1-års jubileum!

november 12, 2010 at 8:59 pm 2 kommentarer

Av Ingunn

Hipp hipp hurra!! I desse dagar fyller bloggen vår 1 år. Etter at vi starta opp i november i fjor, så har vi hatt i alt 46893 treff på sida (inkludert helg og helligdagar). Det var flest innom bloggen i november i fjor ved oppstarten, men elles har det vore ganske jamn aktivitet fram til sommaren med  i gjennomsnitt 100 til 150 innom kvar dag. Så følgde ein periode i ferien med liten aktivitet, og litt ”treghet” utover hausten, men så er vi oppe igjen på 152 treff i gjennomsnitt per dag hittil i november. Vi har vore fornøgd med at det er såpass mange som har vore innom bloggen vår i denne oppstartsfasen. Men vi trur det kan vere greitt med ei evaluering for å sjå om vi kan gjere den betre og vil gjerne ha innspel frå dykk som føl med på bloggen.

Vi har hatt 52 innlegg i denne tida. Nokre av innlegga er korte, men dei fleste er lengre faglege innlegg. Vi lurer på om vi har nådd eit passe høgt fagleg nivå på innlegga, eller er innlegga for lange og vanskelege (evt. for enkle)? Er det for få innlegg og for lite aktivitet? Elles er vi opne for å høyre om kva de synes om bloggen generelt og om de har andre tips til oss. Vi ønskar å ta opp tema som de er opptatt av og tar gjerne imot forslag til tema som de vil vi skal skrive om.

Så ikkje ver redd for å kommentere, vi tåler både ros og ris :o)

Advertisements

Entry filed under: Generelt.

Redusér melkefeber med fôringa! Sammenheng mellom brystmål og vekt

2 kommentarer Add your own

  • 1. ingmar  |  november 18, 2010, kl. 2:12 pm

    Har med stor interesse lest bloggene deres titt og ofte, faglig påfyll er slettes ikke dumt. Til tider kan nok innleggene være litt for videnskapelige, men sånn må det jo være. Har en ide til tema dere kan skrive om: Hvilke negative effekter kan for høyt ureainnhold i melka/blodet gi. Tenker da spesiellt på abort/ kasting.

    Svar
  • 2. Ingunn  |  november 18, 2010, kl. 8:17 pm

    Hei Ingmar
    Takk for innspel om bloggen og tema til innlegg. Høge ureaverdiar er eit veldig aktuelt tema. Vi har lenge skulle sett meir på det, og eg har så vidt begynt å sjå på urea i kukontrollprøver. Her er planen å sjå på sammenheng mellom urea og fruktbarheit, i tillegg til avdrått og proteinprosent. Skal også sjekke litteraturen om eg kan finne noko om abort/kasting.
    mvh
    Ingunn

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: