305-dagars avdrått for ulike rasar

oktober 4, 2010 at 11:41 am 3 kommentarer

Av Ingunn

Her i vinter fikk vi spørsmål om vi kunne lage statistikkar som viser avdrått for dei ulike rasane tilsvarande det som blir vist i årsstatistikkane. Dette er vanskeleg å få til, men eg har gjort eit kjapt utplukk av 305-dagars avdrått og -kraftfôrforbruk for dei 5 vanlegaste rasane som er registrert i kukontrollen. I desse berekningane er det tatt med kyr som har kalva etter 1/1-08 og som har fullført 305 dagar av laktasjonen. Videre har dei fått berekna ein 305-dagars avdrått etter dette. Kyr som ikkje har fått berekna 305-d avdrått innan 1.mars 2010 er  ikkje med. Det betyr at ei ku kan vere med fleire gongar dersom ho har fullført 305-d laktasjon og fått berekna avdrått i denne perioden. Sidan ei ku kan gå igjen med fleire laktasjonsavdråttar i desse berekningane så har eg valgt å referere til antal laktasjonar istadenfor antal kyr som ligg bak berekningane.

Det er desidert flest NRF kyr med i kukontrollen og desse utgjer heile 210 414 laktasjonar fordelt på 11 485 unike produsentar. Den nest største rase-gruppa er krysningar som også er tatt med her, og dei har 7330 laktasjonar fordelt på 2356 produsentar. Kva som inngår i desse krysningane har eg ikkje sjekka, men det er sannsynlegvis mykje krysningar med NRF. Vidare er det 1506 laktasjonar frå Jersey (frå 433 produsentar), 743 laktasjonar med Sidet Trønder og Nordlandsfe (STN; frå 229 produsentar) og 924 laktasjonar med Holstein (frå 243 produsentar).

Avdrått og kraftfôrforbruk (305-d) for dei ulike rasane er vist i figuren under (Figur 1). Her ser vi at NRF og krysningane ligg omtrent likt i 305-d avdrått med ca. 6800 kg. Jersey og STN ligg 1440 og 2600 kg under, medan Holstein ligg1380 kg over NRF. Holstein har høgast kraftfôrforbruk, tett etterfølgt av NRF og krysningane, medan STN ligg atskilleg lågare. Reknar ein ut kva kraftfôrforbruket blir pr.100 kg mjølk viser det at Holstein har lågast med 25,8 FEm medan STN har 26,1 FEm. NRF, krysningane og Jersey har resp. 28,8 FEm, 27,2 FEm og 31,3 FEm per 100 kg produsert mjølk. Så kan ein jo spekulere i kva desse forskjellane skuldast, om det er forskjell i grovfôropptak og/eller mobiliseringsevne.

Figur 1. 305 dagars avdrått og kraftfôrforbruk hos 5 ulike rasar registrert i kukontrollen. 

Figuren (Figur 2) under viser kva innhald av feitt- og protein% dei ulike rasane har. Også desse dataene er henta frå 305-dagars avdråtten, og er altså berekna gjennomsnittsverdiar ut frå det som er registrert av kontrollar på kvart dyr. Som venta ligg Jersey atskilleg høgare spesielt i feitt%, men også i protein%, medan feitt og protein er ganske likt mellom dei andre rasane.

Figur 2. Gjennomsnittleg feitt- og protein% berekna for 305 dagars avdrått for ulike rasar i kukontrollen.

Til slutt vil eg stille eit par spørsmål: kan NRF-kua bli like god som Holstein på ytelse og effektivitet eller krev den mykje kraftfôr for å prestere? Kva med STN som til tross for låg ytelse kjem ut som ei relativt effektiv ku dersom ein reknar effektivitet som kraftfôr per mengde produsert mjølk?

Advertisements

Entry filed under: Generelt. Tags: , , , , , , , .

Tør døkk stole på høgt grovfôropptak ? Pass på frie fettsyrer i kumjølk

3 kommentarer Add your own

  • 1. KABS  |  oktober 6, 2010, kl. 9:24 am

    Det vil jo være mange faktorer som spiller inn her. Bl.a er det vel ofte at STN blir brukt i økologiske besetninger og dermed får lav kraftforandel. Holstein blir vell ofte brukt av de som er ekstra opptatt av ytelse og foring, slik at disse produsentene ville kanskje fått til bra tall uansett?
    I tillegg må en ta med at NRF er hovedrasen her til lands, og selv om det er veldig mange dyktige produsenter som har NRF, vil de fleste av «middels og dårlige bønder» inneha NRF. Hvis du velger en annen rase er du ofte mer interessert og gjerne dyktigere (men selvfølgelig ikke nødvendigvis), og ønsker å utnytte spesielle egenskaper. Eks Holstein-ytelse, Jersey- fett/protein, STN beite/økologisk/besøksgårder..

    Svar
  • 2. Ingunn  |  oktober 8, 2010, kl. 9:29 am

    Hei, og takk for bra kommentarar. Oppdaga nettopp at kommentaren eg trudde eg sendte i går ikkje ligg her, så eg får prøve igjen….
    Er heilt einig med deg når det gjeld valg av andre rasar enn NRF, at det er ein grunn for det. Trur også at det er veldig stor variasjon på NRF-kyr på på disse berekningane, og at mange vil ligge på nivå med Holstein. Dette uttrykket seier lite om kor effektive dyra er men gir eit uttrykk for kor mykje kraftfôr som er brukt til å produsere mjølka.
    mvh
    Ingunn

    Svar
  • 3. Åse Flittie Anderssen  |  oktober 10, 2010, kl. 12:49 pm

    Hei, dette var spennande. Men eg trur det er ein faktor til ein må ha i bakhugu her – og det er geografi. Er det slik at f.eks. jersey i hovudsak finst på Jæren; og Holstein kanskje Rogaland og Østfold ??
    I så fall er dei i områder med generelt meir allsidig grovfôrdyrking og truleg gjennomsnittleg meir næringsrikt grovfôr. Avdråtten i Østfold og Rogaland er vel generelt også høg. Så viss det er geografisk «slagside» i kvar «dei andre rasene» finst, trur eg kanskje samanlikningane blir rettast ved å berre bruke data innan same fylke.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: