Strategifôring ga 80000 sparte kroner!

mai 3, 2011 at 10:18 am Legg igjen en kommentar

Foto. Norsk Landbruk 6/2011

Av Ingunn

Nyleg stod det ein reportasje i Norsk Landbruk (6/2011) frå Ulsrød gård som er drive økologisk med ei kvote på 400 000 liter. Mjølkeprodusent Torgeir Ulsrud (bildet, Foto: Norsk Landbruk 6/2011) fortel at han tidlegare ga kyrne tradisjonell fôring etter kor mykje kyrne mjølka, noko som vart justert gjennom tildeling av kraftfôrmengder. Kyr med høg avdrått fikk mykje kraftfôr medan kyr med låg avdrått fikk mindre kraftfôr. Ved å gå over til strategifôring, der ein fôrar alle kyrne likt mot ein ønska avdrått (8000 kg EKM hos Ulsrød), har Ulsrød spart kraftfôrkostnader på 80 000 kr på eit år!! Strategifôring inneber altså at ein på førehand definerar kva avdrått ein ønskar i besetningen, har analyse av grovfôret, og så bereknar TINE Optifor kva kraftfôrtype og -mengder som gir den mest økonomiske og ernæringsmessig optimale blandinga som passar til den ønska avdråtten og den grovfôrkvaliteten ein har. 

Torgeir Ulsrød fortel at han ikkje ville trudd at kyrne kunne mjølke 40 kg på 5 kg kraftfôr før han fikk eit par eksempel på det frå eigen besetning. Det er han nok ikkje åleine om!! Dette skuldast i stor grad at han har god kvalitet på grovfôret og at kyrne kompenserar for reduserte kraftfôrmengder med å ta opp meir grovfôr. Dei som ønskar å lese heile artikkelen frå Ulsrød gård finn den her.

Reportasjen frå Ulsrød gård viser at det kan vere mykje å hente økonomisk ved å gå over til strategifôring. Ein dårlegare grovfôrkvalitet vil sjølvsagt kreve noko meir kraftfôr enn i dette tilfelle, men dei fleste vil nok ha mykje å hente på å ta ei grovfôranalyse for å kunne velge eit kraftfôrslag gjennom Optifor som passar til grovfôret på eigen gard. Dette vil gjere at ein lettare når avdråttsmålet gjennom ernæringsmessig riktig fôring, reduserer kostnader til eit evt. dyrt kraftfôr, mulig reduserte kraftfôrmengder, reduserer evt. unødig utslepp av N gjennom urin/gjødsel og betrar helsestatusen hos kyrne.

Vi i TTF er veldig glad for at Ulsrød har lykkast så godt med fôringa. Dette viser at rådgivinga som blir gitt og verktøyet (TINE Optifôr) vi har er bra. Så er det opp til produsentane å våge å satse i litt andre baner enn dei tradisjonelle (fôre slik ein alltid har gjort) og sjå nytten i å betale litt for fôringsrådgjeving frå TINE :o).

Reklamer

Entry filed under: Økologisk produksjon, Fôringsstrategier. Tags: , , , , , , .

Bli med å kartlegge beitetilveksten på kvigene dine i sommer! Urea og FFS i mjølka målt 2-5 veker etter kalving

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: