Sur vom – er det eit problem hos oss?

oktober 20, 2010 at 10:14 pm 4 kommentarer

Av Ingunn

Eg las nokre artiklar i Dansk Kvæg som omhandla temaet sur vom. I den eine artikkelen ”Sur vom er alminnelig i mange besetninger” kan ein lese at sur vom er vanleg i hollandske og danske besetningar. Ei hollandsk undersøking viste at 13,7% av kyrne lir av subklinisk vomacidose, men i enkelte besetningar var opp mot 38% av kyrne ramma. I artikkelen var det påpeika at subklinisk vomacidose også kan vere eit alvorleg og generelt problem i Danmark, og det er satt i gang undersøkingar i besetningar med mistanke om tilfeller. Kva så med dei norske kyrne, har vi også mange kyr som lir av denne vanskeleg påviselege sjukdomen?

Sur vom, sublinisk vomacidose eller SARA (Sub Acute Ruminal Acidosis) som den også kallast, er gjerne sett på som eit management-problem, det vil sei at det ofte er fleire dyr i besetningane som er ramma. Sur vom har stor økonomisk betydning fordi fôropptaket, ytelsen og fôreffektiviteten går ned. Det er også relatert til auka tilfelle av løpedreining, laminitis, leverbyller hos slakta kyr og låg feitt% i mjølka.

Sur vom kjem først og fremst av ein ubalanse i fôringa, med mykje lettfordøyelege karbohydrat (kraftfôr) slik at pH i vomma synk og fiberfordøyinga blir redusert. I ein annan artikkel ”Kræs for vommen – eller køerne bliver sure” står det mykje om betydningen av pH i vomma, og at den ikkje må bli under det kritiske nivået på 5,5 i fleire timar i døgnet. Men pH i vomma er jo ikkje lett å måle i praksis, og artikkelen tar for seg ei lang rekkje punkt med teikn som ein kan gå gjennom for å sannsynleggjere sjukdomen hos enkeltkyr/grupper av kyr. I denne artikkelen står det også trinnvis korleis ein skal gå gjennom fôrplanen og andre faktorar relatert til fôring/utfôring. I ein annan artikkel ”Sortering på fôrbordet kan være årsak til sur vom” står det at sortering av fullfôret er utbredt i besetningar med SARA, og det er gitt ei liste med tiltak for å redusere sorteringa. Mykje bra tips altså! Den siste artikkelen er frå ein stor besetning som hadde problem med at ytelsen fall men dei greidde ikkje å sjå kvifor. Det blei kobla inn ny rådgjevar og veterinær til å løyse problema, og den artikkelen kan du lese her.

Så var det våre eigne kyr. Eg blei nysgjerrig på kva vi har av registringar på sur vom i kukontrollen, og leita fram sjukdomskodane. Sur vom står ikkje som eigen kode og eg plukka derfor ut dei kodane som eg trur sur vom (viss det er registrert) kan ligge under, og havna på indigestion (forskjellige typar fordøyelsesproblem) og mage-tarmbetennelse. I tillegg tok eg med koden for kolikk/leieforandring/løpedreining, sidan den kan relaterast til sur vom og vomproblem. Antal registrerte tilfelle av desse sjukdomane frå 2006 til 2009 er vist i figuren under.

Figuren viser at antal registrerte tilfelle av indigestion har gått ned sidan 2006 til 2009, medan det har vore relativt stabilt for mage-tarmbetennelse og løpedreining. Tar ein summen av desse tre sjukdomane for 2009 vil det gi 5830 registreringar. Det vil sei at av ein populasjon på ca. 200 000 kyr så vil ca. 3% av kyrne ha ein av desse formene for fordøyelsesproblem. Videre er desse registreringane fordelt på 3446 produsentar, altså 1,7 tilfelle pr. besetning. Desse sjukdomstilfella, viss dei fangar opp sur vom, ser alså ikkje ut til at å vere noko stort problem hos oss. Men eg lurer på, blir det tilkalt veterinær og registrert som sjukdomstilfelle dersom det er mistanke om sur vom pga feil fôring? Sannsynlegvis berre i ekstreme tilfelle. Eg må innrømme at eg ikkje blei så mykje klokare, og lurer fortsatt på om sur vom er eit problem i Norge? Er det nokon som kan gi meg nokre svar?

Reklamer

Entry filed under: Helse og produksjonssykdommer. Tags: , , , , , , .

Bedre økonomi med grovfôranalyser! Høg avdrått og feittprosent

4 kommentarer Add your own

  • 1. Ragnar Vikingstad  |  oktober 24, 2010, kl. 6:33 am

    Det finnes to artikler som bör leses om sur vom ,en fra Lantbrukets affärer mjölk nr 2 i 2009 og en som dyrlege Martin Kavanagh hadde i et av Buskap i 2009.Foringsrelaterte sydommer i norske besteninger.Artikkelen til Kavanagh tar opp hva en kan se etter for å oppdage sur vom på et tidlig tidspunkt .Det kom signaler fra rådgivere den gang at dette ikke var et problem i Norge.
    De signalene vi bör se etter ifölge Martin Kavanagh tror jeg mange har sett om de tenker seg om.
    Kyr som skitner seg til på krysset
    Kyr som har ömme bein og klauver .
    Svulne/såre haser
    Kyr som ikke har halen i en avslappet stilling,holder den litt utifra
    Drövtyggeballer i båsen

    Svar
  • 2. Ingunn  |  oktober 24, 2010, kl. 7:07 am

    Takk for tipset. Skal leite fram artiklane du refererer til.
    mvh
    Ingunn

    Svar
  • 3. Arve Vignes  |  oktober 25, 2010, kl. 10:03 am

    Ein dansk rådgiver,Jens Østergaard hevdet at dette er et stort problem og påvirker sjukdomsrisikoen til kyr. Han synte til at ved sur vom ble det synlege merke i klauvhornet i den perioden kua har sur vom. Klauva veks ca 0,5 cm pr mnd og ein kan såleis berekna i kva periode dette har skjedd. Ellers er det ein del som har under 3.9 prosent feitt i melka. Truleg har fleire av desse vomgjæring som ikkje er optimal, og taper i tillegg pris på melka.

    Svar
  • 4. Ingunn  |  oktober 25, 2010, kl. 9:16 pm

    Det er kjent at mykje lettfordøyelege karbohydrat kan påverke klauvene også, og det var interessant å høyre om korleis ein kan påvise problem med sur vom på klauvhornet. Eg vil kanskje tru at med vår avdrått på ca. 7000 kg og kraftfôrmengder på ca. 37% så er problemet med sur vom ikkje særleg stort, men kunne vore interessant å sjå litt på besetningar med høg avdrått, om det kan påvisast noko ut frå tala der, også på fett%. Lurer også på om sur vom kan bli ført som ketose, sidan kua ofte stoppar å ete og gjerne mobiliserar ein del.
    mvh
    Ingunn

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggere like this: