Følg med på urea i tankmjølka

august 20, 2010 at 9:25 am Legg igjen en kommentar

Av Ingunn

Urea i mjølk gikk ned i gjennomsnittsverdi frå 5,7 i 2007 til 5,1 i 2009 (leverandørmjølk). TINE anbefalar at urea både i tankprøver og kukontrollprøver bør ligge mellom 3 og 6 mmol/l. Gjennomsnittsverdien ligg dermed godt innanfor anbefalt nivå, men med ein viss skjevheit i fordelinga. Figuren under viser korleis prøver av tankmjølk frå 2009 fordeler seg på ulike ureanivå. Der ser vi at det er ca 20% av prøvene som ligg over 6 mmol/l, medan berre 2,5% av prøvene ligg under 3. Det kostar pengar å sløse med proteinet, dessutan skal ein tenke miljø i desse tider. Derfor er det viktig å holde ureanivået nede på eit akseptabelt nivå. Det har vore mykje diskusjon om kor uheldig det er å komme over 6 mmol/l med tanke på redusert fruktbarheit. I litteraturen så er det registrert problem med fruktbarheit når urea kjem opp på ca. 7 mmol/l. Vi i TINE skulle ha kontrollert og revurdert anbefalte ureaverdiar på norske data, men dette er ein stor jobb og foreløpig forheld vi oss til vårt gamle anbefalte nivå (3-6 mmol).

Urea er først og fremst eit mål på utnyttelsen av protein, men den er i sterk grad påverka av energiforsyninga. Eg vil ikkje gå meir inn på teorien rundt urea i dette innlegget, men gi ei kort anbefaling om korleis ureaverdiane kan tolkast og justerast for å komme innanfor normal-området. For dei som er interessert så finst det mykje stoff om urea på nettet (søk t.d. i Google). Innholdet i den gamle ureabrosjyra finn du her. Ein skal også vere obs på at det er ein del forhold som vil ha betydning for tolking av urea i tankmjølk, t.d. om det er konsentrert eller spredd kalving og fôringsrutiner. Er det spredd kalving vil enkeltkyr kunne avvike mykje frå ei tankanalyse, men ei tankprøve vil gi nyttig informasjon om fôrrasjonen generelt er balansert når kurne får det same fôret.

Låge urea-verdiar

Lågare enn 3 mmol/l tyder på at kyrne har underskot på protein, men det kan også vere generell svak fôring. Viss kyrne mjølkar bra, protein % er god, og det elles ikkje er problem med helse og fruktbarheit, indikerar låge urea-verdiar at det er bra synkronisering mellom energi og protein, og at utnyttelsen av proteinet i rasjonen er god. Det er då ikkje nødvendig å endre på dette. Er nemnte faktorar ikkje gode bør ein auke PBV, og eventuelt vurdere å auke fôrnivået.

Høge urea-verdiar

Høgare enn 6 tyder på at proteinet vert dårleg utnytta. Det kan som skuldast fleire forhold som både overfôring med protein, underfôring på energi eller begge deler.

  • Viss kyrne mjølkar bra og protein % er bra men urea er høg (<6 mmol/l) indikerar dette at det er muligheit for å spare pengar og redusere N-tap, og mulig å oppnå ein helse/fruktbarheitsgevinst ved å redusere urea-nivået. Redusere den totale proteinforsyninga, med særleg vekt på PBV. Pass på at AAT-forsyninga er dekt. Slike endringar bør gjerast forsiktig, og ein bør følgje godt med på avdråtten, protein % og ureanivået. I fôringssituasjonar med høgt fôrnivå og gjerne god grovfôrkvalitet med relativt lågt fiber (NDF) innhald, kan det vere aktuelt å gi betefiber (roesnitter). Betefiber inneheld mindre protein og mykje celleveggstoff som blir langsomt brote ned i vomma, og har dermed positiv virkning på vom-miljøet. Samtidig har betefiber høg fordøyelegheit og derfor relativt høg fôrverdi. Det kan også vere aktuelt med betefiber som tilskudd til høgtytande kyr på godt beite med lite fiber (NDF lågare enn 42-45%).  
  • Viss kyrne ikkje mjølkar bra og protein % eventuelt er låg, tyder dette på at det er for mykje nedbrytbart protein i fôret og at vom-mikrobane ikkje er istand til å utnytte det. Vurder å redusere PBV. I slike tilfelle kan det vere nødvendig å gi meir raskt nedbrytbare karbohydrat, evt. auke mengda av ikkje-nedbrytbart protein i fôret eller begge deler. Meir raskt nedbrytbare karbohydrat får ein då lettast ved å auke kraftfôrmengda. Mykje NH3 i vomma gir ein høg omdanning til urea, og dette er ein er ein energikrevande prosess og vil derfor forsterke ein eventuell situasjon med energimangel.

Ein skal vere obs på at urea-verdiane kan ligge innanfor normal-området, men at ein likevel har underskot på næringsstoff, problem med protein%, fruktbarheit, osv. Det er derfor viktig å ta fôranalyser og bruke TINE Optifôr for å balansere fôringa på ein best muleg måte.

Advertisements

Entry filed under: Fôrmiddelvurdering. Tags: , , , , , , , .

Ny sesong – nye muligheiter Tiltak ved grovfôrmangel i melkekubesetninger

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: