Tør døkk stole på høgt grovfôropptak ?

september 21, 2010 at 1:33 pm 8 kommentarer

Av Åse

Nå har eg lyst til å skrive litt om fôrplanlegging når grovfôrkvaliteten er god. Da blir tilrådde kraftfôrmengder i TINE OptiFôr såpass låge at nokre bønder kvir seg for å gje så lite….

Eg har samanlikna fôrrasjonar for to surfôrprøver på ein gard:

* uNDF er gram ufordøyeleg NDF / kg NDF (NDF er fiber). Gjæringskvaliteten var litt betre i den energirike prøva enn i den seint hausta.

Eg rekna fôrplan for ei vaksen NRF-ku, 600 kg levandevekt, i laktasjonsveke 10, og med ulike dagsavdråttar. Resultata vart slik:

For kua på 32 kg EKM vart berekna surfôropptak 15,6 kg TS av «energirikt surfôr», og 12,0 kg TS av «seint hausta surfôr».

Tør døkk bruke så lite kraftfôr som tabellen viser for det energirike grovfôret ? Går det bra, eller minkar mjølka for fort da ?

Eg var så heldig å få delta på ein fôringsdag for rådgjevarar i Danmark nyleg. Åshild Taksdal Randby hadde to innlegg om resultat i forskningsprosjektet «Mer og bedre grovfôr» ved UMB, eitt på mjølkekyr og eitt på oksar. Nokre av desse resultata vart også presentert på sluttseminaret til prosjektet, og den presentasjonen finn de her. Det eg har kalla «energirikt surfôr» i tabellen min, er ørlite dårlegare enn «Svært tidlig høsta surfôr» i UMB-forsøket.

Stutt fortalt viste UMB-forsøket at kyrne som fekk det nevnte surfôret og 0, 4 el. 8 kg kraftfôr attåt, åt 15-18 kg TS surfôr. OptiFôr’s utrekningar gjev altså omlag det same. Forsøkskyrne som ikkje fekk kraftfôr, mjølka 20-24 kg på berre grovfôr. Kyrne som fekk 12 kg kraftfôr mjølka mindre enn dei som fekk 8 kg!

Med godt gjennomført appetittfôring med energirikt grovfôr skal det vera mogleg å produsere mykje mjølk på lite kraftfôr. Det må vera noko å satse på for alle som har rikeleg fôrgrunnlag.

I eit dansk forsøk som også vart gjennomgått på fôringsdagen i Danmark, prøvde dei 4 ulike kvalitetar av gras/kløver-surfôr. Det vart brukt 1/3 maissurfôr og 2/3 gras/kløver-surfôr, og fôrrasjonar der grovfôret utgjorde 50 % eller 80 % av tørrstoffet. Forsøket viste berre litt høgare ytelse på lågaste grovfôrandel (+0,5 kg EKM). Men samansetjinga av mjølka var nokså forskjellig; 80 % grovfôr i rasjonen gav klart høgare fett-% og lågare protein-% enn berre 50 % grovfôr i rasjonen. Tidleg slått (NEL20 6,5-6,6 MJ/ kg TS) gav 1,7-2,0 kg EKM høgare dagsytelse enn sein slått (NEL20 6,0-6,1 MJ/ kg TS).

Det skulle vore artig å høyrt litt her på bloggen om kva erfaringar døkk har med kraftfôrlister oppsatt i OptiFôr. Får døkk den forventa avdråtten – enten døkk har eit «energirikt surfôr» som i eksemplet mitt, eller når døkk har noko som liknar meir på «seint hausta surfôr» ?
Advertisements

Entry filed under: Fôringsstrategier. Tags: , , , , , .

Korleis har kvigene hatt det på beite ? 305-dagars avdrått for ulike rasar

8 kommentarer Add your own

  • 1. Jørn V  |  september 21, 2010, kl. 7:43 pm

    Hei

    Mitt inntrykk med bruk av Optifòr (og tidlig slått surfòr, litt helsæd og høy), er at det er mulig å spare penger på kraftfòr. Eg liker godt å sjå på kva rasjonen koster pr kg EKM. Enkelte rasjoner er nede i kr 0,80 pr kg EKM og andre ganger når kvalitet ikkje er god er det like mange ører over 1 kr / kg EKM.

    Men.. Optifòr velger proteinrike kraftfòrslag som er speeda opp med fett for å gi høgt energi innhald (eks: toplac). Dette gir lågt sukker / stivelse innhald og mykje protein i rasjonen. Det skal da gis svært lite kraftfòr pr ku. Eter kua for lite grovfòr pga av vonde bein, brunst eller noko anna kan det fort gå gale med kraftfòr/grovfòr forholdet.

    Eg syns difor ikkje at dette passer så godt for kuvomma med denne typen fòr. Difor tvinger eg Optifòr til å bruke eit kraftfòr som i hovedsak er laga av fleire ulike kornslag (melketopp). Antall kg kraftfòr per ku blir kanskje eit par kg høgare, men prisen pr ku / dag blir ubetydlig høgare. Sukker / stivelses innhaldet er høgare og protein innhaldet kan avpasses bedre.

    Svar
    • 2. Åse Flittie Anderssen  |  september 22, 2010, kl. 11:09 am

      Hei, og takk for interessante synspunkt. Det du skriv om lite sukker og stivelse er ein diskusjon vi har gåande blant fôringsrådgjevarar i TINE nå også, sikkert basert på tilbakemeldingar frå bønder. Teknisk sett er det enkelt i OptiFôr å ta med f.eks. stivelse (g/kg TS) eller sukker+stivelse (g/kg TS) i optimeringa, via Beregning –> Egendefinert oppsett. Men NorFor har ikkje satt inn forslag til min.- el. maks.-grenser på desse parametrane. Så da må vi evt. ha ei meining sjølve om kva det skal vera. Eg veit at danske NorFor-kollegaer seier noko om minst 80 g og maks. 200 g stivelse pr. kg TS, men har ikkje erfaring sjølv med kor godt dette passar.
      Har du sett noko på kva verdiar du har ve d f.eks. 20 – 30 – 40 kg mjølk, når du synest at fôrplanen fungerer optimalt i buskapen din ?
      Og så håpar eg at fleire bønder vil dele sine erfaringar med oss her på bloggen. Da kan vi rådgjevarar bli betre etter kvart.

      Åse

      Svar
  • 3. Jørn V  |  september 23, 2010, kl. 7:02 am

    Hei

    Eg er ikkje redd for å bruke dei låge kraftfòrmengdene som du foreslår i denne artikkelen. Kraftfòret er da sansynlivis eit protein og energirikt kraftfòr som f.eks TopLac Høg.Men visse forutsetninger vil eg leggje til grunn. Sukker + stivelsesinnholdet må da til ein viss grad dekkes opp i grovfòrrasjonen. Da tenker eg på fòrslag som helsæd, myse, fòrsukkerbeter, brød eller grassurfòr med høgt.sukkerinnhald.

    Eg har ikkje sett på ulike nivå for sukker + stivelse til ulike mjølkemengder pr ku. Det beste er likevel at det er minst mulig forskjell på dei ulike fòrgruppene.

    Eg meiner at ToppTeam fòring bør sette eit minimum og maks nivå ut frå kva f.eks danskane tilrår. Dei har lang erfaring med å rekne på dette.

    Svar
  • 4. Noralv  |  september 23, 2010, kl. 8:49 pm

    Hei Jørn V!

    Kjempebra at du tar opp dette med sukker og stivelse! Er selv veldig oppmerksom på og opptatt av denne problematikken. Har en veldig klar oppfatning av at de fleste «toppkraftfôrene» legger veldig mye vekt på å «spare» vommiljøet og det er da lite energi for å få vomma til å fungere optimalt. Det er faktisk ganske så stor variasjoner mellom leverandørene i råvarevalgene i de «beste» kraftfôrsortene.

    Det er ganske så naturlig at OptiFôr tar inn de energi- og proteinrike kraftfôrene da de gir høyt grovfôropptak. Muligens er prisdifferensieringa mellom dem også for lav? Det er heller inge tvil om at mange preges av et «jag» etter høy avdrått, selv om dette kanskje ikke er det beste alternativet i alle besetninger.

    Du klarer naturligvis å dekke opp noe av sukker+ stivelse gjennom den grovfôrrasjonen du skisserer, men det er nok ikke tilstrekkelig om en skal ha en brukbar avdrått.

    Det er flere som skulle ønske at OptiFôr var «magisk» i form av at det burde kreve maks ett trykk og vips var resultatet der. Men det er et faktum at flere parametre blir vurdert av oss fôrignsrådgiverne, enn det som står som standard.

    Når det gjelder nivåene så vil disse variere med det avdråttsnivået du skal ha. Med økende avdrått kreves mer sukker+ stivelse. Det finnes artikler på dette der minimum ligger på 150 g stivelse+ sukker pr. kg TS ved avdrått rundt 7000 kg, mens på 9000 kg er denne anbefalt til 250 g stivelse+ sukker pr. kg TS.

    Harald Volden har også skrevet en del artikler der det nevnes noe om nivåer på sukker og stivelse. Han kan nok også gi noen kommentarer relatert til dette.

    mvh Noralv

    Svar
    • 5. Åse Flittie Anderssen  |  september 24, 2010, kl. 6:40 pm

      Hei !
      Nå har eg akkurat vore på ei fôringsrådgjevarsamling i TINE Øst med Harald Volden. Han hadde laga ei øvingsoppgave til oss som handla om heilsæd i ein fullfôrmix, nettopp for å skaffe meir stivelse i rasjonen. I store delar av landet er kanskje heilsæd den mest aktuelle kjelda – myse, maissurfôr, fôrsukkerbeter osv. er det jo ikkje tilgang på / dyrkingsvilkår for så mange stader. Ved å lage proteinrikt grassurfôr og kombinere med heilsæd vil vi få bra med stivelse utan å måtte bruke veldig mykje protein-kraftfôr. Men eg er litt skeptisk til heilsæd hjå dei som ikkje får kutta denne massa godt, og helst blanda det saman med anna surfôr. Kva tenkjer døkk om det ?
      Sjølv om vi ikkje veit dei perfekte grenseverdiane enda, bør vi vel begynne å setja enten minstekrav til vombelastninga eller minstekrav til sukker og stivelse i optimeringa av fôrplaner.

      Svar
  • 6. Jørn Viste  |  september 25, 2010, kl. 8:47 am

    Hei, eg velger nå bruke fult navn, så eg ikkje blir forveksla med navnebroren min i Tine. Jørn V er Jørn Viste.

    Ja, eg er enig at helsæd av bygg eller kveite er det mest aktuelle her i Norge! Helsæd som dekkvekst er intressant i dei fleste vekstskifta i grasområda, og kan være med å betre engkvaliteten.

    Kor mykje helsæd kan ein bruke? Eg har ikkje fullfòrvogn, men legg helsæd i botn av TKS vogna og ein halv grasballe over. Begge surfòrslaga er kutta med ei 23 knivs rundballepresse. Kyrne sorterer lite i fòret, men det er viktig at helsæden ikkje er for tørr, og eg kan nok ikkje gi meir enn 15-20 % ts med helsæd. Er fòret eksaktkutta eller om ein har fullfòrvogn kan ein sikkert gi meir.

    Med sukker eller stivelserikt fòr må ein passe seg for ettergjæring / varmgang. I 2008 hadde 1.slåtten min 170 gr sukker pr kg ts. Med baller var ikkje dette noko problem, men i ein tårnsilo eller plansilo er eg usikker på kor lagringsstabilt dette er. Rein bygghelsæd i plansilo skulle etter gammel lærdom frå Danmark være noko usikker lagringsstabil. Roetopp over bygghelsæd skulle gjære denne meir lagringstabil. Bygg-erte-helsæd skal være meir stabil enn rein bygg.

    Slåttetidspunkt for helsæd. Harald Volden har tidligere i år skreve at ut fra finske forsøk så er slått 3 veker etter skyting passe tid for bygghelsæd. Ein dansk brosjyre seier 4-5 veker etter skyting. Ein dansk rådgiver he på Jæren anbefalte 6 veker. Kva er rett?

    Eg har sjølve prøvd 3 veker dette året, men det ga altfor lågt stivelsesinnhold! Byggsortane eg har prøvd er to korte torads sortar, som er gode på sopp og mjøldogg. Eg hadde etter ein rest med Gustav, men hovedsorten var Helium. Mitt inntryk var at Gustav mata kornet tidligere enn Helium. Sortar som er korte, sjukdomsresistente og som mater kornet mens akset holder seg grønt lenge, trur eg er dei beste sortane. Er det nokre kornbønder som har erfaring med dette, og kva vil dere anbefale?

    Men i rundballer meiner eg at det er betre å være litt for tidlig enn for sein, og fortørkinga må være kort. Med direktehaustande eksaktkutter kan ein nok være seinare.

    Svar
    • 7. Åse Flittie Anderssen  |  september 26, 2010, kl. 7:27 pm

      Takk for mange praktiske innspel på korleis ein skal få til vellykka surfôr av heilsæd ! Eg har ikkje nokon «fasit» på kva som er rett haustetid, men tek med denne tabellen frå eit svensk forsøk:

      Kjemisk samansetjing i bygg heilsæd (frå eit svensk forsøk, seksradsbygg)
      Skyting Tidleg Tidleg
      mjølke- deig-
      modning* modnig*
      Tørrstoff, g/ kg 369 356 416
      Råprotein, g/kg TS 129 124 100
      NDF, g/ kg TS 500 433 411
      Stivelse, g / kg TS 2 63 162
      * Mjølkemodning: Kornet er grønt, og ”mjølk” kan pressast ut.
      Deigmodning: Akset er fortsatt ganske grønt, og kornet har deigaktig innhald. Ca. 3-4 veker etter skyting.

      I artikkelen var det faktisk tilrådd å hauste ved mjølkemodning til mjølkekyr, men ved deigmodning til kviger og oksar – som får mykje mindre kraftfôr. Det var også nevnt noko om at kornet blir for hardt dersom ein haustar for seint.

      Svar
      • 8. Åse Flittie Anderssen  |  september 26, 2010, kl. 7:29 pm

        Huff da, tabellen såg OK ut da eg limte den inn, men ikkje nå !
        Det fyrste talet i kvar rad, gjeld ved skyting.
        Det midterste gjeld ved tidleg mjølkemodning.
        Det siste gjeld ved tidleg deigmodning.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: