Urea og FFS i mjølka målt 2-5 veker etter kalving

mai 7, 2011 at 9:38 pm Legg igjen en kommentar

Av Ingunn

På Husdyrforsøksmøtet i februar så hadde vi ein poster om ureanivået i mjølk målt 2-5 veker etter kalving, og kva effekt dette har på mjølkeavdråtten og kjemisk innhald i mjølka basert på data frå kukontrollen. Urea i mjølk er som kjent eit mål på proteinutnyttinga i kroppen, og seier først og fremst noko om kor mykje nitrogen som går tapt gjennom urin. Sidan urea i stor grad er påverka av energibalansen, særleg gjennom PBV i vomma, men også intermediær utnytting av AAT, er ureaverdiane vanskeleg å tolke. Det er særleg første tida etter kalving at energibalansen er negativ, og i denne tida er kua mest sårbar for i forhold til korleis mjølkeavdråtten utviklar seg, og i forhold til fruktbarheit og helse. Vi har derfor plukka ut ureaverdiar fra KK i tida då ein forutset at kua er i størst negativ energibalanse for å sjå kva effektar ein kan sjå på mjølkeavdrått og kjemiske parametrar i mjølka. Urea frå KK målt 2-5 veker blei først grupper på nivå med 1 mmol’s intervaller frå 2 til 10. Eg har ikkje tenkt å gå nærare inn på samanhengar med avdrått og kjemiske komponentar i mjølka som blei presentert på HFM. Men eg har lyst til å vise nokre av resultata der urea vart kombinert med to nivå av frie feittsyrer (FFS) i mjølka med grense på 1,1 (gamle verdiar for kvalitetsbetaling). Frie feittsyrer reknar vi med kan seie noko om energibalansen i tidleg laktasjon, der høgt nivå kan tyde på mobilisering av kroppsfeitt. For å redusere antal kurver så er urea gruppert på 3 nivå etter dagens tolkingsrettleing; lågare enn 3, 3-6, høgare enn 6 mmol/l. Figur 1 viser mjølkekurver gjennom laktasjonen for kyr med ulike kombinasjonar av urea og FFS målt 2-5 veker etter kalving.

Figur 1. Modellerte mjølkekurver gjennom laktasjonen for kyr med 3 ureanivå kombinert med to FFS-nivå som kua hadde 2-5 veker etter kalving. 

Figur 1 viser at det er to kurver som skil seg klart ut med høgare nivå på mjølkekurvene enn dei resterande 4 kombinasjonane. Høgt nivå av FFS (>1,1 mmol/l) saman med dei to høgaste nivåa av urea (3-6 og >6 mmol/l) har på det meste, i toppavdrått, gitt ca. 2 kg høgare avdrått enn dei andre kurvene. Dette kan tyde på ei høgare mobilisering enn for dei andre kombinasjonane. Høgt ureanivå har først og fremst samanheng med PBV (proteinbalansen i vomma), men også utnyttinga av AAT (aminosyrer absorbert i tarmen) påverkar urea. God AAT forsyning fremmar mobilisering av kroppsfeitt (Schei et al., 2005), noko som kan ha påverka desse resultata i motsetning til kombinasjonen høge frie feittsyrer med urea ❤ mmol/l. Ved berekning av 305-dagars avdrått viser desse to kombinasjonane ein auka avdrått på ca. 6 % i forhold til dei andre kombinasjonane.

Figur 2 viser FFS nivået gjennom laktasjonen for kyrne som er plukka ut på grunnlag av nivået på urea og FFS 2-5 veker etter kalving. Av figuren kan vi sjå at kyrne som har høgt nivå av FFS 2-5 veker etter kalving aldri kjem ned på same nivået som dei som ikkje har høgt FFS-nivå 2-5 veker etter kalving. Dette gjeld uavhengig av mjølkeavdråtten som for to av gruppene var høg (Figur 1), men som for gruppa som hadde låge ureaverdiar (<3 mmol/l) ikkje hadde høgare avdrått.  Figur 3 viser feittprosenten i mjølka for dei same gruppene. Som vi ser er også feittprosenten forhøga 2-5 veker etter kalving når FFS er høgt for alle ureanivåa, og også desse kyrne har noko høgare feitt% resten av laktasjonen enn kyr som har låge FFS- nivå 2-5 veker etter kalving.

Figur 2. Gjennomsnittlege verdiar for frie feittsyrer (FFS) gjennom laktasjonen for kyr som hadde forhøga nivå av FFS 2-5 veker etter kalving i kombinasjon med ulike urea-nivå.

 

Figur 3. Gjennomsnittlege verdiar for feittprosent gjennom laktasjonen for kyr som hadde forhøga nivå av FFS 2-5 veker etter kalving i kombinasjon med ulike urea-nivå.

Advertisements

Entry filed under: Mjølkekvalitet. Tags: , , , , , .

Strategifôring ga 80000 sparte kroner! Strukturrikt og energifattig fôr- hva skal man med det?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: