Godt nyttår alle sammen!

januar 5, 2011 at 10:09 pm Legg igjen en kommentar

Av Ingunn

Tid for nytt år og nye muligheiter!!

Håpar de har hatt ei flott jule- og nyttårshelg! Juleferien har gått kjempefort, men no synes eg det er godt å komme inn i vante rutiner igjen. Kanskje mest fordi det er så mykje god julemat og lett å gå opp i hold…. Og holdet er jo viktig å ha kontroll på både for folk og fe…..

Eg fikk lyst til å vise nokre plansjar med statistikk frå kukontrollen for 2010. Den første viser utvikling i dagsavdrått per månad for 2008, 2009 og til og med november 2010 (Figur 1). Her ser vi at dagsavdråtten per ku gjorde eit solid hopp frå 2008 til 2009, med ein auke på ca. 0,5 kg kvar månad første halve året og litt mindre i haustmånadene. Samtidig ser vi av Figur 2 at antal kyr vart redusert kraftig frå 2008 til 2009. Frå 2009 til 2010 har dyretalet vore stabilt med ein liten nedgang på hausten. Dagsavdråtten har stige også i 2009 men atskilleg mindre enn frå 2008 til 2009.

Figur 1. Middel dagsavdrått pr. ku pr. mnd 2010 Kg mjølk pr. ku pr. dag

Figur 2. Antall kyr pr. mnd 2010

Figur 3 viser at mengde kraftfôr har auka litt frå 2009 til 2010, medan det var relativt stabilt frå 2008 til sommaren 2009. Noko av dette kan muleg skuldast dårlegare grovfôrkvalitet sommaren 2009 med utslag i kraftfôrmenger hausten 2009 0g våren 2010.

Figur 3. Middel kg kr.fôr pr. ku pr. mnd 2010

Snart kjem årsoppgjeret så då blir det nok litt meir statistikk….

Reklamer

Entry filed under: Generelt.

God Jul ! Er det riktig å bruke ”toppkraftfôrene” og er de gode nok?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: