Sinkufôring – grunnlaget for neste laktasjon
januar 23, 2012 at 4:47 pm Åse Legg igjen en kommentar
Av Åse
Vi i Topp Team Fôring har fokusert mykje på sinkufôringa i det siste, og nå har vi laga ei brosjyre om dette. Mykje av grunnlaget for gode produksjonsresultat og god dyrehelse blir lagt nettopp i sintida.
Brosjyra innheld litt om mål og problemstillingar i sintida, ein teoridel om fôropptak og næringsbehov, praktiske råd i dei tre periodene vi deler sintida inn i , og til slutt eksempel på fôrplaner for sinkyr. Brosjyra omhandlar i hovudsak fôringsspørsmål, slik tittelen tilseier. Men vi har fått Helsetjeneste storfe til å skrive om sjølve avsininga, med fokus på korleis ein skal sikre god jurhelse i komande laktasjon. Brosjyra inneheld også aktuelle tiltak for å redusere faren for mjølkefeber. Heile brosjyra finn du i pdf-format i fagbiblioteket under fôring –> mjølkeku på medlem.tine.no, og ein treng ikkje å vera innlogga for å få tilgang til den. Eller du kan kontakte TINE-rådgjevar for å få brosjyra.
Vi deler inn sintida i tre perioder slik figur 1 viser, og her er det også vist kva som er hovudfokus i dei tre periodene. Legg merke til at vi tek med dei tre fyrste vekene etter kalving som ein del av sintida, sjølv om det pr. definisjon ikkje er heilt rett. Men vi gjer dette fordi opptrappinga med kraftfôr etter kalving er så viktig for å få ein god start på ny laktasjon.
Figur 1. Inndeling av sintida i tre perioder. 
I brosjyra tilrår vi at kyrne får 7- 8 veker sintid. Færre veker kan gje redusert avdrått og auka risiko for dårleg jurhelse. Lengre sintid fører lett til for feite kyr som er meir utsatt for sjukdomsproblem og dårleg fruktbarheit. Lang sintid vil også gje høgare fôrkostnader.
Det er ein stor fordel å kunne skilje sinkyrne frå mjølkande kyr og gje sinkyrne mindre energirikt grovfôr for å unngå at dei legg veldig på seg. Fôrplanane er satt opp med utgangspunkt i ulike praktiske situasjonar; f.eks. om det er tilgang på halm eller ikkje, eventuell bruk av fullfôr og om det er ein eteplass pr. ku i sinku-avdelinga i lausdriftsfjøs. Utan tilgang på halm bør noko av graset haustast ved blomstring for å kunne gje sinkyrne nokonlunde fri tilgang på surfôr utan at dei blir feite. Idêelt grovfôr for sinkyr er noko anna enn det som er idêelt for mjølkande kyr !
Med dette håpar vi at mange av lesarane våre får lyst til å lesa den nye brosjyra vår også !
Entry filed under: Fôringsstrategier. Tags: feite kyr, jurhelse, mjølkefeber, sinkufôring, sintid.


Trackback this post | Abonner på kommentarene via RSS-strøm