Blogg-statistikk
januar 15, 2012 at 7:45 pm Åse Legg igjen en kommentar
Av Åse
Ved årsskiftet dumpa det inn ein e-post frå wordpress.com til meg, med statistikk om bruken av Topp Team Fôring-bloggen i 2011. Her står det at vi hadde 40.000 «treff» dette året, dvs. 110 lesarar pr. dag i gjennomsnitt. Lesarane kjem sjølvsagt i hovudsak frå Norge. Statistikken viste likevel at det har vore innom folk frå det meste av verda, til og med frå Afrika. Men det er vel ikkje så lett å forstå det vi skriv om for folk utanom Norden…
Vidare stod det at vi la ut 51 nye innlegg gjennom året i 2011, og at vi til saman har hatt 111 innlegg sidan vi starta bloggen i oktober / november i 2009.
Den travlaste dagen på bloggen i heile 2011 var 2. desember, med 264 visningar. Og det temaet som var mest sett denne dagen var «Svensk film som skryter av NorFor».
Det innlegget som har fanga desidert mest interesse i blogg-«historia» vår så langt, var eitt som hadde tittelen «Hvilken fullfôrblander skal jeg velge» utlagt i november 2010. Da var vi oppe i 842 visningar på ein dag på det meste. Dette er utan tvil også det innlegget som har utløyst flest kommentarar, heile 93 stk. I middel ligg vi på 4 kommentarar pr. innlegg, og skulle gjerne ynskt oss fleire ! Bloggen er meint både som ein informasjonskanal og som ein arena for erfaringsutveksling og diskusjon. Vi oppfordrar lesarane til å delta aktivt i det nye året.
Entry filed under: Generelt. Tags: blogg-statistikk.


Trackback this post | Abonner på kommentarene via RSS-strøm