Har feittklasse på slakta kyr betydning for mjølkeavdråtten?

november 28, 2010 at 7:30 pm Legg igjen en kommentar

Av Ingunn

I helga har eg sitte å skrive manus til innlegg på Husdyrforsøksmøtet som skal vere 14. og 15. februar. Fristen er 1.desember, så med 5 stk så er det berre å stå på for å få dei ferdig. Det eine innlegget er om korleis feittklasse hos slakta kyr påverkar mjølkeavdråtten. Feittklassen seier noko om hold på kyrne ved slakting, og holdet er jo viktig for både avdrått og helse….. Med opplysningar om holdet på kyrne kan ein betre berekne behovet for vedlikehold og tilvekst gjennom laktasjonen, og ein kan få eit betre uttrykk for effektiviteten i mjølkeproduksjonen. I dag blir kg EKM per kg opptak av tørrstoff (eller per energienhet) mykje brukt som mål for effektivitet. Men sidan mobilisering og avleiring har mykje å sei for effektiviteten vil det vere ein stor forbetring å få eit uttrykk der dette kan inkluderast.

Holdet på kyrne varierar mykje mellom besetningar, og kroppsvekta aleine seier lite om holdet. I dag er det ikkje obligatorisk å holdvurdere i kukontrollen, og derfor manglar mange besetningar opplysningar om holdet på kyrne. Derfor ser vi etter andre måtar å vurdere holdet på, og her kjem feittklasse frå slakta kyr inn som eit alternativ. I dag nyttar vi slaktevekter for å finne kroppsvektene til kyrne i besetningane og på same måte ønskar vi å finne ut om vi kan bruke opplysningar om feittklasse til å kunne sei noko om holdet. I første omgang har vi derfor sett på om feittklasse kan relaterast til mjølkeavdråtten kyrne hadde før dei blei slakta. Kyr som er slakta eit stykkje ut i laktasjonen (200 til 365 dagar etter kalving) og som har hatt ein periode med mjølking før dei blei slakta er brukt til å lage mjølkekurver. For å redusere antal kurver så er feittklassane på same talnivå slått saman og representerer klassane ”feittfri” (-1,1,+1), ”tynt feittlag” (-2,2,+2), ”normalt feittlag” (-3,3,+3), ”rikeleg feittlag” (-4,4,+4) og ”store feittmengder” (-5,5,+5).  

Figur 1 viser modellering av mjølkekurver for 3.laktasjonskyr for kvar av dei 5 feittklassifiseringane. Kurvene viser at kyr klassifisert som ”feittfrie” har ei flatare mjølkekurve enn kyr frå dei andre feittklassane, dvs. at dei ikkje kom like høgt i toppavdrått og at nedgangen etter toppen er mindre. Kurvene viser at til feitare kyrne er til høgare i avdrått ligg dei, men forskjellen i avdrått er størst etter at toppen er nådd 4-7 veker etter kalving. Frå toppavdrått og utover i laktasjonen viser kurvene at til meir feitt kyrne har på kroppen til raskare fell avdåtten. Kyr i 2., 4. og >=5.laktasjon hadde tilsvarande kurver som 3.laktasjonskyrne, altså til feitare kyrne er til meir toppa er laktasjonskurvene. For kyr i 1.laktasjon hadde feittklassifiseringa liten betydning for mjølkekurvene.

Figur 1. Mjølkekurver for ulike feittklassar.

Figur 2 viser berekna 305-dagars avdrått for 3.laktasjonskyr med ulike feittklassifisering. Kyr med numerisk høgast 305-dagars avdrått er kyr klassifisert med ”tynt feittlag” (-2,2,+2). Kyr i feittklassane nærmast desse (”feittfrie” og ”normalt feittlag”) har ikkje nemneverdig  lågare avdrått, men 305-dagars avdråtten synk jamnt til feitare kyrne er. For kyr med rikeleg feittlag (+/- 4) og kyr med store feittmengder (+/- 5) er avdråtten redusert med respektive 5,2 og 8,9 %. Tendensane var lik for kyr frå 2.laktasjon og høgare laktasjonar som for 3.laktasjonskyrne presentert her. Det ein skal vere litt oppmerksom på med desse kurvene er at feittmengda desse kyrne har ved slakting sannsynlegvis er lågare enn dei hadde ved kalving, at dei ikkje har nådd tilbake til holdet ved kalving. Det kan vere årsak til at kyr med «tynt feittlag» kjem numerisk best ut. Sannsynlegvis hadde dei eit hold som var nærmare «normalt feittlag» ved kalving.

Figur 2. Berekna 305-dagars avdrått for kyr i ulike feittklassar.

Desse berekningane viser kor viktig holdet er for mjølkeavdråtten. Så håpar eg de synes det var interessant å få nokre tal som viser det, og at vi kan få nytte av feittklassane til å lage gode berekningar for behov og effektivitet.

Reklamer

Entry filed under: Fôringsstrategier, Generelt. Tags: , , , , , , .

Sammenheng mellom brystmål og vekt Feittklasse og utrangeringsårsaker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: