Brosjyre om oppdrett av kvige

juni 8, 2010 at 8:30 am Legg igjen en kommentar

Av Ingunn

Det har blitt skrive ein del om kvigeoppdrett her på bloggen, og vi i TTF har no laga ei brosjyre om oppdrett av kviger til rekruttering i mjølkeproduksjonen. Dette er ei brosjyre som tar for seg litt om mål for kvigeoppdrettet, kva som er viktig å legge vekt på, anbefalt vektutvikling og korleis ein skal gå fram for å nå måla. Det er også laga nokre eksempel på fôrplanar for både haust- og sommar fødde kalvar som blir sleppt på beite av ulik kvalitet. Brosjyra finn du i pdf-format i fagbiblioteket under fôring-kviger medlem.tine.no, og ein treng ikkje å vere innlogga for å få tilgang til den.

I brosjyra er har vi anbefalt at kvigene bør vere 560 kg ved kalving på 24 månaders alder dersom ein ønskar ein årsavdrått på minst 8000 kg. Skal kvigene vere eldre ved kalving vil det ofte koste meir å fôre dei fram, medan ein innkalvingsalder på under enn 23 månader vil auke sjansen for kalvingsvanskar. Dersom ein ønskar høg avdrått er det viktig med store kyr fordi dei har ein større kapasitet til å ta opp fôr enn små kyr. Kviger som er store ved kalving vil også bruke mindre energi på å vokse etter kalving, men dette er relativt sett av mindre betyding enn eit auka fôropptak. Ei kvige er ikkje utvaksen før i 4-5 laktasjon og skal gjerne vekse 40-50 kg i 1.laktasjon. Eit stort behov for å vekse etter kalving og samtidig ha lågt fôropptak hos små dyr gir derfor dårlig utgangspunkt for ein høg avdrått. Figuren under viser utvikling i kroppsvekt gjennom laktasjonen for 1.laktasjonskyr i besetningar med høgast avdrått kontra besetningar med lågare avdrått. Det er her plukka ut dei 25% av besetningar med høgast avdrått (>7636 kg mjølk pr årsku) og samanlikna desse med dei andre besetningar (75% lågaste; <7636 kg pr årsku). Kroppsvektene er basert på brystmål registrert i kukontrollen med data for tre år (2007-2009) og inneheld 68.785 brystmålingar.

Figuren viser at innkalvingsvekta på kvigene i besetningar med høgast avdrått er på 562 kg. Dette er 14 kg høgare enn innkalvingsvektene i dei andre besetningane (548 kg). I gjennomsnitt for heile perioden er forskjellen i kroppsvekt på ca. 20 kg. Det går også kortare tid å få tilbake innkalvingsvekta for kvigene i besetningar med høgast avdrått (35-37 veker) enn for kvigene frå dei andre besetningane (43 veker). Det vil sei at kvigene brukar sinperioden til å oppnå kalvingsvekta i 2.laktasjon. Det vil krevje ein tilvekst på 580 g/dag med ein sinperiode på 60 dagar for å oppnå ei kroppsvekt på 583 kg, som er gjennomsnittsvekta ved kalving for 2.kalvskyr i kukontrollen basert på brystmålsdata.

Advertisements

Entry filed under: Kvigeoppdrett og kjøttproduksjon. Tags: , , , , , .

Å lykkes med beiting er krevende – god planlegging er viktig Husdyrforsøksmøtet 2011

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv


%d bloggers like this: