiske gevinstar. Den anbefalte tilførselen av Se til mjølkekyr i NorFor er på 0,2 mg Se/kg TS. I vårt grovfôr er Se-innhaldet typisk på rundt 0,02 mg Se/kg TS. Behovet for Se vil kunne bli dekka dersom ei mjølkeku får over 45 % av totalt TS i form av kraftfôr (berekninger i Tine OptiFôr). Dette forutsett eit Se-innhald i kraftfôret på 0,4 mg Se/kg TS.

I kraftfôrblandingene som vi bruker til drøvtyggjarar i dag er det normalt tilsett mellom 0,35-0,46 mg uorganisk Se (oftast i form som natriumselenitt). Her i landet har ein kraftfôrleverandør no byrja å tilsette ein viss andel av Se som organisk Se i kraftfôret sitt. Ein veit at Se frå organiske kjelder har omtrent det doble av tilgjengelegheita i forhold til uorganisk Se. Det høge opptaket av organisk Se vart og observert under forsøk attende i 2005 i masteroppgåva til underteikna og John-Erik Bjørlo som gjekk på tildeling av gjærsopp gjødsla med Se i form av handelsproduktet SelPlex. I dette forsøket vart det totalt gjeve 0,3 mg Se/kg TS/dag fram til 25 dagar i perioda som varte i 28 dagar. Dette forsøket viste god respons på Se-status ved tildeling av Se både i vom og løype, men den største effekten hadde vi når vi fekk Se forbi vomma (sjå Figur 1). Den fyrste vertikale raude streken indikerer infusjonsstart med Se, den andre indikerer Se-infusjon og svovel (S)- tildeling for å sjekke om dette påverka Se-opptaket. Den siste raude streken er forsøkslutt.

Figur 1. Utvikling av Se i plasma for dei to forsøksledda.

 

Grunnen til at kyrne responderte betre på tildeling av Se i løype, kan vere på grunn av miljøet i vomma. Miljøet i vomma omgjer ein andel av uorganisk Se til ikkje-tilgjengeleg selenid. Dersom fôret inneheld mykje stivelse, auker produksjonen av flyktige feittsyrer i formagane og det kan redusere tilgjengelegheita av Se frå fôret. Fôret til mjølkekyr inneheld ofte meir stivelse enn fôret til kjøtfe, og kan moglegens forklare at mjølkekyr varierer meir i respons på tilført Se i fôret enn kjøtfe. Ein har i dag produkt på marknaden kor Se er vombeskytta og sannsynlegvis i større grad kan passere vomma utan større tap. Dette kan vere interessante produkt for effektivt å auke opptaket av tilgjengeleg Se. Figur 1 viser og at tilførsel av svovel har  ein negativ effekt på tilgjengligheita for Se.

Kviger og sinkyr i Norge har generelt lågt innhald av Se i blodet, mens kyr i laktasjon har normalt eit høgare innhald. I ein norsk feltstudie frå 1992 var det gjennomsnittlege Se-nivået hos norske kyr på 0,16 μg Se/g fullblod. Variasjonen var imidlertid stor frå 0,05 til 0,27 μg Se/g fullblod. Tabell 1 viser ei oversikt over Se-nivå hos kviger og sinkyr fra 245 besetninger fra ulike fylker i Noreg teke i 2005. Her verker biletet noko annleis enn det ein såg i 1992. Vi ser av tabellen at det kun er Hedmark og Rogaland som har maksverdiar som er over det anbefalte nivået på 0,10 μg Se/g fullblod 

Tabell 1 Selenkonsentrasjon i fullblod, gjennomsnitt med standardavvik av besetningsprøver frå kviger og sinkyr i forskjellige fylker i Noreg (Kommisrud et al., 2005).

Ein kan imidlertid få opp Se-status hos lakterande og sinkyr som går på lite kraftfôr med å tildele mineralblandingar. Den andre måten å få inn organisk Se i dyret på er gjennom plantemateriale. Her har forsøk vist god effekt med Se-berika gjødsel (som Fullgjødsel 21-3-8 med Se) på blodverdiar hos kviger. Eg vel å ikkje skrive meir om dette no, men dette er kompliserte prosessar som er avhengig av jordsmonn, pH i jord, antagonistar og andre forhold som påverker innhaldet av Sei plantemateriale. Her fins det og mykje stoff!Ta kontakt med TTF ved spørsmål kring dette!

Advertisements

Entry filed under: Helse og produksjonssykdommer. Tags: , , , , .

Tiltak på jordet mot sporer Leverbyllar

5 kommentarer Add your own

  • 1. knut  |  november 22, 2011, kl. 8:00 pm

    Hei! Er fleire ganger blitt kontakta av eit firma som vil selje mineralblanding til meg. Han frammhevar spesielt blandinga med selen, som skal virke positivt på celletal. Nå har eg net flytta inn i ny robotfjøs, og då stig gjerne celletalet ein del har eg hørt. Det er nok litt høgt her også, 180 , men det er nå likevel godt innanfor kravet. Selgeren bruker argument om at den våte sommaren har virka negativt inn på mineralinnhold i grovforet, og aty det spesielt i år er viktig å gi mineraler til alle melkekyr og sinkyr. Hvordan stiller dere i tine rådgivning til dette. Får dyra nok mineraler i norske kraftforblandinger og grovforet. Og har et grovfor med litt lav fem verdi automatisk lågere innhold av mineraler også?

    Svar
  • 2. Jørn  |  november 25, 2011, kl. 2:41 pm

    Hei Knut!
    Ein opplev ofte eit forhøya celletal i oppstarten av eit AMS-system som du nevner. Dette kan blant anna skuldast den mekansiske belastninga/overgangen frå vanlege mjølkeorgan til roboten si handtering av juret. Men det er vanleg at kyrne tilpasser seg dette over tid og går attende til normalen etterkvart. Når det gjeld celletal og selen er det lite forskning på dette, men eit norsk forsøk av bl.a. E.Kommisrud m.fl. attende i 2005, tyder på at auka mengder selen i blod før kalving, viste tendenser til redusert forekomst av matitt etter kalving. På grunn av ein del mekanismer i juret, spenekanalen og ringmuskelen ytterst på spenespissen som selen kan virke inn på, vil ein kunne tru at selentildeling i tørrperioda og tidleg laktasjon kan føre til redusert forekomst og varigheit av mastitter og dermed og automatisk føre til eit lågare celletal over tid.
    Du har fått riktig informasjon av firmaet du har vorte kontakta av når det gjeld utvasking av mineral i regnvåte somrar. Dette er dokumentert i fleire samanhenger. Det er som regel låge nivå av selen i norsk grovfôr så fremt ein ikkje har gjødsla med selenberika gjødsel. Da kan ein oppnå verdier på 0,15 mg Se/kg ts mot normalt 0,02 mg Se/kg TS. Så her er det store forskjeller ute og går! Selenberika gjødsel er og ein effektiv måte og få i dyra nok selen på da dette er på ei organisk form som er meir tilgjengeleg for dyret enn det uorganiske som ofte er tilsett i kraftfôrblandinger.
    Kraftfôrleverandørane har vore bevist på seleninnhaldet i kraftfôrblandingene sine og har auke innhaldet i dei siste åra. Det er ikkje mange år sidan nivåa av selen var halvert i mange av blandingene.
    Ein treng difor ikkje å bruke selengjødsel, kraftfôr og mineralblandinger samtidig. Dette blir for mykje av det gode.
    Det er og riktig at med fallende FEm-verdi vil vi få eit lågare innhald av mineral, da mykje av dette er konsentrert i bladverket. Forholdet mellom blad og stengel har difor ein del å seie, og ved utsatt hausting vil som kjent andelen stengel auke i forhold til bladmasse. Det er nokre forskjeller på botanisk samansetning her (blant anna har kløver eit høgare innh. av mineral enn vanleg gras), men dette nevner eg berre for å vise at alt ikkje er berre svart og kvitt når det gjeld dette heller : )

    Jørn

    Svar
  • 3. knut  |  november 25, 2011, kl. 7:01 pm

    Hei! Hva mener du er riktig tidspunkt for å gi mineraler med basis i det grovforet me har hausta i år. Feks 0.85fem kg ts. Utenom gjeldkyr som ikke får kraftfor, vil det være nødvendig å gi til kyr også? Og i så fall er det en grense i kg kraftfor der en kan rekne med for låg tilførsel? Eg har stasjonær fullforblander, så er en mulighet å blande mineraler i den, men da blir det til både kyr og ungdyr/okse. Finnest det mineralblandinger som er «billige» nok til å bruke til alle dyra, men allikevel er gode nok til kyr. Selen blandingen produs selger er jo rellativt dyr, og egentlig for dyr til å blande i fullforet til alle dyra….

    Svar
  • 4. Jørn S  |  november 27, 2011, kl. 7:58 pm

    Som eg nevner i artikkelen min; «Behovet for selen (Se) vil kunne bli dekka dersom ei mjølkeku får over 45 % av totalt TS i form av kraftfôr (berekninger i Tine OptiFôr). Dette forutsett eit Se-innhald i kraftfôret på 0,4 mg Se/kg TS». Viss ein tek eit rekneeksempel med eit fôropptak på 10 kg TS grovfor som inneheld 0,2 mg Se/kg TS (kan kanskje ikkje forvente større grovfôropptak i vinter med eit 0,85 fôr?) og kua ved sidan av får 8 kg TS med kraftfôr, vil ein komme ut med eit totalt innhald på 3,4 mg Se. Viss ein tek dette og deler på totalt TS-opptak som da blir 18 får ein (3,4/18 =0,18 mg Se/kg TS). Altså litt under norma for Se-anbefalinga til mjølkekyr på 0,2, men likevel ein ok status viss ein har ei god vitamin E dekning ved sidan av. Forsøk tyder på at mangel av Se kan kompenseres for av vitamin E og omvendt. Dette betyr ikkje at dei kan erstatte kvarandre heilt. Se trengs blant anna for å beskytte nyrene og for normal produksjon av spermier. I desse to tilfella ser det ikkje ut som av vitamin E kan erstatte Se, men i mange andre mekanismer har dei to stoffa til dels lik rolle (blant anna som antioksidant).

    Kom på ein ting til i forhold til mastitt og celletal og det er at det fyst og fremst vitamin E som har vist lovende resultat når det gjeld mastitt-forebygging. Imidlertid indikerer ein del studie på slutten av 80-åra at både Se og vitamin E trengs for for ein optimal forebygging mot mastitt.

    Når det gjeld grense for ved låg tilførsel som du spør om, så går grensa i rekneeksempelet over ved ca 8 kg kraftfôr. Dei som får under dette, bør dermed få ekstra tilskot. Eg nevner og at det er forskjell i Se-innhald i dei ulike kraftfôrblandingane, samt kraftfôrleverandørane. Dette kan vere verdt å sjekke opp! Det kan og vere smart å ta ei grasprøve med utvida mineralanalyse for å sjå «kvar landet ligg» i ditt grovfôr.

    Eg vil ikkje gå inn på spesifike tilskotsfôr her, men når du har ein fullfôrblandar så har du alle moglegheiter i forhold til å velje og vrake i tilskotsfôr. Dette kan du få meir informasjon om frå din lokale fôringsrådgjevar i forhold til kva som er moglegheitene i ditt distrikt.

    Jørn S

    Svar
    • 5. Jørn  |  mars 5, 2012, kl. 7:11 pm

      Det skal sjølvsagt stå 0,02 mg Se/kg TS i rekneekesempelet på innlegg 4 og ikkje 0,2 mg Se/kg TS. Svaret er rekna ut frå 0,02, så dette er riktig : )

      Jørn

      Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: